11.03. Kampoppsett 5.-divisjon |
|
|
Hareid 2-trenar Rune Husø Johansen har sendt oss terminlista for 2010. | |
| >> | |
10.03. Kamp mot Skavøypoll fredag |
|
|
Vi kjem med meir info om den kampen torsdag. Det er også snakk om ein kamp mot Volda neste veke, men den er ikkje stadfesta. Oppdatert treningskampoversikt: Tysdag 15. desember: Ørsta - Hareid 3-0 | |
10.03. Statistikkhjørnet: Even er i gang |
||
Statistikkhjørnet etter 3-2 mot Skodje onsdag: | ||
10.03. Hareid - Skodje 3-2 |
|
|
Hareid spelte ingen stor kamp mot Skodje på Hareidsmyrane tysdag kveld, sjølv om sigeren for så vidt var fortent. - 1. omgangen vår var like dårlig som 2. omgangen mot Åram/VanKam sist. Heldigvis heva vi oss utover i 2. omgang, oppsummerer trenar Bjørge Worren. Hareid leia 1-0 ved Even Hansrud, men Skodje utlikna før pause. Tore Ytre-Hauge sende Hareid opp igjen i leiinga igjen etter kvilen, men nok ein gong utlikna Skodje. Til slutt sørga eit nytt mål av Even Hansrud for at sigeren vart verande igjen på Hareidlandet. - Skodje var ikkje noko dårleg lag. Dei var kanskje på nivå med ÅVK, som slo oss sist. Skodje hadde ein god midtbanespelar som såg ut til å halde høgt 3.-divisjonsnivå (Eirik Hjelvik red. anm.), og hadde elles mange fysiske spelarar, meiner Bjørge Worren. Kampfakta: | |
10.03. Benny fyller år |
|
Benjamin Slettebakk fyller 20 år i dag. "Benny" debuterte på a-laget seinhausten 2008, og var i fjor spelande assistenttrenar på juniorlaget. Han har så langt 13 a-kampar for Hareid. Så det er framleis eit stykke opp til pappa Jon Olav "Dennis" slettebakk sine 285. Vi gratulerer Benny med dagen! | |
10.03. Divisjonsomlegginga - ikkje så ille likevel? |
|
|
Kanskje ikkje, for eit reknestykke gjort av Valder viser at ei 3.-divisjonavdeling neste år kan bestå av heile 11 lag av 14 moglege. Noko som vil redusere både utgifter og reiser for sunnmørslaga om alternativet skulle vere mange turar til Nordmøre og Trøndelag. Ikkje det at vi håper at 2.-divisjonslaga rykker ned, men dette kunne jo ha vore ei kjekk og lokal avdeling: SIF, AaFK 2, Herd, Brattvåg, Volda, Spjelkavik, Bergsøy, Hareid, Rollon, Larsnes/Gursken, Molde 3, Elnesvågen, Rival, Vestnes Varfjell. Her tar vi utgangspunkt i at Herd taper kvaliken mot Træff, at Larsnes/Gursken rykker opp, Rollon blir med som beste sjuar + fire tilfeldig valte lag frå Romsdal. | |
08.03. Preview Hareid - Skodje |
|
|
Dag og tid: Onsdag 19.30, eventuelt nokre minutt før om laga som er der før kampen er ferdige å trene. Saka er oppdatert med tropp | |
| >> | |
09.03. Redusert senioralder |
|
|
Denne sesongen blir det innført ei prøveordning som senkar aldersgrensa på spelarar i senior-og juniorfotballen. Spelarar som fyller 15 år inneverande sesong kan spele seniorfotball, medan spelarar som fyller 14 år inneverande sesong kan spele juniorfotball. Dette vart bestemt på fotballtinget helga som var. | |
05.03. Tøff opning for Hareid 2 |
|
|
Hareid 2 startar seriespelet alt 14. april, noko som er to dagar før 3.-divisjon opnar. Slik blir det i ale fall om ikkje terminlistemøtet neste veke endrarar oppsettet. Motstandar i første kamp er Sunnylven, som i fjor spelte i 4.-divisjon. Deretter møter Hareid 2 tre andre gode lag; Sæbø, Kvamsøy/ÅVK2 og Hovdebygda. Mykje å bryne seg på i starten med andre ord. | |
08.03. Hareid 2 opna med 7-2-tap mot Hasundgot |
||
Hareid 2 spelte måndag sin første treningskamp for året. Laget hadde berre hatt ei utetrening før kampen, og hadde derfor ikkje ambisjonar om anna enn å få seg ei god treningsøkt. Alle dei 16 spelarane i troppen fekk mykje speletid. Hasundgot har komme lengre i førebuingane, og leia 2-0 alt etter tre minutt. Hareid kom sterkt tilbake, og var spesielt gode den siste halvtimen av omgangen. Mål av Anders Eidsvik og Espen Beiermann førte til 2-2. André Nupen burde ha sett i 3-2 til fordel Hareid, men i staden scora han sjølvmål eitt minutt seinare slik at det var Hasundgot som leia til pause. 2. omgang var til tider jamnspelt, men Hasundgot var det klart mest effektive laget. Georg Olsen herja stort sett som han ville, og scora heile fem mål denne kampen. Sluttresultatet vart 7-2. Uansett ei god gjennomkøyring, og HIL 2 viste også eksemplarisk åtferd denne kampen. Espen Beiermann var Hareid sin beste spelar. Hareid sitt lag: Håkon Lonbakken - Paul Magne Worren, Arve Vestnes, Stian Garnes, Gunnar Johann Ringstad - Anders Eidsvik, Ivar André Aadland, Espen Beiermann, André Nupen, Christian Aasmo - Dag Gøran Brandal. | ||
06.03. Endeleg gode kampforhold? |
|
|
Etter nokre veker med elendige speleforhold på Hareidsmyrane stadion og stort sett alle andre baner rundt om på Sunnmøre - ser vi endeleg lys i enden av tunnelen. Det er nemleg meldt fleire plussgrader, vind og regn dei neste dagane. Hareid har planlagt to treningskampar komande veke, og slår vermeldingane til går vi ut i frå at kampane vil bli spelt på Hareid. Og at vi dermed har reist til Eid for siste gong i år. I tillegg skal Hareid 2 spele sin første treningskamp for året. Planlagde treningskampar komande veke: * Måndag 21.00: Hareid 2 - Hasundgot | |
05.03. Skuerunde: Ørrå BB |
||
Eit på papiret godt Hødd 2-lag tapte fredag 3-1 borte mot Træff. Ifølgje Hødd si nettside var Ørjan "Ørrå" Engen Grimstad banas gigangt i oppgjeret. Kjekt å høyre for oss hareidsdølingar. Resultat frå ulike kampar denne helga: Torsdag: AaFK II - Vigra 8-1 Fredag: Træff - Hødd II 3-1 Laurdag: HaNo - Godøy AVLYST Søndag: Volda - Vartdal | ||
06.03. Steffen tilbake til Stranda |
||
Du hugsar kanskje Steffen Lilleås, som spelte nokre kampar for Hareid i fjor? Kanskje ikkje årets bombe på overgangsmarknaden, men no er han tilbake i Stranda, skriv klubben si nettside. Steffen kom til Hareid saman med kompisen Andreas Kurseth i fjor vinter, men til hausten forsvann Steffen og Torgeir Rusten til Geiranger, der dei skulle tene nok pengar til å bu ein periode i Liverpool. Dei reiste i oktober og kjem snart heim seier rykta. I sitt relativt korte Hareid-opphald var Lilleås ein del plaga med skadar, men han glimta til ved nokre høve. Vi hugsar best målet hans heime mot Godøy i andre serierunde, og den enorme innsatsen hans (skulle ikkje vere fysisk mogleg med tanke på kor dårleg trena han var) i 4-3-sigeren borte mot Brattvåg. Vi ønskjer Steffen lykke til i Stranda, og skulle Torgeir Rusten gå same veg så får han den same helsinga. | ||
06.03. Divisjonsomlegginga vedteken |
|
|
Det betyr at det blir massenedrykk frå årets 3. og 4.-divisjon. Meir om denne saka seinare. | |
06.03. Husøy i to hundre |
||
Statistikkhjørnet etter 3-4 mot Åram/VanKam: | ||
06.03. ÅVK - Hareid 4-3, men verre med Ronny-strekk |
|
|
Hareid tapte laurdag sin første kamp i år etter ein heller svak kamp mot Åram/VanKam på Eid. - Vår klart svakaste kamp til no i år. Vi brende mange opplagde sjansar sjølve, samtidig som det var veldig dårleg kvalitet på forsvarsspelet og pasningsspelet. Mange elementære feil rett og slett. Men mykje verre enn at vi tapte denne kampen er at Ronny har fått seg ein stygg strekk på baksida av låret som vi halde han på sidelinja til rundt seriestart, oppsummerer Bjørge Worren. Ikkje akkurat nokon gåvepakke til Hareid-leiren, som frå før av har Eiliv-Tore Howlid på langtidsskadelista i den relativt tynne stallen. Kampfakta: | |
06.03. I dag skal det avgjerast |
|
|
Viktigare enn alle slags treningskampar denne helga er forbundstinget, som skal avgjere om det blir divisjonsomlegging eller ei. Avgjerdsla kjem truleg "etter lunsj" laurdag får vi opplyst. | |
05.03. Tore er myndig |
|
Hareid-spelar Tore Bjørge Mjønes fyller 18 år i dag. Tore ser ut til å bli den einaste spelaren Hareid hentar før denne sesongen som ikkje har spelt for oss tidlegare. Den kondisjonssterke kantspelaren som kjem frå Hødd har vist lovande takter så langt, og vil garanterte melde seg på i kampen om ein plass i førsteellevaren når seriestarten kjem. Uansett; gratulerer med dagen! | |
04.03. Åram/VanKam - Hareid laurdag |
|
|
Sjekk all infoen du treng før avreise. | |
| >> | |
04.03. Ny funksjon på nettsida |
||
Historikk-komiteen til Hareid-sida har i dag laga til ein ny funksjon kalla "kampprogram". Vi har scanna inn framsider, midtsider og anna frå kampprogram frå 1975, 1979, dei fleste sesongane på 80-tala og 1992. Vi kjem etter kvart også med fleire program frå 90-talet. Du finn dei ved å trykke på kvart årstal under historikken. | ||
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 | 32 | 33 | 34 | 35 | 36 | 37 | 38 | 39 | 40 | 41 | 42 | 43 |