02.02. Hareid - Larsnes/Gursken 5-3
Ja så skulle "nye Larsnes/Gursken" spele sin første. Motstandar var vårt kjære Hareid - som stod med ein siger og eitt tap i treningskampane før kveldens oppgjer.
Store delar av G/L sitt lag held 3.-divisjonsstandard og vel så det på papiret. Bortelaget stilte slik frå start av: Øystein Vik Myklebust - Alf Marius Grønnevik, John Harald Ristesund, Tor Arne Dyrhol, Marius Gunnarstein - Preben Sætre, Leiv Sindre Muren, Oskar Gunnarstein, Anders Vaagen - Christoffer Rekdal - Eivind Michael Myklebust. Thomas Sætre Hauge og Jan Åge Fjørtoft mangla.
Hareid starta kampen best, og var totalt dominerande den første halvtimen. Mykje bra spel frå heimelaget, men det skorta litt (eller ein god del faktisk) på avslutningane. 1-0 etter den perioden var noko i underkant. Ronny Jørgensen scora målet. Den siste kvarteret før pause skifta kampbiletet seg drastisk. Lufta såg alt ut til å ha gått ut av Hareid, medan L/G plutseleg fekk meir sjølvtillit og angrepsvilje. 1-1 kom etter at Preben Sætre skaut ballen via ein Hareid-spelar og i mål. Like etter kom også 1-2 ved Eivind Michael Myklebust , noko som også var pauseresultatet.
I 2. omgang hadde ikkje L/G allverda å by på. Med unntak av nokre få minutt i starten eigde Hareid kampen. Derfor var det litt overraskande at L/G la på til 3-1 si sin favør etter ca. 60 minutt. Vagn Scheide Mork såg ut til å ha fista eit godt skot over, og både spelarar og publikum belaga seg på femmeter. Men ballen gjekk faktisk opp på tverliggaren og ned igjen på bana, og der stod ein vaken Asle Johansen heilt åleine og trilla ballen over mållinja.
Resten av kampen kan oppsummerast ved hjelp av 14 bokstavar: Ronny Jørgensen. Dei siste 20 minutta scora han nemleg fire mål. To av dei var etter nydelege innlegg frå Jan Robin Haraldsvik og Steffen Uldbæk, dei andre kom etter litt fram og tilbake rundt 16-meteren.
Så då gjekk altså sigeren til Hareid, som alt i alt spelte ein varibal kamp der det svinga mykje spesielt med tanke på presisjon i ballberøringane. L/G viste at dei har mykje inne når ting fungerer, spesielt framover på bana. Men det vart tydeleg at dei gule og svarte har trent lite med ball på full bane i år. Dei var uansett mange mange hakk betre enn ÅVK som Hareid møtte sist. Vi trur at L/G fort blir å finne i 3.-divisjon neste år...
Kampfakta:
Treningskamp, 2. februar, Hareidsmyrane stadion:
Hareid - Larsnes/Gursken 5-3 (1-2)
MÅL Hareid: Ronny Jørgensen 5
MÅL L/G: Preben Sætre, Eivind Michael Myklebust, Asle Johansen.
Dommar: Richard Hunstad, Hjørungavåg IL
Hareid: Vagn Scheide Mork - Joachim Røyset, Joachim Moldskred, Eiliv-Tore Howlid, Steffen Uldbæk - Svein Inge Nesset, Erdal Aydin *, Tore Ytre-Hauge, Benjamin Reite - Ronny Jørgensen, Even Hansrud.
* Georg Gaasø spelte dei to-tre første minutta før Erdal Aydin, som kom rett på jobb, fekk på seg fillene.
Innbyttarar: Robert Ulfstein, Christer Adrian Mork, Jan Robin Haraldsvik, Georg Gaasø, Benjamin Slettebakk.