08.03. Preview Hareid - Skodje

Dag og tid: Onsdag 19.30, eventuelt nokre minutt før om laga som er der før kampen er ferdige å trene.
Bane: Hareidsmyrane stadion
Dommar: Richard Hunstad, Hjørungavåg IL

Saka er oppdatert med tropp

Hareid sin tropp:
Vagn Scheide Mork, Svein Inge Nesset, Joachim Røyset, Joachim Moldskred, Steffen Uldbæk, Benjamin Reite, Tore Ytre-Hauge, Even Hansrud, Kim-Tore Husøy, Håkon Orten Trovåg, Jan Robin Haraldsvik, Georg Gaasø, Ivar André Aadland, Dag Gøran Brandal, Robert Ulfstein, Joar Møller, Remi Helleseth, Christer Adrian Mork, Fredrik Bøe.
(Dette er også troppen til fredagens kamp mot Polljen)

Oppmøte: 18.37

Om kampen:

Dette blir Hareid sin niande treningskamp sidan det nye regimet tok over i desember. Prestasjonane har variert voldsomt. Å slå Tornado Måløy 1-0 var veldig sterkt, men det var ikkje nokon kjempeprestasjon akkurat å tape 4-3 mot Åram/VanKam helga som var. Det er spesielt i midtforsvaret at Hareid slit for tida. Spelarar som aldri tidlegare har spelt der har steppa inn der bake. Det vil bli eit stort pluss om rutinerte Eiliv-Tore Howlid snart kjem seg på føtene igjen, men det kan ta si tid ettersom han må operere kneet. Ronny Jørgensen har vist veldig lovande takter så langt i vinter. Derfor var det veldig synd at han drog på seg ein stygg strekk mot ÅVK. Han blir neppe klar på nokre veker. Erdal Aydin er også på skadelista. Han må få orden på ryggen før han kan begynne å spele fotball igjen. Kjell Roger Skarshaug har trakka over, og ventar framleis på sin Hareid-kamp nummer 100. Tore Mjønes er også ute, men det er grunna skuletur. Det er altså eit relativt redusert Hareid-lag som møter Skodje onsdag kveld.

Skodje og Hareid er gamle kjende, som har møtt kvarandre både i 3. og 4.-divisjon fleire gonger tidlegare. Men no er det nokre år sidan sist. Skodje spelte nemleg fleire sesongar i 5.-divisjon før dei endeleg lukkast i å rykke opp i fjor haust. Det tok litt tid før Skodje fann seg trenar framfor denne sesongen, men i månadsskiftet januar-februar klarte dei å signere Roger Furnes, med breid fartstid i FK Sykkylven og AaFK. Gultrøyene frå forstaden har i likheit med mange andre lag fått avlyst ein del treningskampar i vinter. Dei har fått gjennomført to - med 4-1-tap mot FKS og 3-1-siger mot Harøy som resultat. Vi har ein mistanke om at Skodje er på omtrent same nivå som ÅVK. Deira to beste spelarar er i utgangspunktet Eirik Nesset Hjelvik og Bjørnar Aure, men sistnemde mistar heile sesongen grunna skade.

Sidan det er divisjonsforskjell mellom laga skal i utgangspunktet Hareid vinne denne kampen, trass nokre viktige forfall. Men prestasjonane frå ÅVK-kampen må utvilsamt hevast om det skal gå.

PS. Det er ikkje ofte Skodje er på Hareidlandet. Derfor vel dei å få med seg fleire kulturelle opplevingar når dei først tek turen. Etter kampen reiser dei rett ned på Verona for å sjå det dei rekk av Champions League-oppgjeret mellom det engelske fotballaget Manchester United og velkjende AC Milan.

Generalsponsor


Sponsorar