21.05. Fredrik til Porsgrunn!

Fredrik Aursnes er utteken i utfordrargruppa under G15-landslagssamlinga i Porsgrunn til sommaren. Vi gratulerer!


21.05. Ny siger til G14

Les referatet -->


21.05. Les kampprogrammet

Fotballstyret har leigd inn journalist Einar Orten Trovåg til å redigere dagens kampprogram, som han har sett saman i samarbeid med Kim Lillebø og Libra.

Også til dagens kamp (Hareid - Rollon, om du lurte) har fotballstyret laga til eit kampprogram. Og denne gongen er det meir interessant innhald enn nokon gong før. Les mellom anna om rekordspelaren Fredrik Aursnes. Og det utrulege målsnittet til Ronny Jørgensen, og andre Hareid-spelarar med nase før mål. Vi har også utarbeida ein liten statistikk med nokre av dei minst (!) mårfarlege Hareid-spelarane sidan oppstarten i 1946. Og ja, ein av dagens Hareid-spelarar kjem dårleg ut.

Programmet er gratis til alle tilskodarar.

Førehandsomtale av Hareid - Rollon fire hakk lengre ned.


21.05. 4.-divisjon: La/Gu til topps

I likheit med 3.-divisjon er nivået under også svært spennande i år. Eitt lag tar kjøkenvegen opp i nye 2 1/2.-divisjon, fire-fem held plassen i 4.-divisjon, medan resten rykkjer ned. Og laget som no ser ut til å kunne ta kjøkenvegen opp er Larsnes/Gursken. Langevåg tapte overraskande stort borte mot ÅVK i går, og det gjorde at La/Gu kunne ta tabelltoppen med siger i Sykkylven. Noko dei klarte etter reint bur og scoringar av Anders Vaagen og Leiv Sindre "Løfsa" Muren. Bak La/Gu kjem det fleire lag som kan blande seg inn om opprykket, medan eit lag som Vigra alt etter hekta av - og må konsentere seg om å unngå nedrykk.

Tabellen
Alt om 4.-divisjon


20.05. Vurdering av 3.-divisjonsrunden

Fredag:
* Brattvåg - Herd: Brattvåg tapte for første gong i år då dei møtte Bergsøy 16. mai. Herd har 15 poeng av 15 moglege, og ser ut til å cruise inn mot seriegullet (om ikkje Bergsøy heng seg på). Kampen går på gras, og det er klar Brattvåg-fordel. Herd skal vere favoritt i alle kampar dei spelar i år, men kjem aldri til å vinne alle, og får det ikkje lett i Brattvågen. U
* Stranda - Hødd 2: Dei blå frå Vik gjer som dei vil på heimebane. Slit meir borte. Stranda har ikkje vunne sidan serieopninga. Imponerte fint lite mot Hareid sist, men då spelte dei store delar av kampen utan Kato Vangen. Denne kampen er sett opp på kunstgras, og det er fordel Hødd 2. Trur nok dei vil springe ihel Stranda utover i kampen - som dei gjorde mot Norborg sist. B
* Spjelkavik - Valder: Valder har ikkje fått nokon god start på sesongen, med fire poeng av 15 moglege. Må snart begynne å vinne kampar om dei skal overleve. Vika har tapt to og vunne to. Er eit litt betre lag enn Valder på papiret, men denne kampen kan fort bli veldig open. Og snart løsnar det vel for Team Hole Oksnes Elde? B
* Hareid - Rollon: Hareid i fin flyt med to strake sigrar. Rollon har ikkje fått det til så langt. Fasiten er eitt poeng på fire kampar. Som vanleg blir det tøft og jamt og lite finspel når desse to laga møter kvarandre, og tilfeldigheitene avgjer oftast kven som vinn. Tippar med hjartet. H
* Godøy - Volda: Sist runde tok Godøy sitt første poeng. Lokaloppgjeret mot Valder enda 3-3. Denne kampen går på grasbana til Godøy, der dei fleste lag får problem (inkludert Herd). Men Volda skal vere eit mykje betre lag enn Godøy. Og Volda treng i aller høgste grad tre poeng. B
Tysdag:
* Norborg - Bergsøy. Det kan verke som at Norborg er på retur etter den gode sesonginnleiinga. Vart nedkjempa av Hareid (1-3) og fråsprunge (ifølgje rapportane) av Hødd 2 (0-5). Mot Hødd klarte dei berre å leite fram 13 spelarar. Bergsøy viste igjen styrke då dei slo Brattvåg sist. Har framleis høve til å henge på Herd. Skal vinne denne kampen greitt. B


20.05. Hareid får ny spelar

Marius Rise som Loket-spelar mot Hareid 2 og André Skotheim i 2009.

Marius Rise blir truleg Hareid-spelar frå ca. 10. juni og ut september. Han spelar for tida i Lokomotiv Oslo, men skal vere heime nokre månadar før han flyttar til Spania til hausten. Dermed får Hareid sårt tiltrengt dekning på midstopparplass, sidan Eiliv-Tore Howlid er langtidsskadd og André Egset Nupen flyttar til Bergen etter sommaren. Marius burde vere eit kjent fjes (trass tynnare lugg enn før) for dei fleste som kjenner Hareid-fotballen. 1981-modellen var eit fast innslag i forsvaret frå 1999 til 2006. I 2005 vart han også kåra til årets Hareid-spelar. I 2007 skulle Rise ha seg eit pauseår frå fotballen, men ut på sommaren vart han lei av sofatilveret og gjorde comeback. Det vart nokre kampar på han hausten 2007 og vinteren 2008 - men så flytta han til Oslo. På Lokomotiv Oslo har han vore fast stoppar sidan den gong, og ifølgje våre kjelder gjort sine saker meget bra. Rise har 182 Hareid-kampar og seks mål. Det formelle rundt overgangen er ikkje ordna endå, men etter det Hareid-sida erfarer har kasserar i fotballgruppa Vagn Scheide Mork full kontroll på situasjonen.


19.05. Fredag: Hareid - Rollon

Joachim Moldskred er ein av Hareid sine formspelarar. Han har tilpassa seg den nye midtbanerolla si veldig godt etter å ha starta sesongen som stoppar. Her er han mot Stramda. Even Hansrud i bakgrunnen.

Runde 6 i 3.-divisjon

Kampstart 18.30

Hareidsmyrane stadion

Pausekamp med Hareid sine 2003-lag

Vel møtt!


19.05. Frustrasjon rundt Bergsøy 2-lagoppstilling

Bergsøy 2 vann i dag 7-0 heime mot Haddal. Eit Haddal-lag som er kraftig forsterka sidan i fjor har hatt marginane mot seg så langt denne sesongen, og hadde håpt på poeng i Fosnavågen. Men etter det Hareid-sida erfarer vart Haddal-leiren alt frustrerte før dei kryssa kommunegrensa. For Bergsøy varsla på si nettside at dei skulle bruke åtte a-lagsspelarar, inkludert dei utanlandske spelarane Mantas Grigaitis og Andrius Petreikis. Uansett, Bergsøy har nok ikkje brote noko reglement - men folk frå lokalfotballen som har kontakta Hareid-sida synest lagoppstillingar a la den Bergsøy 2 stilte ikkje har noko å gjere i 5.-divisjon.

Hareid 2 har ikkje kamp denne runden.

Tabell.


19.05. Gutelaget vann

Langevåg 2 – Hareid 0-1 (0-0)

Mål: Fredrik Aursnes

Lagoppstilling (4-3-3): Kristoffer Åsmo Riise, Aksel Bakken, Lars Bastian Reite, Erlend Nydal, Sujeth, Thanussan Tharumalingam, Fredrik Aursnes, Martin Mork Breivik, Fredrik Andresen, Peder Alme, Thadsjainan.

Innbyttarar: Emil Hareide, Marcus Hatløy, Andreas Fure.

Tilbakemeldingane seier at Hareid dominerte banespelet, og burde vunne med større siffer. Fortjent siger til gutane, som no har 3 sigrar og eit tap på sine fire spelte kampar.

Ref.

PS. Fredrik Aursnes har scora både for a-lag, junior og gutelaget siste veka.


19.05. Småguttelaget slo Volda i går

Les referatet -->


18.05. Juniorlaget tapte

5-1.

Les referatet.


18.05. 3.-divisjon: Hødd 2 knuste Norborg, forbi Hareid

Hødd 2 er eit veldig godt heimelag, noko dei levna liten tvil om då dei møtte Norborg på Høddvoll tysdag kveld. Etter ein mållaus 1. omgang netta Andreas Sørgård Olsen, Eirik Heltne (2) og Robin Hjelmeseth (2) for blåtrøyene, og sluttresultatet vart dermed 5-0. Storsigeren gjorde at Hødd 2 klatra forbi Hareid på tabellen.


18.05. Marching on together, men no kjem ein kritisk periode

Kaptein Tore Johan Ytre-Hauge og Ronny Jørgensen feira scoring mot Stranda.

Vi låner eit omgrep som eit nyopprykka Championship-lag nyttar; "Marching on togehther". For i dei to siste kampane har Hareid levert sterke resultat, 3-1 borte mot Norborg og heile 6-2 heime mot Stranda. Fram mot sommaren følgjer sju viktige kampar. Med dårleg uttelljing her får Hareid eit svakt utgangspunkt før haustsesongen, medan ein god fangst gir eit tilsvarande godt. I fjor tok Hareid berre tre poeng på dei sju siste før ferien. I år bør vi i alle fall ha ni for å ha noko å spele for i haust (eller ein har jo alltid noko å spele for). På dei sju neste skal Hareid møte Rollon, Hødd 2, Bergsøy, Herd, Volda, Valder og Godøy.

Neste kamp er heime mot Rollon fredag klokka 18.30. Vi kjem med meir info onsdag.


18.05. Uldo fyller år

Steffen Uldbæk under ein treningskamp i vinter.

Steffen Uldbæk rundar 27 år i dag. "Uldo" kom til Hareid før 2009-sesongen, og vart kåra til årets spelar på første forsøk. Tidlegare hadde han spelt i moderklubben Hødd, Lokomotiv Oslo og Bergsøy. Vi gratulerer Uldo med dagen!


17.05. Ny juniorkamp tysdag

Etter ett knepent tap heime mot Langevåg leitar vi igjen fram att skorna å gjer oss klar til dyst borte mot Blindheim. Det vi veit om Blindheim er at dei tapte 3-1 heime mot Langevåg, altså det same som oss. Så dette kan tyde på at det blir ein jamn kamp. Vi slit fortsatt med ein del skader, Robin ligg endå med kyssesykja, Antoni har knekt handa etter eit uhell, Ingar er ikkje heilt 100 % enda, i tillegg for oss ikkje bruke Audun grunna smågutekamp. På tross av dette skal vi kunne klare å stille eit greitt lag. Det står oppført at det er graskamp. Oss reiser på 17:00 ferga. Desse stiller bil: Geir Brandal, Ann L. Bjerkvik, Ruth Farstad og Ingar Liaset.
Troppa: Kevin Hestholm, Marcus Gjerde, Ingar Liaset, Akilan, Aksel Røyset Bakken, Kirti, Jon-Ove Røren, Khasi, Arthur Hareude, Georg Gaasø, Stian Brandal, Fredrik Aursnes, Håkon Orten Trovåg, Joachim Røyset, Martinus Bjerknes, Venthan, Fredrik Andresen

Av: "Kaffi"


16.05. 3.-divisjon: Bergsøy back on track

Ein kamp vart spelt i 3.-divisjon avdeling 17 på fotballens nasjonaldag. Brattvåg tok leiinga i Fosnavågen etter 44 minutt ved Even Heggdal. Men i 2. omgang kom Bergsøy tilbake. Mål av Kjetil Steinsvik Paulsen og Frank Sverre Skorpen gjorde at resultatet vart 2-1. Med 12 poeng av 15 moglege har dermed Bergsøy heng på serieleiar Herd - som har full pott. Brattvåg har 10, eitt meir enn Hareid på 4.-plass. Dei fire nemde laga har spelt fem kampar. Det vil seie at Norborg, Hødd 2 og Spjelkavik kan skyve Hareid lengre ned på tabellen når deira hengekampar er spelte.


15.05. Fire lagsider er oppe og går

Kevin "Kaffi" Hestholm er stødig referent for juniorlaget. Her her han fotografert som kaffihentar under Hareid - Brattvåg.

Fire av "lagsidene" våre er no oppe og går. Det er våre fire eldste lag på gutesida; gutelaget, junior, HIL 2 og a-laget. Dei tre førstnemde finn du under Andre HIL-lag. Der har vi lagbilete, referat frå alle kampar og anna info for junior og HIL 2. Gutelaget si side er nettopp starta opp. Vi får no inn referat frå kvar kamp derifrå. Og om nokon kan sende eit lagbilete av dei, så er det berre å gjere det.

A-laget har si eiga side under A-laget 2010. Der finn du info om mykje og mangt.

Frå dei andre laga i fotballgruppa høyrer vi sjeldan noko. Men det er berre å sende inn referat og bilete frå cupar og kampar (sjekk "malen" sendt frå yngres tidlegare i år). Vi lagar gjerne til eigne sider for dei laga som sender referat jamleg.

PS. Har ikkje høyrt noko frå det eldste jentelaget i år. Har PC-en din slutta å virke, Hans Jostein?


15.05. 3.-divisjon: Uavgjort i Battle of Giske, Herd best i byn

To 3.-divisjonskampar vart spelt fredag kveld. Som vi tippa (forutsåg), spelte Valder og Godøy uavgjort. Godøy leia faktisk 3-1 ein periode, men Valder kom tilbake utover i kampen. Dermed kan vi gratulere raudtrøyene med deira første poeng i år. Valder på si side har fått ein svak start på årets sesongen, med fire poeng på fem kampar.

Som vi også spådde, viste Herd seg å vere nokre hakk sterkare enn nabo Spjelkavik. Med 4-1-siger er Herd ubesigra etter fem rundar.

I morgon møter Brattvåg og Bergsøy kvarandre. Vinn Brattvåg, vil dei berre vere to poeng bak Herd. Tek Bergsøy med seg alle poenga, går dei forbi både Brattvåg og Hareid.


13.05. Statistikkhjørnet: Ikkje "historisk", men historisk

Statistikkhjørnet etter 6-2-sigeren mot Stranda.
* "Historisk" skreiv lokalavisa om Fredrik Aursnes sin debut i går. Vel, no har vi sjekka opp i saker og ting, og kan slå fast at klammene kan strykast med ein gong.
- Christian Mork debuterte for Hareid i løpet av vinteroppkøyringa 2008. Då scora han også sitt første mål i ein treningskamp mot Hødd 2. Christian er fødd 3. februar 1993, og var då nettopp fylt 15.
- Egil Andersson blir frå gamle dagar rekna som tidenes yngste Hareid-spelar. Han var ulovleg ung då han debuterte i 1969, og Hareid var trekt to poeng for 2-1-sigeren mot Ellingsøy. Ein kik i personboka viser at Egil er fødd 5. januar 1954, altså var han passert 15 år då han fekk sin første kamp.
- Fredrik Aursnes er fødd 10. desember 1995. Det vil seie at då han debuterte i går var han 14 år, fem månadar og to dagar gammal. Dermed både tidenes yngste Hareid-spelar - og sjølvsagt då også tidenes yngste Hareid-målscorar.
* Seks scora Hareid-mål var bestenotering per kamp sidan 8-0 mot Åram/VanKam i ein treningskamp oppkøyringa 2008. Sist seriekamp Hareid scora så mange var 29. september 2007, då Ørsta vart slått 7-1 borte (ei likheit er at Ronny Jørgensen også den kampen scora tre mål).
* Hareid er no oppe i 9 poeng på fem kampar. Det er 3 meir enn etter fem kampar i fjor.
* For sjuande kamp i år scora Kim-Tore Husøy to mål eller meir. No er han oppe i sju seriemål, mest i avdelinga. Totalt i år har Husøy 17 mål, og totalt i sin Hareid-karriere 93.
* Ronny Jørgensen er mestscorande totalt i år med 20 mål. Gårsdagens tre mål var hans første hattrick i serien sidan 7-1-sigeren mot Ørsta i 2007.
* Håkon Orten Trovåg spelte sin første seriekamp for Hareid i går.
* Svein Inge Nesset spelte sin 150. Grattis!
* Joar Møller spelte sin 80. kamp. Framleis null mål...


12.05. Televik til Hødd

Geir Televik melder overgang frå Hareid til Hødd. Kraftspissen la eigentleg opp som spelar i 2005, då han var i Hødd, men gjekk seinare til Flø. Og som Hareid-trenar spelte han to kampar for oss i perioden 2007-2008. Men det var faktisk ikkje det siste vi har sett til Televik, kanskje. For no treng Hødd backup-spelarar i ein hard kampperiode, og derfor har Hødd signert 1971-modellen. Ifølgje våre kjelder har han trena godt i det siste, og gått ned fleire kilo.



16

Generalsponsor


Sponsorar