29.04. Norborg fornektar seg ikkje

Rykta seier at Norborg ikkje på nokon måtar har ambisjonar om å komme med i den nye 3.-divisjonen. Vel, kanskje er det på tide å vere litt ambisiøse inne i Uggedalen. For i kveld vann oransjetrøyene 3-0 borte mot Stranda, og dermed står dei med sju av ni moglege poeng. Held Norborg fram i den stimen så kan dei nå høgder dei aldri har vore nære. Neste fredag spelar Norborg heime mot Hareid. Til det oppgjeret tek dei i alle fall med seg ein fin statistikk frå fjoråret...


28.04. Vurdering av 3.-divisjonrunden

Torsdag:
* Stranda - Norborg. Oransjetrøyene slo Rollon sist, men skal visst nok ha vore litt heldige (og det er jo lov). Stranda opna med siger mot Vika, men kom ned igjen på jorda sist etter tap mot Brattvåg. Vanskeleg å spå korleis det går denne kampen. Jamt og tøft blir det heilt sikkert, og slike kampar elskar Norborg. B
Fredag:
* Herd - Volda. Voldingane står med null poeng så langt, men kan trøyste seg med to ting. 1. Det kan berre bli betre. 2. Dei skal møte AaFK i cupen.
Det spørs om ikkje denne kampen blir for tøff. Herd har full pott og 8-0 i målskilnad. Rett nok går Herd på eit skjer no og då. Og "uhella" deira kan skje når som helst. Men i utgangspunktet skal Volda vere eit greitt bytte. H
* Bergsøy - Godøy. Bergsøy står med to 2-1-sigrar så langt, og er i siget. Denne kampen trur vi det blir meir enn 2-1, for det skal vere klasseforskjell på laga. H
* Valder - Rollon. Ingen av desse laga har plukka poeng til no, og i årets noko spesielle sesong må ein hive seg inn på toget får det har gått frå stasjonen. Det skjer ikkje heilt endå, men skulle eitt av laga tape her så spøker det faktisk bittelitt. Valder og Rollon er på papiret ganske jamne. Valder har det høgste toppnivået, men varierer mest. Blir eit ganske tilfeldig tips, men trur Valder-maskineriet er på gang no. H
* Hareid - Brattvåg. Ingen klar favoritt denne kampen, sjølv om Brattvåg har eit litt betre lag på pairet. For desse kampane lev sine eigne liv. På dei siste sju oppgjera mellom desse laga har Hareid fire sigrar og Brattvåg tre. Altså ingen uavgjorte, kanskje skjer det no? U
Måndag:
* Hødd 2 - Spjelkavik. Hødd 2 har fått ein pangstart, og er som regel alltid kanonbra på heimebane. Det er også grunn til å tru at skadesituasjonen til a-laget deira er i betring. Vika er bra, men å ta poeng i Ulsteinvik er ikkje det lettaste som finst på denne tida av året. H


28.04. Fredag: Hareid - Brattvåg

10 av dei 11 som starta første seriekamp for Hareid (Steffen Uldbæk stod for langt til venstre for å kome med på biletet. Frå venstre: Ronny Jørgensen, André Egset Nupen, Joachim Moldskred, Even Hansrud, Kim-Tore Husøy, Fredrik S. Bøe, Tore Bjørge Mjønes, Svein Inge Nesset, Vagn Scheide Mork og Tore Johan Ytre-Hauge. Foto: Joar Møller

3.-divisjon avdeling 17, 3. serierunde
Hareid - Brattvåg

Hareidsmyrane stadion klokka 18.30

Speakerteneste, kiosk og gratis kampprogram til tilskodarane.
Dommar: Even Myrheim, Herd

Det er alltid noko spesielt med kampane mot Brattvåg. Og i år møter vi dei heime alt i tredje serierunde.


28.04. Årets første La/Gu-tap

Larsnes/Gursken stod med to sigrar og 11-0 i målskilnad etter dei to første rundane i årets 4.-divisjon. Men Skodje var stått for store overraskingar før, og gjorde det igjen då dei gjesta Gursken onsdag. "Skøye" vann kampen 3-2, men er så ærlege at dei omtalar sigeren som tidenes ran.


27.04. Nytt på nettsida

Vi har håp om at alle lag i yngres sender inn referat frå sine kampar i år. Derfor har vi laga ein kategori i menyen til venstre som heiter "Andre HIL-lag". Etter kvart som lag sender inn referat lagar vi ein bolk til det laget, der vi under legg inn alle referat knytta til det laget. Så langt er sidene til Hareid 2 og juniorlaget i gang. Vi minner også om sida "A-laget 2010", der du finn referat frå alle kampar i år pluss ein del anna info.


27.04. Kaffi tippar juniorserien

Kevin Aarvik Hestholm aka Kaffi skal ha ein stor del av æra for at Hareid klarer å stille juniorlag. I vintermånadane heldt han i gang treningane så langt det var mogleg, og etter at Ivar André Aadland kom på plass som juniortrenar har "Kaffi" fungert som ein slags oppmann. For yngresstyret har endå ikkje skaffa ei permanent leiing for laget. Hestholm er også keeper på juniorlaget.

I denne artikkelen har han tippa junior 2.-divisjon avdeling 1.


26.04. Juniorlaget tapte 7-4 mot Tjørvåg (sjuar)

Les reiseskildring og kampreferat -->


26.04. Hareidsdølingar fiksa Hødd 2-siger

Martinus Røyset Bakken og Christian Mork som juniorspelarar for Hareid i 2008.

Hødd 2 vann som forventa 4-0 heime mot Godøy måndag kveld. Tre av måla vart scora av hareidsdølingar; Christian Mork (2) og Martinus Røyset Bakken. Eirik Heltne fann også nettmaskene.

For Røyset Bakken vart dette hans første seriemål for Hødd 2. I fjor scora han to for Hareid. Mork scora fleire 3.-divisjonsmål for Hareid i 2008 og Hødd 2 i 2009.


25.04. Juniorlaget serieopnar måndag

Juniotrenar Ivar André Aadland.

Juniorlaget har hatt eit trøblete år så langt. Det tok tid å skaffe trenar til laget. Derfor heldt spelarane Joachim Røyset og Kevin Hestholm i gang ei trening i veka fram til Ivar André Aadland vart tilsett som trenar for to-tre veker sidan. Sesongstarten kjem derfor litt tidleg på, men det unge juniorlaget har mange lovande talent og går ein spennande sesong i møte. I morgon er det serieopning borte mot Tjørvåg. Kampen blir spelt på sjuarbane, sidan Tjørvåg ikkje har nok spelarar til eit ellevarlag.
- Vi har ikkje fått nokon til å køyre, så vi tek buss ut til Tjørvåg, opplyser midlertidig oppmann Kevin Hestholm.


24.04. Bilete frå Spjelkavik - Hareid

kan du sjekke her.


24.04. Fotballspelarar betre trena enn friidrettsutøvarar?

Tore Bjørge Mjønes, Fredrik Aursnes, Venthan, Ådne Andersen, Sjur Gjerde og Håkon Orten Trovåg.

Laurdag vart den tradisjonsrike Hadarstafetten avvikla på Hareid. Ein sekstett med fotballspelarar frå Hareid bestemte seg for å stille opp i seniorklassen, og presterte å vinne heile greia. Det før til dømes friidrettsgjengen til sigersvande Dimna IL. På "Hareid IL Fotball" sprang Sjur Gjerde, Venthan, Ådne Andersen, Håkon Orten Trovåg, Fredrik Aursnes og Tore Bjørge Mjønes.
- Både overraskande og imponerande av oss. Vi fann ut via ein chat at vi skulle prøve å samle eit lag til stafetten. Det gjorde vi klokka 23 kvelden før. Dimna IL er vel heilt i norgestoppen, så dette kan tyde på at også fotballspelarar er godt trena, seier lagkaptein Håkon Orten Trovåg i ein kommentar til Hareid-sida.


24.04. Statistikkhjørnet: Tredje strake Vika-tap

Tore Bjørge Mjønes har fått ein ny vår etter overgangen til Hareid. Han er ikkje den kraftigaste karen på øya, men fire mål frå sin kantposisjon let seg absolutt gjere. Biletet er teke under serieopninga mot Godøy.

Statistikkhjørnet etter 2-1-tap borte mot Spjelkavik fredag.
* Som i 2009 står Hareid med tre poeng etter to rundar. Felles for i år og i fjor er at alle dei tre poenga har komme mot Godøy.
* Hareid har no tapt tre strake kampar mot Spjelkavik (i går + to i fjor). Før det hadde vi slått dei fire gonger på rad.
* Tore Bjørge Mjønes scora sitt fjerde mål for Hareid i år. Berre Ronny Jørgensen (17) og Kim-Tore Husøy (13) har fleire. I serien er Husøy toppscorar med tre mål, før Jørgensen og Bjørge Mjønes med eitt kvar. Det er toppscoraren i serien som til slutt får pokalen...
* Vagn Scheide Mork og Kim-Tore Husøy har eitt napp kvar i årets spelar-pokalen. Hareids beste blir kåra etter kvar kamp, og vedkomande som får flest "napp" av 22 moglege stikk av med pokalen.
* Benjamin Reite og Vagn Scheide Mork er dei to einaste som har spelt 17 av 17 kampar i år. For Reite sin del er det akkurat like mange som han hadde før denne sesongen, fordelt på 2004 (to), 2006 (to) og 2009 (13).
* Scheide Mork er no oppe i 281 kampar, noko som gir han 15.-plassen på adelskalenderen. Han klatrar fort oppover på lista, og tar fort igjen både Jon Olav Slettebakk (285), Dag Harald Moldskred (286) og Gunnar Aursnes (291) til sommaren.


24.04. 3.-divisjon: Herd og Bergsøy ubesigra

Fem av dei seks kampane i runde 2 er no ferdigspelte. Det er for tidleg å tenkje på tabell, men vi merkar oss at både Herd og Bergsøy står med full pott etter to kampar. Det var nettopp dei to laga vi tippa på høvesvis 1. og 2.-plass i avdelinga før sesongen. Eit anna lag som garantert (eller, ein skal jo aldri vere 100 % sikker) står med full pott etter to rundar er Hødd 2. Dei spelar heimekamp mot Godøy måndag.

Verken Rollon, Volda, Valder eller Godøy har poeng til no.

Resultat fredag:

Spjelkavik - Hareid 2-1
Volda - Bergsøy 1-2
Valder - Herd 0-5
Brattvåg - Stranda 2-0

Laurdag:

Rollon - Norborg 3-4 (i Ratvika)

Les meir om runden her.


24.04. Worren: - Dette var surt

Vagn Scheide Mork var Hareids beste mot Spjelkavik, og tok dermed eit napp i årets spelar-pokalen.

Hareid tapte 2-1 borte mot Spjelkavik fredag. Vi tok ein prat med Bjørge Worren "dagen derpå".
- Det var ekstremt surt å tape denne kampen. Eg trudde dommaren hadde blåst av kampen, og det vart 1-1. Men i staden dømte han eit feilaktig frispark som dei scora på. Ei litt tilfeldig scoring. Elles så var jo Spjelkavik eit godt lag. Ikkje veldig fysiske, men tekniske og hurtige. Det er inga krise å tape denne kampen, men sesongen er ekstra hard i år der vi bør vinne minst 10 kampar og spele nokre uavgjorte for å stå. Trass tap så er eg nøgd med ein del av det vi presterte. Det defensive var i klar betring i høve Godøy-kampen. Eg synest også det var godt å sjå at Jørund Johansen var så god i sin første kamp frå start. Han vart litt sliten utover i 2. omgang, men vann mange duellar, og eg veit at han berre blir betre og betre etter kvart som han får meir trening saman med laget. No skal vi gå for siger heime mot Brattvåg fredag. Eg håper at Ronny Jørgensen er tilbake til den kampen. Minuset er at Fredrik Bøe, som har vist god form i det siste, truleg blir ute ei stund.

Hareids beste mot Spjelkavik: Vagn Scheide Mork

Les meir om kampen i saka to hakk lengre nede.


24.04. Hareid 2 - Kvamsøy 5-1 ---> Tabelltopp

1-0 Ivar på lobb etter pasning frå John.
2-0 Espen på straffe etter at John vart felt
3-0 Dag åleine sikkert
4-0 Dag åleine sikkert
4-1 på eit frispark
5-1 Rune på bakerste, fint i lengste

Fullt fortent. Hareid med full kontroll, mykje bra spel og botnsolid nok en gong defensivt. Kvamsøy hadde knapt målsjansar sett vekk frå scoringa.

HAREID: Kevin Hestholm - Stian Garnes, Åge Møgster, Arve Vestnes, Paul magen Worren, Georg Gaasø, Espen Beiermann, Ivar André Aadland, Christian Aasmo, John Anders Liaset, Dag Gøran Brandal
+ Sven-Aslak Veiseth, Joachim Røyset, Nicolay Sundgot, Rune Husø Johansen, Peter Paus

Sigeren betyr at Hareid toppar 5.-divisjon avdeling 2. Neste kamp er mot Hovdebygda om 1 1/2 veke.


23.04. Spjelkavik - Hareid 2-1

Det vart altså eit overtidstap mot Vika. Meir om kampen laurdag.

I mellomtida kan du nøye deg med desse live-oppdateringane:

* Hareid spelar i ein slags 4-5-1-formasjon. Same oppstilling som sist med unntak av at Jørund Johansen har erstatta Ronny Jørgensen.
Dvs. Mork - Nesset, Nupen, Moldskred, Bøe - Hansrud, Uldbæk, Ytre-Hauge, Mjønes - Johansen - Husøy. Benk: Hestholm, Møller, Nykrem, Trovåg, Reite
* Berre nokre få minutt var spelt då ein Vika-spelar runda Mork og var åleine mot mål, men Bøe kom som ein reddande engel og avverga på strek.
* Etter eit kvarter måtte Bøe gå ut med ein skulderskade. Møller inn.
* Vi får samtidig ein rapport som fortel om ein jamn kamp. Vika har hatt eit brukbart skot i tillegg til tidlegare nemde sjanse.
* 30 minutt: Spjelkavik køyrer kampen no
* 45 minutt: Mjønes skjer inn frå venstresida og bankar ballen i mål. Målgivande frå Johansen. 0-1!!!
* Pause: Vika har køyrt kampen i store periodar, men sett vekk frå nemnde sjansar aldri spesielt farlege. Husøy har hatt ein stor sjanse for Hareid.
* 50 minutt: 1-1. Utlikning ved Adrian Hagerup. Skot frå 18 meter.
* Møller har gått ut, Nykrem inn. Uldbæk ned på venstreback. Nykrem sentral midt.
* 67 minutt: Hareid har store problem med å henge med i kampen. Må ta seg saman om ikkje Vika skal avgjere dette til sin fordel.
* Fredrik Bøe har truleg brote kragebeinet. Velidg trist for Hareid om det stemmer.
* 80 minutt: Hareid har teke over spelet. Husøy kom åleine med keeper, men bomma.
* Reite har komme for Hansrud.
* Dommar Alf Furland har mista kontrollen over kampen.
* 2-1 til Vika. Espen Gresdal. Scora etter svakt forsvarsspel av Hareid, men frisparket i forkant var ikkje korrekt.
SLUTT


23.04. Hareid 2 vil ta tabelltoppen

Åge Møgster, her i ein kamp for Hareid 2 i fjor, er inne i varmen igjen no som han er heime frå marinen.

Møter Kvamsøy heime laurdag.

Vi har fått innsendt ein førehandsomtale.


22.04. Vurdering av den andre 3.-divisjonsrunden

Fredag:
* Brattvåg - Stranda. Brattvåg klarte ikkje å slå Norborg i første runde, men lokaloppgjer har ein tendens til å leve sine eigne liv. Stranda tok ein sterk 2-0-siger mot Spjelkavik. Så står det att å sjå om Stranda kan levere fleire slike sterke resultat. Brattvåg må vinne heimekampar som denne for å halde følgje i teten, og det trur vi også at dei gjer. H
* Volda - Bergsøy. Volda serieopna måndag, spelte første runde i junior-NM tysdag og andre kvalifiseringsrunde i senior-NM onsdag. Då vil det vere nærast ein sensasjon om dei har krefter til å halde følgje med Bergsøy denne kampen. Bergsøy opna med å slå Valder 2-1, og vi føler oss tryggje på at dei står med full pott etter to rundar. B
* Valder - Herd. Kampen går på kunstgras, og det favoritiserer eit spelande lag som Herd. Skal i utgangspunktet vere grei skuring for Moa-gutta, sjølv om Valder er eit lag som er i stand til å finne på kva som helst. B
* Spjelkavik - Hareid. Vika har tapt to på rad (serie + cup), medan Hareid begynte med ein rotete kamp mot Godøy der ei keepertabbe sørga for siger på tampen. Viktige Ronny Jørgensen manglar her, og det vil nok merkast. Men om Hareid unngår enkle baklengsmål så er det meste mogleg i denne divisjonen. U
Laurdag:
* Rollon - Norborg (NB. Kampen går i Ratvika). Rollon heldt nesten på å komme seg til første ordinære NM-runde onsdag. Men etter ekstraomgangar tapte dei på straffer mot sterke Træff. Vil nok merke ekstraomgangane i føtene eit par dagar, men denne kampen går ikkje før laurdag. Norborg blir neppe nokon kasteball i år heller, noko 2-2 mot Brattvåg bekfreta (Brattvåg utlikna på overtid). Dette blir nok ein jamn kamp. U
Måndag:
* Hødd 2 - Godøy. Vi trur neppe Godøy tar så få poeng som Langevåg i fjor (tre). For dei kjem nok til å vinne nokre heimekampar. Men det vi såg på Hareid førre veke var eit lag beståande av ein god spiss (Aleksander Alnes) og elles mange urutinerte ungdommar. Hødd 2 stiller truleg nok ein gong eit sterkt lag, og har så mykje betre evner enn bortelaget at det her er liten tvil om kvar dei tre pinnane hamnar. H


22.04. Siste nytt frå Oslo: Loket er i gang

Lokomotiv Oslo sine to lag serieopna denne veka. Førstelaget i 4.-divisjon spelte 1-1 Sagene 2. Roy Inge Brandal og Marius Rise utgjorde stopparduoen til Loket. Som spelar i ei avdeling med ti lag. Dei fire siste rykkjer ned som ei følgje av divisjonsomleggjinga. Og så det er sagt: Loket har aldri rykt ned i si 11 år lange historie.
2.-laget fekk inga god opning på sesongen då dei ufortent tapte 3-1 mot FF Christianssand i 6.-divisjon. Sidan Loket er ein klubb beståande av 50% sunnmøringar og 50 % sørlendingar vart kampen rekna som eit lokaloppgjer. Ikkje ukjende Sturla Pilskog scora Loket 2 sitt mål, og vart også kåra til lagets bestemann. Audun Orten Trovåg stod i mål, medan Arthur Garnes kom inn som innbyttar.


22.04. Nytt frå lokalfotballen: Bergsøy ser seg til byen

* Bergsøy har slått mange harde slag på stortromma det siste året. Og no gjer dei det igjen. Medan dei aller fleste klubbane i 3.-divisjon og nedover på Søre Sunnmøre ser på Hødd som sin samarbeidsklubb, opnar no Bergsøy sjøvegane for å opne eit inngå eit partnerskap. Ifølgje denne artikkelen har Bergsøy nemleg inngått eit samarbeid med AaFK.

* Larsnes/Gursken seglar vidare i 4.-divisjon. Onsdag vann dei 7-0 mot dumpekandidat Åmdal. Dermed har La/Gu 11-0 i målskilnad etter to rundar. Les meir om kampen her.



19

Generalsponsor


Sponsorar