hareid_il_logo_135.png









 

Byttedag for sportsutsyr

Komande laurdag har du sjansen til både å kvitte deg med gammalt sportsutstyr - eller sikre deg utstyr du har bruk for. Skeisegruppa Verparen byr inn til byttedag på Bigset bedehus.

Jon Åge Gjerde i Skeisegruppa Verparen fortel at ein del idrettslag rundt om i Noreg har hatt stor suksess med slike byttedagar. Og Verparen er sjølvsagt spente på responsen.

Han oppmodar folk om å ta seg ei oppreinskingsrunde i kjellar, garasje og buer der sportsutstyret blir lagra. Sjansen for at der ligg skisko som er for små, skeiser som ikkje blir brukte lenger, ski som borna har vakse frå, akebrett eller rulleskeiser som ikkje er i bruk, er stor. Då kan det vere ein god idé å ta utstyret, både vinter- og sommarutstyr, med seg til Bigset t Bedehus komande laurdag.

Der det sjolvsagt også går an å sikre seg rimeleg sportsutstyr til både bom og vaksne.

Forretningsideen er at Skeisegmppa Verparen og dei som leverer inn utstyr deler likt på innkoma. Det som ikkje blir selt, må dei som har levert inn ta med seg heim att.

Folk som finn utstyr dei vil levere inn, kan ringe tlf. 46509108.

Under byttedagen blir det også sal av -kaffi og litt å bite i, og Skeisegruppa Verparen håper på ein triveleg laurdag i Bigset bedehus.

ANNE GRY EILERTSEN Vikbladet torsdag 19. mars 2009

Først med rulleskeisebane

I Hareid har det vakse fram eit rulleskeisemiljø. No har dei bygd bane - den første i Møre og Romsdal.

TEKST: Karl-Petter Løvoll

Det er Skeisegruppa Verparen som står bak den banebrytande bygginga. Berre detaljar står igjen før bana er klar til bruk.- Då vil vi invitere, ikkje berre folk her i Hareid, men også elles i regionen til å kome hit og prøve. Det er artig, seier Jon-Åge Gjerde, nestleiar i gruppa.Fekk tippemidlarRulleskeisebana ligg fint til på Pålhaugane, like ved idrettsanlegg som Hareidhallen og grasbana. Rulleskeisebana er 240 meter lang og har ei breidde på seks meter. Det er internasjonale mål, forsikrar Atle Gjerde, leiar i klubben. Her blir det ei ytre og indre bane, akkurat som på isanlegg. I banene er det lagt ein spesiell type asfalt som visstnok er hardare og betre eigna enn vanleg asfalt. Totalkostnad er 600.000 kroner, 100.000 kroner meir enn planlagt. Skeissegruppa måtte mellom anna betale 60.000 kroner for arkeologisk arbeid på tomta.- Vi har fått 200.000 kroner i tippemidlar, samt ein del økonomisk støtte frå lokalmiljøet, seier leiaren og nestleiar i gruppa.60 medlemmarNo håper dei på inntekter frå aukande medlemstal.- Det er per i dag, altså før vi har fått kome skikkeleg i gang på den nye bana vår, 60 betalande medlemar. Og rundt 80 har meldt seg som interesserte, opplyser Atle Gjerde, som er spent på utviklinga av medlemstalet. Best forhold er det når bana er tørr og slik sett startar ikkje sesongen for fullt før til våren.Gjerde seier det alltid har vore stor skeiseinteresse på Hareid, ei bygd som ligg i nærleiken av fleire ferskvatn. No er ofte vintrane heller fattige på snø og kulde på Ytre Søre Sunnmøre.- Her ute ved kysten kan vi ikkje ha skianlegg. Men med eit slikt rulleskeiseanlegg så kan ein få opp aktiviteten også på det som ein tradisjonelt tenkjer på som ein vinteridrett, seier Atle Gjerde.Hard konkurranseIdretten er såpass ny her i landet at Norges skøyteforbund ikkje har full oversikt over medlemstal eller aktive løparar. Dei kan berre vise til at det hittil er seld rundt 100.000 rulleskeisepar i Norge og at dei neste år vil køyre i gang ein norgescup i rulleskøyteløp. Om eit slikt stemne kan bli lagt til Hareid er usikkert, men gruppa vil uansett leggje opp til idrettsstemne i ei eller annan form. Og her blir det sjølvsagt knallhard kamp om å få dei beste rundetidene.- Vi har bestemt at alle i styret skal få høve til å setje banerekord. Det vil seie at vi må starte med den dårlegaste løparen i styret og så presse tida ned løpar for løpar. Spørsmålet blir kven som skal starte, gliser Atle Gjerde til sidemannen.- Vi får trekkje lodd, seier Jon-Åge Gjerde. Og smiler lurt.

Publisert fredag 10. desember 2004 kl. 03:45.

Wetten vil flytte til Hareid

Verdsmeister Even Wetten vil flytte til Hareid fortalde han på skeisefesten fredag kveld i Hareidhallen. Men berre dersom Hareid fekk den nye skeisehallen dei ynskjer seg. Spontant lova landslagsløpar Wetten at han ville kome tilbake til Hareid og bu her dersom hallen kom. –Med ein innandørs skeisebane vert vi klare for verdstoppen i løpet av eit par tre år. Dermed fylde også unge Michael Larsen opp, han og ville busette seg her. Peter Mueller understreka den unge snittalderen til gutane og meinte at dei ville kunne gi resultat i 10-14 år framover. Hareid kommune fekk dermed ei nokså uventa gåve tilbake; komande olympiarar og verdsmeistrar med ynskje om å bli hareidsdølingar. Einar Måseide briljerte med skeisekunnskap då han introduserte kvar av løparane for publikum. Trass i sin unge alder har dei rokke å markere seg internasjonalt med mellom anna to verdmeistertitlar. Trenar Mueller har sjølv ein olympisk siger å vise til frå Innsbruck i -76. Amerikanaren nytta og høvet til å takke arrangøren for den flotte mottakinga og den proffe tilrettelegginga for treningsleiren deira denne veka. Skeisefesten gav løparane eit godt innblikk i det rike kulturlivet i Hareid. Hjørungavåg brass satte standarden med ei fengande opning. Willy Nesset ynskte velkomen på vegne av Hareid kommune og Fredrik Steen leia festen på sportsleg vis. Han drog landslagsutøvarane aktivt med gjennom det akkurat passe lange programmet. Dansegruppa Trois målbandt gutane, medan Steen fekk dei i tale att, mellom anna med fangsten frå fisketuren kvelden før. Leif Arne Grimstad kåserte med underfundige skeisehistorier og både Brandalskoret og Ronald Øvrelid song gjennomslagskraftig på nynorsk og dialekt. Eit innhaldsrikt program, ei stilig pynta scene og skeiseløparane i høgsetet gjorde kvelden minnerik. Verparen skeiseklubb stod for regien. I tillegg til dugnad og bistand frå Kultursekretæren i Hareid, vil dei takke det lokale næringslivet for realiseringa. Publisert Vikebladet lørdag 26. mai 2007 kl. 13:26.

Landslagstrenar Peter Müller og programleiar Willy Nesset under festen i Hareidshallen fredag.

ERVIK-GRANA LIGG KLART I TET VIKEBLADET 31.JAN.2008

Eskil Ervik-treet har fått eit solid forsprang på dei andre skeiseløpartrea.

Treet til Håvard Bøkko utmerkar seg ikkje reint høgdemessig, men det er i ferd med å utvikle ei solid krune ...!

Om eit par års tid vil nok skeiseløpartrea ved rulleskeisebana på Hareid ruve meir enn dei gjer i dag.

Ingen tvil om at den grana som Eskil Ervik planta ved rulleskeisebana på Hareid har kome lengst. Så fekk han då også tjuvstarte.

Leiv Arne Grimstad

Dette er ei litt annleis sportssak. Vi har rett og slett målt kor lange dei er blitt, dei små granene som dei norske landslagsløparane på skeiser har planta ved rulleskeisebana på Hareid.
At Eskil Ervik-grana no er den klart største, er ikkje så rart. Denne grana vart nemleg planta då Ervik kom for å opne bana i 2006. Ho har med andre ord vore i jorda eit år lenger enn dei andre.
Ervik-grana har blitt 1,75 m høg og ruvar fint på Pålhaug-sida av bana. Som kjent la Ervik opp etter siste sesong. Dermed har vi ikkje anna å føye til enn at han framleis står som verdsrekordhaldar på 3.000-meter med 3.37.28 - 1.74 sekund føre Chad Hedrick.

Men lat oss sjå på dei enkelte trea - rekna frå nord mot sør.

Tre nr. 1: "Herrelaust tre". Ifølgje Atle Gjerde i Verparen Skeiseklubb var dette eit tre som var til overs frå utplantinga i fjor. Treet vart liggande ei stund i ein container - og tok nok skade av det. Det ser nokså daudt ut, men Atle Gjerde har ikkje gitt opp håpet.

Tre nr. 2: Ervik-treet, som nemnt.

Tre nr. 3: Peter Müller-treet. Trenar-treet har nådd lengda 0,74 m.

Tre nr. 4: Øystein Haugen-treet. Haugen er ein av leiarane i Norsk Skøyteforbund. Han er også tidlegare skeiseløpar. Treet hans har strekt seg til 0,87 m.

Tre nr. 5: Mikael Flygind-Larsen-treet. Flyging-Larsen har ikkje hatt den heilt store framgangen i år. I VM i sprint nyleg vart han nr. 23 samanlagt - men vi merkar oss at han tok ein pen 14.-plass på den siste 1000-meteren med tida 1.10.05. Flygind-Larsen går verdscupløp i Baselga di Pine i helga, så får vi sjå om den framgangen han har varsla held seg. Treet hans er berre 0,65 m høgt.

Tre nr. 6: Fredrik van der Horst-treet. Junior-Fredrik sin karriere har ikkje skote fart etter at han tok ei rekke flotte personlege rekordar i Calgary førre vinter. Den beste prestasjonen hans til no er truleg 3.53.25 på 3.000-meter, som gir han ein 16.-plass på norgesstatistikken gjennom tidene.

Tre nr. 7: Sverre Haugli-treet. De er knytt forventningar til Sverre Haugli, ikkje berre på grunn av det legendariske namnet. I fjor brende han krutet litt for tidleg i sesongen. I år var han innstilt på å lære. Hauge sin beste prestasjon hittil i sesongen er 13.18.56 på 10.000-meteren under verdscupstemnet i Kolomna, Russland, i desember. Den prestasjonen har ført han opp på 28.-plass på verdsstatistikken gjennom tidene. Sverre er ung, så her kan vere meir i vente. 6.24.05 på 5000-meter er også ei tid det smakar fugl av. Det gir 44.-plass på v-statistikken. Sverre Haugli-treet er 0,76 m høgt.

Tre nr. 8: Håvard Bøkko-treet. Dette vart sesongen då Bøkko for alvor steig fram i verdstoppen. Sølvmedaljen i EM nyleg viser kva han står for. Han er no blant dei 12 beste på verdsstatistikken på alle dei tre lengste distansane. Best plassering har han på 3.000-meter med 5.-plass på 3.40.22, men det spørs om ikkje 5.000-meteren hans på 6.12.28 (8.-plass) er den kvassaste prestasjonen. Det seier litt om Bøkko sine kvalitetar at han er nr 12 på verdsstatistikken på 10.000-meter (13.06.42) samtidig som han ligg så høgt som ein 35.-plass på 1.000-meter (1.08.60). Håvard Bøkko-treet er 0,74 m.

Tre nr. 9: Eivind Wetten-treet. Wetten la opp i haust, men treet hans veks vidare. Faktisk er det eitt av dei som veks best. Det er blitt 0,81 m høgt og er volumiøst med brei greinføring. Kanskje har også Wetten sjølv lagt på seg etter at han la opp?

Tre nr. 10: Christoffer Rukke-treet. Rukke er ein sprintorentert kar som har sin beste prestasjon på 1.500-meter. Tida 1.45.85 frå Calgary i november gir han 51.-plass på verdsstatistikken. Dessverre har Rukke vore plaga med sjukdom og skadar i år. Kanskje derfor er Rukke-treet heller ikkje særleg høgt: Berre 0,54 m.

Tre nr. 11: Dag-Erik Kleven-treet er 0,74 m høgt og svært kraftig. Kleven vart beste nordmann i sprint-VM (nr. 22). Ein 9.-plass på 1.000-meteren i verdscupen på tida 1.09.37 er den beste prestasjonen hans i vinter.

Tre nr. 12: Henrik Christiansen-treet. Christiansen er representert på Topp 100-verdsstatistikken på alle distansar frå 1500-meter og oppover. Men tre av dei fire prestasjonane hans kom i 2006. Med 6.20.13 på 5000-meter er han nr. 25 i verda. Christiansen-treet er 0,93 m høgt - og dermed det høgste av dei trea som vart planta i fjor.

Tre nr. 13: Øystein Grødum-treet. Grødum var ein fantomløpar i 2005 og 2006. Dei beste løpa hans er frå desse åra. Han er nr. 4 på verdsstatistikken på 10.000-meter med 12.56.38. Han har prøvt å fristille seg teknisk i forhold til i fjor. Under verdscupen på Hamar tok han 4.-plass på lengste distanse med 13.24.99. Grødum-treet er 0,75 m høgt.

Tre nr. 14: Joachim Haugen jr.-treet. Joachim var med landslaget som hospitant. Han er enno ung - tilliks med Fredrik van der Horst. Treet hans måler 0,63 m.

Rangering av trea:
01: Eskil Ervik 1.75 m *
02: Henrik Christiansen 0,93 m
03: Øystein Haugen 0,87
04: Eivind Wetten 0,81
05: "Herrelaust tre" 0,80 m
06: Sverre Haugli 0,76 m
07: Øystein Grødum 0,75 m
07: Fredrik van der Horst 0,75 m
09: Håvard Bøkko 0,74 m
09: Dag-Erik Kleven 0,74
09: Peter Müller 0,74 m
12: Mikael Flygind-Larsen 0,65 m
13: Joachim Haugen jr. 0,63 m
14: Christoffer Rukke 0,54 m
* Planta i 2006. Alle dei andre trea er planta i 2007. NB: Vi kan ikkje garantere at alle trea var like høge ved utplanting.

Publisert torsdag 31. januar 2008 kl. 19:00.

DET SKAL PLANTAST FLEIRE SKEISELØPAR-TRE PÅ HAREID

Når det norske skeiselandslaget kjem til treningsleir på Hareid 24.-31. mai, er det meininga at fleire av løparane skal plante seg eit tre ved rulleskeisebana.

Leiv Arne Grimstad

Som kjent planta Eskil Ervik den såkalla "Ervik-grana" i austenden av bana i fjor. - Grana veks så berre det, så no satsar vi på fleire skeiseløpartre, seier Atle Gjerde i Verparen Skeiseklubb.

Landslagstroppa er på mellom 14 og 18 løparar, både kvinner og menn.
Samlinga skulle eigentleg ha vore i veke 21, men på grunn av skeiselandslaget si deltaking i ein Frankrike-tur saman med Olympiatoppen vart samlinga på Hareid utsett til slutten av mai.
Verparen driv no og utarbeider programmet for samlinga.

- Løparane skal både trene og ha løp på bana vår, drive med sykkeltrening på medbragte syklar og ha styrketrening på Aktivsenteret.
- Vi har mange ting på gang, blant anna har vi lyst å utfordre dei til å slå Henning Røyset sin rekord til topps på Melshornet, seier Gjerde.

Det er for ein stor del lokale sponsorar som skaffar midlar til samlinga. Det norske skeiselandslaget har eit årsbudsjett på berre 4 millionar kroner. - Mykje mindre enn Hødd, slår Gjerde fast. - Til samanlikning har det svenske skeiselandslaget eit budsjett på 35 mill. - Og nederlendarane ligg langt over der igjen.

Publisert onsdag 04. april 2007 kl. 15:35.

NORDEA KUNSTISBANE I KRISTIANSUND INSPIRERTE "VERPAREN" 

PÅ NORDEA KUNSTISBANE: Nr. 1 og 3 frå v. er skeiselegendene Fred Anton Maier og Knut Kuppern Johannessen - nr. 2 og 4 er Verparen-utsendingane Atle og Olav Johan Gjerde.

Laurdag 24. januar vart Nordea kunstisbane i Kristiansund offisielt opna, med gjestar frå bl. a. Verparen Skeiseklubb på Hareid. Kjem neste anlegg her i fylket på Hareid?

Leiv Arne Grimstad

Under opninga fekk utsendingar frå Verparen Skeiseklubb på Hareid møte skeiselegender som Hjalmar Hjallis Andersen, Knut Kupper'n Johannessen og Fred Anton Maier.

Verparen Skeiseklubb og skøyteklubben i Kristiansund er truleg dei einaste skeiseklubbane i Møre og Romsdal - og no er det sjølvsagt ein del som spør seg om Hareid kan få den andre kunstisbana i fylket ...
I tillegg til utsendingane frå Verparen var Norges Skøyteforbund, bandyforbundet og det lokale næringslivet tilstades med sine folk.

Frå Verparen overrekte Atle Gjerde eit bilde med skøytemotiv frå Grimstadvatnet til driftssjefen på Kristiansund-anlegget og ønskte tillykke med drifta.
Atle la til at folk på Ytre Søre sjølvsagt var svært misunnelege.

Etter talar og lykkeønskingar sto både løp på tid, oppvisningsløp og kunstløp på programmet. Folk i alle aldrar var til stades, og dei aller fleste hadde med skeiser som dei tok i bruk både under og etter programmet. Sjølv om folk kom og gjekk, var der konstant mellom 400 og 500 personar i aktivitet på isen.
Besøkstalet for anlegget - etter at det vart teke i bruk før jul - er allereie langt over forventningane. Anlegget har både varmebu, omkledningsrom og varmetelt. I tillegg både sel og leiger dei ut skeiser.
Utsendingane frå Verparen fortel at folk sat over alt og koste seg med medbrakt mat og drikke.

- Anlegget er blitt eit glimrande samlingspunkt for heile familien, noko vi såg spesielt godt dagen etter, fortel Verparen-medlem Ingunn Pettersen.
- Foreldra kom med langløperar, borna kom med bandyskeiser. Dei minste hadde bruskasser til å støtte seg på når dei prøvde skeisene for første gong. - Ein pris på 50 kroner for vaksne og 25 kroner for barn synest overkomeleg for dei fleste for ein heil dags aktivitet, meiner ho.
Anlegget har ei stor «leikande» flate til kunstløp, bandy og liknande - i tillegg til skeiseløpsbane med oppvarmingsfelt.

ENERGIEFFEKT

Nordea kunstisbane er også energieffektiv: Frå den energien som blir teken ut for å drive bana, kjem "ny" energi i retur. Denne blir seld som fjernvarme til andre bygg og anlegg i nærområdet - og på denne måten kan ei slik bane bli både ein miljømessig, aktivitetsmessig og ein økonomisk suksess ved å gjere driftsutgifter til driftsinntekter.

TREFF BREITT

Ei kunstisbane vil ikkje berre aktivisere ei spesiell gruppe, ho treff breitt og rekk ut til alle generasjonar - og ho er både for aktive og dei som tek det litt meir med ro.
Verparen sin store tanke er å få bygt ei slik bane i Hareidsmyrane. Eit slikt anlegg vil kunne trekke folk både frå Ålesund-sida, frå Ørsta/Volda og sjølvsagt frå heile Ytre Søre Sunnmøre.

- Når ein ser kor fort og kor mange som stimlar til vatna her i distriktet med ein gong isen legg seg, burde det absolutt vere grunnlag for eit slikt anlegg her også, meiner Ingunn Pettersen.

 Publisert torsdag 05. februar 2009 kl. 13:00.

Kommentarer (3)

Liakleiv Skrevet av: Ola-Ola, 05-02-2009 16:39:52 To indre + Liakleiv og vekk me'n!

   
Svar på kommentar | Varsle

Glimrande Skrevet av: SSSS, 05-02-2009 20:26:31 Dette må vere eit glimrande prosjekt for Hareid!!!
Det er lov å tenke stort. Verparen må ikkje ruge for lenge på slike gode idear. Dei må klekkast i samarbeid med næringsliv og kommuner.
STÅ PÅ, - dette skal vi få til!

      
Svar på kommentar | Varsle
Ja! Skrevet av: H.J.Allis, 05-02-2009 20:47:35 dette vil vi ha på Hareid - flott idè! Håper næringslivet ser verdien av å støtte andre sunne pg positive aktivitetar enn fotball - og det må vere ein sjølvfølge at Hareid kommune støttar dette prosjektet på lik linje med fotball og friidrett!

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL