hareid_il_logo_135.png









 

19.08. FFO start

21 born deltar på haustens Fotballfritidsordning. Frå måndag til torsdag etter skuletid er det full rulle for ivrige 2.-6.klassingar. Vi har også plass til fleire born, så vi held ope for påmelding utover hausten. Kontakt daglig leiar for meir info.

13.04. HIL Fotballfritidsordning utvidar

Hareid IL starta opp FFO i januar 2015 for 3.-6. klasse to dagar i veka med 21 born. Frå hausten av utvidar vi tilbodet!

Frå skulestart i august har vi som mål å gjere fotballfritidsordninga til eit vekestilbod for ivrige jenter og gutar frå 2.-6. klasse, som høyrer til skulekrinsane i Hareid kommune. 

Tanken bak tilbodet er å gi desse elevane eit betre aktivitetstilbod som består av ein sosial/lekesedel og ein fotballfagleg del. FFO er eit tilbod for alle og ikkje kun dei som spelar fotball. Vi legg til rette for andre aktivtetar enn fotball minst ein dag i veka. Vi transporterer også dei borna som treng det til klubbhuset.

FFO vil følgje skuleruta og det vil bli gitt eit ekstratilbod i haust- og vinterferien.

Hareid stadion sitt område vil bli brukt som oppholdsareal. Vi har eit stort fokus på FFO skal vere kjekt, noko som blir spegla igjen også i treningsdelen. 

Påmeldingsfrist for FFO haust er: 15.mai

Les meir om fotballfritidsordninga, påmelding og vedtekter under fana FFO.

08.01. HANDBALL PÅ FOTBALLFRITIDSORDNINGA

FFO består ikkje berre av fotball. I dag stod handball på programmet. Karina Gade, som er trenar for Hareid IL sitt handballag for damer, leia økta.

Det er stadig fleire som melder seg på Hareid IL si FFO-ordning. Og vil du melde på ditt born så tar du kontakt med dagleg leiar Anita Waage.

06.01. FFO ER I GANG

I går starta Hareid IL si FFO-ordning opp. Ifølgje rapportane var det ein vellukka dag. 22 born deltok. Det betyr at fleire har meldt seg på like før oppstarten. Og det er framleis mogleg å melde seg på. Ta kontakt med dagleg leiar. Foto: Anita Waage

03.01.2015. Godt nyttår! No er FFO like rundt hjørnet

Tysdag startar Hareid ILs FFO-ordning (fotball-fritids-ordning) opp. 18 påmelde frå tredje- til sjetteklasse deltek, og praktisk informasjon er sendt ut til foreldre og føresette. Men hugs at det også er mogleg å henge seg på etter kvart. Ta kontakt med dagleg leiar for etter-påmelding.

03.12 Infomøte FFO

Torsdag 4.des kl.21.00 er det infomøte vedr oppstart av HIL FFO.
Vel møtt!

26.11. HUGS MØTET OM FFO

Hugs møtet om fotballfritidsordninga (FFO) på klubbhuset i morgon (torsdag) klokka 18.00. Sjekk også info under FFO i menyen til venstre.

03.11. HAREID startar opp FFO

e1t_2287.jpg

Over nyttår startar Hareid IL opp fotballfritidsordning. Det betyr to dagar i veka med aktivitet etter skuletid. Eine dagen blir det fotballtrening, den andre ulike idrettar og aktivitetar. Felles for begge dagane er at borna får mat og leksehjelp, som i ei vanleg SFO-ordning. Sjå elles informasjon i skrivet under. Påmeldingsskjema finn de her.

om_ffo_hareid_il_2015.pdf
ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR