hareid_il_logo_135.png









 
200 på "skaparverkdag" i Alskleiva
alskleiva2015.jpg
Trimgruppa i Hareid IL var med på gudstenesta.

Gudstenesta var ei markering av "Skaparverkets dag", og Barbro Østrem var prest.

Juniorkonfirmantane og ei gruppe 7-åringar var sterkt delaktige i gudstenesta.

Medan juniorkonfirmantane stod føre tekstlesing og elles hadde "pynta" vegen opp i kleiva med bibelord, vandra 7-åringane «pilegrim» frå Holesanden og opp i kleiva tidlegare på dag – og deltok i gudstenesta med salmen «Fader, du har skapt meg».

Ei gruppe frå Musikklaget Melshorn spelte, og trimgruppa i Hareid IL lodda ut premiar.

TRASS I UFYSELEG VÊR: 86 PERSONAR I ALSKLEIVA 2009

Heile 86 personar møtte fram til friluftsgudstenesta i Alskleiva søndag - i eit ufseleg vêr med sterk vind og kraftige regnbyger.
Musikklaget Melshorn melde avbod av omsyn til instrumenta sine - og mange tenkte nok at det låg an til messefall. Men presten kom - og då var det berre å gjennomføre. Juniorkonfirmantane hadde "pynta" vegen opp i kleiva med bibelvers - både på plakatar og steinar. Sokneprest Møgster ville ikkje utsetje elektronikken i det nye høgtalaranlegget for væte, og la seg i staden på eit hakk høgare stemmeleie enn elles. To salmar vart sungne. Den sunnmørske fedrelandssongen til Anders Hovdens - "Fagert er landet" - som også stod på programarket, men vart sløyfa. Preika vart korta ned til ein kort appell - og etter velsigninga trekte trimgruppa til Hareid IL ut fem gevinstar på lodda som dei frammøtte hadde fått. Dei frammøtte fekk elles sjå med eigne auge kor fint tillaga vegen over Alskleiva - frå Kvammen-sida - hadde vorte.
ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL