hareid_il_logo_135.png









 

Det aller første Grimstadvatnet rundt.

gr100b.gif

Friidrett:

Der var litt aktivitet både før og etter 2. verdskrigen. Etter lang stillstand kom friidretten i gang igjen ca. 1963-64 - og sidan har aktiviteten vore halden oppe med opp- og nedgangstider. Audun Garshol er det store namnet, med norgesrekord på 100-meter - 10,2 - og kongepokal frå NM, samt deltaking i OL 1972.
Kåre Oksavik sine verdsmeisterskap for veteranar bør også nemnast. Hareid var kraftsentrum for friidretten i nordvest frå ca. 1970 og utover med entusiastar som brørne Asle Geir og Øystein Johansen og Olav Sindre Rise som dei mest aktive. Mot slutten av 80-åra hadde Hareid ei kjempegod jentegruppe, som vann dei stafettar som var - og utav denne flokken kom også Trine Pilskog, noregsmeister og olympisk deltakar og klubben si stoltheit i nyare tid. Runar Heltne er også eit namn som har nådd langt. Etter at han reiste frå bygda har han vore i norgeseliten i mangekamp. Friidrettsgruppa har vore godt gåande etter årtusenskiftet - med mange gode  talent og entusiastiske leiarar.
Verdt å merke seg at gruppa er årviss arrangør av populære tiltak som Hadarstafetten, Grimstadvatnet Rundt, Snipsøyrvatnet Rundt og Nordvest Maraton.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png

Facebook.com/HareidIL
   
instagram.com/hil_friidrett
 
Twitter.com/HareidIL