hareid_il_logo_135.png









 

2000

2000- sesongen skulle Hareid opp att i 3. divisjon! Det var hovudmålet. Det vart henta inn ein ny trenar for jobben; Knut Jens Ertesvåg. Styret og fotballgruppa hadde stor tru på at Ertesvåg skulle ha den erfaringa som skulle til for å få laget opp eit høgare nivå. Ertesvåg sjølv hadde fått fleire jobbtilbod, men sa ja til Hareid pga. dei mange unge lovande spelarane som var på veg til å spele seg inn på fyrstelaget, og at troppa hadde dei rutinerte gode spelarane til å rykke opp. Treningane starta opp i januar med godt frammøte, men med litt varierande treningsforhold pga. veret. Det vart fokusert  på å vere best trent kondisjonsmessig, og gruppa jobba målbevisst. Treningskampane gjekk også bra for den unge troppa. Dei vart vinnarar i Åram Cup. I finalen vart det siger over eit sterkt Åram/Vankam som kjempa i toppen av 3. divisjon. Veret var dårleg under oppkøyringa til sesongen, noko som førte til at fleire avtalte treningskampar ikkje vart spelte. Men Hareid fekk avvikla tre kampar i Sunnmørshallen i Ålesund, der forholda var gode. Etter mange gode treningskampar gjekk troppa til seriestart med ein stor optimisme. Fyrste motstandar for sesongen var Valder. I denne kampen vart det siger til Hareid; 3-0. Dermed var gutane i gang, og gjekk deretter frå siger til siger - og tabelltopp. Det vart berre eit tap for Hareid før sommaren kom, noko som førte til tabelleiing med Hovdebygda og Godøy hakk i hel.

Etter ferien starta Hareid der dei slapp før sommaren med ein solid 5-1 siger over Aksla på Hareid stadion. Hareid avslutta med å besigre Vartdal 5-1, og dermed var opprykket klart. Hareid vann 4. divisjon med 51 poeng og ein målskilnad på 89-25 på 22 kampar. Dette var 5 poeng før Hovdebygda, som enda på andreplass. Då var det klart for ein aldri så liten opprykksfest for dei 30 involverte spelarane og trenarteamet.

Denne sesongen sette laget to klubbrekordar. Rekordane var: Størst siger, og flest skåringar i ein og same kamp. Laget vann nemleg 18-2 over Mauseidvåg/Solevåg på Hareid stadion, noko som er den største sigeren til Hareid . Eiliv Tore Howlid seks mål. Dette vart rekord i flest skåringar i ein seriekamp. Spelaren med flest kampar denne sesongen vart nok ein gang Egil Øvrelid, med 29 kampar. Toppskåraren for sesongen vart ustoppelige Bjørge Worren med 34 skåringar. Eiliv Tore Howlid kom på ein sterk andreplass med 23 skåringar. Årets spelar og kaptein var Sigbjørn "Siggen" Skeide. Ein ny ung spelar som viste fine takter på slutten av sesongen var 84-modellen Lars Roar Holstad, som seinare skulle få prøve seg i Hødd. Denne sesongen fylte han 16 år.

I 2000 stillte Hareid også med 2. lag i 6. divisjon. Dette fordi troppa var så stor, og at unge spelarar skulle få spele på seniornivå. Dette var fyrste gong Hareid IL hadde stilt med andrelag. Trenarar for 6. divisjonslaget som enda på ein respektabel 4. plass var Sverre Helleseth og Tommy Torsvik. Etter 18 kampar hadde Hareid 2 28 poeng, og ein målskilnad på 40-28. Den som fekk flest kampar for Hareid 2 var Roy Inge Brandal med 17 matchar på samvitet. Toppskårar var Remi Helleseth med 9 skåringar.

Fyrstelaget måtte no jobbe hardt fram mot 3. divisjon neste sesong dersom dei skulle unngå nedrykk til 4. divisjon igjen.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR