hareid_il_logo_135.png









 

13.02. Djupdykk i arkivet: Poengtrekk-gåta er løyst

Eiliv-Tore Howlid (biletet) danna ein livsfarleg spissduo saman med Bjørge Worren i 2000. Til saman scora dei 57 mål for Hareid.
Eiliv-Tore Howlid (biletet) danna ein livsfarleg spissduo saman med Bjørge Worren i 2000. Til saman scora dei 57 mål for Hareid.

Tidlegare i år etterlyste vi informasjon om kvifor Hareid a-lag vart trekt tre poeng i 4.-divisjon i 2000. Svaret finn vi i ein liten notis i Vikebladet Vestposten i august det året. Der står det å lese at Hareid nytta ein spelar som ikkje hadde betalt lisensen sin i vårkampen mot Skodje - eit lag Hareid forresten skal spele treningskamp mot torsdag førstkommande. Notisen gir ikkje svar på kven syndaren var. Like etter at Hareid vart trekt dei tre poenga i midten av august 2000 gjekk laget på eit overraskande tap borte mot VRF 2. Ei stor leiing i 4.-divisjon hadde dermed blitt redusert, og mange lurte på om Hareid skulle rote vekk opprykket og KM-tittelen. Det skjedde heldigvis ikkje. Hareid tok 16 av 18 moglege poeng resten av sesongen og rykte opp med glitter og glans. Før tredje siste runde var det framleis litt spenning, men då vann Hareid like greitt 18-2 heime mot MSIL, noko som framleis er klubbrekord i seriesamanheng på herresida. (Lagt inn: 13.02.12)

Referat frå Hareid - MSIL 2000, henta frå msil.no

Og det gjekk frå gale til verre. Resultatet på Hareid vil sjølvsagt gå inn i historia som eit av dei verste nokon gong for grøntrøyene. Det var verkeleg rått parti, nesten tosifra før pause og nærast ein fotballmessig tragedie for MSI.

Starten var ikkje så gale med 0-2 etter ca. 25 minutt, men deretter scora Hareid gjennomsnittleg kvart fjerde minutt. Først og fremst var det midtbane-' spelarane som blei totalt overspelt og ikkje hang med defensivt, og dermed kom Hareid nesten heile tida i stort Overtal mot dei fire MSI-forsvararane. Mot divisjonens beste lag vart det sjølvsagt ein håplaus forsvarskamp, med handball-siffer som resultat. Men det vart i alle fall to scoringar rette vegen, begge perler i form av ein flott lobb frå Erlend Sunde og eit glimrande skot av Stian Indrevåg.

ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR