hareid_il_logo_135.png









 

2002

2002-sesongen vart innleia med same spelarstall som året før. Trenar er framleis Knut Jens Ertesvåg. Han får med seg Johs. Chr. Riise som oppmann. Alt låg til rette for at det skulle bli ein bra sesong. Men den vart ikkje noko å skryte av diverre. Laget heldt seg i 3. divisjon, men sett bort frå det var der ikkje mange lyspunkt i løpet av sesongen. Treningane starta opp i veke 2 med 3 treningar i veka. Oppmøte og kvaliteten på treningane var bra. Stallen vart tatt ut i april, der 23 spelarar vart inkluderte. Av desse var 8 av juniorar, som òg spelte kampar for juniorlaget. Før sesongstart vart det ytra kritikk av storleiken av troppa. Det vart frykta at stallen var for liten til å halde ein stabil sesong. Og det med god grunn.  For a-laget skulle få merke at stallen ikkje var stor nok. Og at juniorane vart overbelasta med spel for både junior og a-lag. Det hende ofte at juniorar som var med a-laget måtte spele fleire kampar i veka, noko som sjølvsagt er uheldig.

Treningskampane før sesongen vart spelte i Sunnmørshallen og på lokale baner rundt om i nærmiljøet. Hareid virka å ha god kontroll, og vann dei fleste treningskampane. Det vart blant anna 6-3 siger mot Volda i Sunnmørshallen, og 1-0 siger over Bergsøy. Men når serien begynte kom også problema. Dette resulterte i få sigerar, og då sjølvsagt få poeng. Ved ferdigspelt vårsesong låg Hareid på nedre halvdel av tabellen, noko som ikkje var godt nok med eit såpass bra mannskap. Etter ein etterlengta sommarferie der det vart prøvd å rette på ein del problem, gjekk Hareid ut med omtrent same stil som før sommaren. Det skal nemnast at laget mista nokre spelarar etter sommaren. Dette på grunn av skulegang og militærteneste. Hareid måtte kjempe heilt til siste slutt før dei var sikra spel i 3. divisjon neste sesong. Remi Helleseth vart toppskårar og spelte flest kampar for Hareid denne sesongen. Etter sesongen fekk veret ein god del av skulda for at det hadde godt så dårleg, dette pga. av det hadde snødde ein del etter nyåret, og at det hadde vore ekstremt kaldt. Men det vart ikkje lagt skjul på at trenarane og spelarane også måtte ta på seg ein god del av skulda. Også denne sesongen var det unge spelarar som kom fram i lyset. To av dei var Kim Tore Husøy og Gunnar Ringstad. Begge desse spelarane skal etterkvart bli med å prege fotballhistoria til Hareid IL. Etter denne heller skrale sesongen trekte Ertesvåg seg som trenar. Inn kom ein kompetent og dyktig trenar med namn Kenneth Moldskred. Moldskred hadde spelt på Hareid i mange år før han vart trenar, og skulle halde fram med det. Han var òg kaptein på Hareid for a-laget. Pr. dags dato står Moldskred bokført med over 300 Kampar for Hareid.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR