hareid_il_logo_135.png









 

2003

Ei utgåve av Hareid frå 2003. Bak frå venstre: Gunnar Johann Rinstad, Ola Marius Rise, Erik Michon, Håkon Elias Frøysa Hansen, Svein Inge Nesset, Marius Rise, Audun Pilskog, Kjell Roger Skarshaug, André Egset Nupen, Kenneth Moldskred (spelande trenar).Frame: Knut Helge Hovden (materialforvaltar), Klaus Stian Moldskred, Vagn Scheide Mork, Kim-Tore Husøy, Even Hansrud, Remi Helleseth, Svenn-Erik Warholm, Joachim Moldskred.

Ei utgåve av Hareid frå 2003. Bak frå venstre: Gunnar Johann Rinstad, Ola Marius Rise, Erik Michon, Håkon Elias Frøysa Hansen, Svein Inge Nesset, Marius Rise, Audun Pilskog, Kjell Roger Skarshaug, André Egset Nupen, Kenneth Moldskred (spelande trenar).
Frame: Knut Helge Hovden (materialforvaltar), Klaus Stian Moldskred, Vagn Scheide Mork, Kim-Tore Husøy, Even Hansrud, Remi Helleseth, Svenn-Erik Warholm, Joachim Moldskred.

Året då Hareid skulle rykke ned, men ikkje gjorde det. Hareid miste mange spelarar, og var ein sikker nedrykkskandidat før seriestart. Men i Kenneth Moldskred sin første sesong som trenar skulle det altså ikkje gå slik…

Ertesvåg ut
Knut Jens Ertesvåg uttalte allereie med fleire kampar att å spele i 2002, at det vart hans siste sesong. Og med det måtte Hareid ut på trenarjakt. Først prøvde styret å rekruttere ein trenar internt, utan resultat. Med det måtte ein sjå seg om etter andre alternativ. Og under Grendacupen i romjula 2002 kunne Willy Nesset avsløre at Dagmund Evebø, ei slags legende i Ørsta- og Voldafotballen, var den nye mannen. Men så enkelt var det ikkje. For gjennom media fekk vi høyre at Evebø i følge seg sjølv aldri hadde sagt ja til jobben, og at han heller ville trene eit av guttelaga til Volda.

Moldskred inn
Det var tidleg i prosessen snakk om at Kenneth Moldskred ville ta over etter Ertesvåg, men Moldskred hadde uttalt at han enno ville prioritere spelargjerninga, i tillegg til å trene Hareid sitt guttelag. Men no begynte tida å renne ut med tanke på å få på plass ein trenar, og Moldskred takka ja til å vere spelande trenar. Med seg som assistent fekk han Roar Riise. Ronald Øvrelid tok på oppmannansvaret, medan Knut Helge Hovden ”sjølvsagt” gjekk på ein ny sesong som materialforvaltar.

Spelarar ut, juniorar inn
Men ”problema” skulle ikkje stoppe der. For Hareid hadde mangel på spelarar. Eller la oss seie det slik: mangel på spelarar i senioralder. Ein grunn til det var at Brandal hadde starta opp at, og dit gjekk spelarar som Espen Beiermann og brørne Paus. I tillegg gjekk Lars-Roar Holstad til Hødd, Vidar Longva og Sigbjørn Skeide gav seg på det, medan sentrale brikker som Hallvar Møller, Stian Andre Slotterøy og Sturla Pilskog ville berre vere tilgjengelege om sommaren. Derfor vart det bestemt at juniorstallen skulle slåast saman med a-stallen. Som Kenneth Moldskred sjølv sa i eit intervju i avisa, så svekka det nivået på treningane, men det måtte berre bli slik. Unge talent som Svenn Erik Warholm, Kjell Roger Skarshaug, Audun Pilskog, Joachim Moldskred (alle fire fødde i 1986) og Håkon Frøysa Hansen (f. 85) skulle då også få nok av speletid utover sesongen.

Ung kaptein
Når det gjaldt kapteinsvervet, så sa Kenneth Moldskred frå seg det etter fem strake sesongar med bindet rundet bicepsen. Førsteårssenior Andre Egset Nupen fekk ansvaret. Nupen var ung, men hadde vore i a-stallen sidan 2001.

Storkeeper vender tilbake
Det såg lenge ut til at Stian Myrene (f. 86) skulle bli Hareid sin førstekeeper i 2003, men like før seriestart dukka ein gammal kjenning opp. Etter å ha vore innom Hødd, Molde og Grindvoll, hadde Vagn Scheide Mork bestemt seg for å returnere til Hareid. Det skulle vise seg at Mork skulle bli Hareid sin viktigaste spelar denne sesongen.

Elendig start, men så snudde det
Alt begynte i grunnen veldig dårleg. Hareid klarte ikkje å få med seg eit einaste poeng frå dei fem første kampane, og det såg ut til at ”ekspertane” som hadde tipp Hareid nord og ned skulle få rett. Men i årets 6. kamp, heime mot Stordal, skulle alt snu. Stordal var avdelinga sitt desidert svakaste lag denne sesongen, men 7-2-sigeren var likevel det som gjorde at Hareid fekk flyten. For dei neste fem kampane tok Hareid 13 av 15 mogelege poeng. Heimekampen mot Volda 27. juni toppa alt. Volda hadde enno ikkje tapt, og var på full fart mot avdelingssigeren, før dei tok turen til Hareid. For Volda måtte gå av bana med eit 2-0-tap, der begge måla var signert 16-åringen Kjell Roger Skarshaug. Denne kampen blir rekna som ein moderne klassikar på Hareid Stadion.

Amerikanar hjalp til
Det hjalp nok at tidlegare nemnte Møller, Slotterøy og Pilskog tok på seg den raude drakta når sommaren nærma seg, men ”flyten” hadde nok også mange andre grunnar. Skal vi likevel trekke fram andre enkeltspelarar som utmerka seg denne våren, så kjem vi ikkje utanom Eric Michon. Det var Kenneth Moldskred som tok med seg Michon til Noreg. Den unge amerikanaren gjorde seg utmerka med si enorme fart som spiss på junior- og a-laget, så vel som med sitt store humør utanfor bana. På sju 3. divisjonskampar scora Michon fire mål. Mellom anna stod han for begge måla i 2-1-sigeren over Aksla. Men det skal også nemnast at Hareid seinare fekk bot for å ha brukt Michon. Papira skal ikkje ha vore i orden.

Gjorde jobben, unngjekk nedrykk
Hareid sine resultat på hausten var svært varierande. Det var lenge usikkert om Hareid ville stå i divisjonen. Men i nest siste serierunde vart AaFK 2 besigra på Hareid Stadion, og då vart definitivt plassen sikra. I siste serierunde, borte mot avdelingsvinnar Volda, kunne Hareid tillate seg å sleppe inn på spelarar som ikkje hadde fått så mykje speletid så langt denne sesongen, ein del juniorspelarar i tillegg til guttespelaren Joar Møller. Men sjølv om det enda med eit stygt 9-0-tap, så enda Hareid på 7. plass. Ikkje verst til å vere første sesongen for ”nye Hareid”.

Sentrale spelarar
Vagn Scheide Mork var nok Hareid sin viktigaste spelar denne sesongen. I midtforsvaret heldt Kenneth Moldskred og Marius Rise seg, og sjølv om Rise skulle bli enda betre etterkvart, heldt dette midstopparparet absolutt mål. Saman med Rise var Svein-Inge Nesset den spelaren som spelte flest kampar denne sesongen, 26. Nesset var ei viktig offensiv kraft, noko også Even Hansrud var. Men heller ikkje Hansrud hadde spelt sin beste sesong for Hareid. Midtbanemotoren Kim-Tore Husøy fekk berre med seg speletid heilt på tampen av 2002-sesongen. Men i 2003 viste Husøy seg fram, og den ”ville” førsteårssenioren kan seiast å vere tapetlimet på Hareid si midtbane. Remi Helleseth vart toppscorar denne sesongen, med ti mål. Som nummer to på lista finn vi Hallvar Møller, med seks nettkjenningar.

Frå Henrik Bolstad Banne, Stian Nedberge og Svein Inge Nesset sitt prosjekt:

2003-sesongen vart ei stor prøve for spelarar og trenarar i klubben. Etter at Ertesvåg trekte seg etter 02-sesongen, var der ikkje ein erstattar på plass. Dette skapte uro i spelargruppa og i fotballstyret. Gruppa hadde i tillegg gått gjennom eit generasjonsskifte, og gjorde at stallen både vart tynn og ung. Dei eldste var tidleg i 20-åra, og dermed hadde klubben eit uerfarent lag på papiret. Spørsmålet var om det uerfarne og unge Hareid-laget skulle klare å halde plassen i 3 divisjon. Dei aller fleste medium og enkeltpersonar hevda at det skulle nesten eit under til for at Hareid skulle berge plassen i divisjonen. Trenarspørsmålet vart ikkje løyst før etter nyttår. Då vart det klart at Kenneth Moldskred skulle vere trenar 03-sesongen. Etter den beskjeden kom var det glede på styrerommet og i spelargarderoben. Spelarane visste at Moldskred var mannen som kunne få laget til å stå i 3. divisjon.

Treningane starta 6. januar, og med stort oppmøte etterkvart. Dette pga. av at alle juniorane trena samen med a-laget for å stable på beina eit best og mest mulig slagkraftig lag. Lars Roar Holstad melde overgang til Hødd rett før sesongstart. Holstad var ein spelar Hareid hadde trengt denne sesongen. Oppkøyringa gjekk bra, med jamt og godt oppmøte på treningane. Humøret på spelarane var det ikkje noko å seie på. Her er ein kommentar frå Moldskred om sesongoppkøyringa: Utfordrarstempelet og ein del dystre spådommar til tross, var stemninga god, og ei samla gruppe var 100% innstilte på å motbevise ”skeptikarane”. Dette viser at spelarane og trenarteamet var klar for ein tøff sesong, men at laget var tent, og skulle overvinne utfordringa. Halvvegs ut i forsesongen meldte 3-4 spelarar seg ut av idrettslaget og inn i re-oppstarta Brandal IL, noko som laget ”vann” på.

Etter ein vinter med knallhard trening var gutane klar for seriestart. Men den skulle vise seg å bli tøffare enn kva nokon hadde trudd. Statistikken etter 5 kampar var dyster og kan lesast slik: 5 tap, 0 skåra mål og 14 baklengsmål. Her har laget masse å jobbe med. Til tross for ein så miserabel start på sesongen, hadde spelarane og trenar ei offensiv og positiv innstilling. Gruppa hadde trua på at det ville snu. I den 6. kampen for sesongen snudde det for Hareid-laget. Det enda med 7-1 siger over Stordal på Hareid stadion. Etter den kampen vann Hareid 4 av sine 5 neste kampar. Den femte enda uavgjort. Dette var verkeleg ein opptur for fotballgruppa og laget. Og som trenar Moldskred markerte tida i årsmeldinga: I ettertid, der og då, må vel underteikna seie at perioden Mai – Juni er den artigaste og mest lærerike eg har vore med på! Hareid klarte til og med å tukte serievinnaren Volda med 2-0 på Hareid stadion. Det som var ekstra spesielt med den sigeren var at det var ein fyrsteårs junior som skåra begge måla. Namnet på spelaren er Kjell Roger Skarshaug. Skarshaug er ein spelar som har hatt suksess på Hareid sitt a-lag. Pr. dags dato (vinter 2007) er Skarshaug skada, men vi håper å sjå han på bana om ikkje så altfor lenge. I sommarpausen trena spelarane bra, men når serien starta var framleis fleire av spelarane på ferie. Dette gjorde at det gjekk litt dårleg i kampane etter ferien. Men det betra seg mot slutten, og Hareid behaldt plassen med god margin. Dei enda til slutt på 7. plass med 31 poeng og ein målforskjell på 31-44.

Flest kampar denne sesongen hadde Svein Inge Nesset og Marius Rise, begge med 26 kampar. Flest mål skåra Remi Helleseth med 10 mål. På andreplass kom Hallvar Møller med 6, medan Svein Inge Nesset enda på tredje med 4 fulltreffarar. Kaptein for laget denne sesongen var André Nupen. Spelarane og trenartemaet gjorde ein kjempegod jobb denne sesongen. All ære til dei. Hareid-laget gjorde jobben nesten ingen trudde dei kunne klare, nemleg å halde plassen i 3. divisjon. Trenar Kenneth Moldskred skal ha masse skryt for å tenke positivt etter ein så miserabel start på sesongen. Utan trenaren si positive innstilling ville det sett tungt ut å redde plassen.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR