hareid_il_logo_135.png









 

2006

Hareid før ein treningskamp på Høddvoll kunstgras vinteren 2006.Bak frå venstre: Eiliv-Tore Howlid, Erdal Aydin, Henrik Bolstad Banne, Joachim Moldskred, André Egset Nupen, Kjell Roger Skarshaug, Marius Rise, Ronny Jørgensen, Audun Orten Trovåg, Daniel Slettebakk (keepertrenar), Remi Helleseth.Framme: Kenneth Moldskred (trenar), Stian Myrene, Bernt Aage Ulstein, Even Hansrud, Vagn Scheide Mork, Kim-Tore Husøy, Frank Holstad, Joar Møller, André Skotheim (hjelpetrenar).

Hareid før ein treningskamp på Høddvoll kunstgras vinteren 2006.
Bak frå venstre: Eiliv-Tore Howlid, Erdal Aydin, Henrik Bolstad Banne, Joachim Moldskred, André Egset Nupen, Kjell Roger Skarshaug, Marius Rise, Ronny Jørgensen, Audun Orten Trovåg, Daniel Slettebakk (keepertrenar), Remi Helleseth.
Framme: Kenneth Moldskred (trenar), Stian Myrene, Bernt Aage Ulstein, Even Hansrud, Vagn Scheide Mork, Kim-Tore Husøy, Frank Holstad, Joar Møller, André Skotheim (hjelpetrenar).

Det var i 2006 at Hareid skulle gjere det store. Hareid hadde gjort det  betre år for år etter at Kenneth Moldskred tok over skuta, og med eit par namn det lukta svidd av på plass i stallen, så var det nok av dei som begynte å snakke om 2. divisjon. Men kunne det eigentleg gå så bra?

Same støtteapparat
Hareid satsa på det same støtteaparatet som i 2005. Kenneth Moldskred fekk med seg Andre ”Skotty” Skotheim som spelande assistenttrenar. Harald Møller og Stein Arve Rise heldt fram som oppmenn, medan Knut Helge Hovden gjekk på atter ein sesong som materialforvaltar.

Jesus
Georg Aursnes gjekk frå Hareid til Hødd i 1996, og vart med tida ein bauta i forsvaret der. (På Hareid var han spiss.) Men etter 2005-sesongen klarte ikkje lenger Georg å kombinere jobb, familie og satsing på Hødd. Då begynte rykta å gå om at Georg kunne vere på veg tilbake til Hareid. Men ingen såg noko til han, og Gunnar Aursnes sin eldstefødde fekk etter kvart kallenamnet Jesus i Hareid-miljøet. – Han som alle hadde høyrt om, men som ingen hadde sett. Men så, ein vakker vårdag når grastustane var i ferd med å vise seg, dukka Georg opp på Hareid-trening. Dessverre vart det med den eine treninga,
samt ein omgang i heimekampen mot Valder. For då var både Eiliv-Tore Howlid og Marius Rise uaktuelle, og Georg vart trygla om å ta på seg den raude drakta. Det gjorde han, og gjorde ein absolutt habil jobb, før han måtte gi seg i pausa. Etter det var det ingen som såg han...

Rykte
I likheit med Georg hadde både Cato Eiksund Rogne og Stig Haugland etter kvart gitt seg i Hødd, og då begynte rykta å gå om at dei kunne ta turen over kulen til Hareid. Rogne hadde faktisk først blitt offentleggjort som spelande assistenttrenar for Bergsøy, men det at det viste seg å vere feil, gjorde berre at han kunne vere enda meir aktuell for Hareid. Om det var samtalar med Rogne og Haugland, veit vi ikkje, men ingen av dei dukka nokon gong opp...

Ronny Målrøvaren
Ronny Jørgensen spelte i Hødd til og med 2004-sesongen, men levde eit liv i skuggen av meir profilerte Geir Televik. Så i 2005 gjekk den kompromisslause spissen til Tornado/Måløy, der han bøtta inn mål for det under middels gode 3. divisjonslaget i Sogn og Fjordane. Men Jørgensen var busatt i Ulsteinvik, og utover hausten 2005 begynte han å vise seg på ein del Hareid-treningar. Så derfor var det ikkje så heilt overraskande at Hareid signerte han framfor 2006-sesongen. Ronny gjorde det meget habilt i treningskampane utover vinteren, og scora sju mål på sju kampar. I debuten mot Spjelkavik slo han til og med til med eit hat-trick. Då seristarten mot Hødd 2 kom, var Ronny i
dårleg form, og innsatsen hans den kampen var rett og slett svak. Det viste seg at randabergingen var skada, og han kom ikkje på bana dei to neste kampane. Men i sesongens fjerde kamp, mot Rollon, begynte showet. Då sesongen var avslutta, stod Ronny med 23 på 27 kampar. I serien putta han 15 på 19 kampar, noko som gjorde han til tredje mestscorande i avdelinga (saman med spisskollega Even Hansrud, som vi kjem tilbake til seinare. Nils Ottar Sandø, SIF, scora 16, men då også på ein del straffespark. Sandø delte trona med Frank Sverre Skorpen, som dette året befann seg i Spjelkavik.)

Nye spelarar og gamle spelarar
Framfor sesongens andre seriekamp, vart den tidlegare Bergsøy-spelaren Per-Ståle ”Pers” Nykrem speleklar for Hareid. Nykrem vart etter kvart fast venstre midtbanespelar, og var utvilsamt ei klar forsterkning. Søskenbarnet til Joar og Hallvar Møller, Frank Holstad, hadde Hareid-folket fått sett ved eit par høve under Grendacupen. Utover vinteren fekk han seg jobb i Ulsteinvik, og melde overgang til Hareid. Holstad viste seg å vere eit teknisk vidunder, men fekk berre med seg fem kampar før han forsvann igjen. Frå eigen stall kom Erdal Aydin opp i a-stallen på permanent basis. Han var berre ein av tre juniorar som fekk a-kontrakt denne sesongen (Dei to andre var Henrik Bolstad Banne og Joar Møller). Remi Helleseth og Svein-Inge Nesset hadde mange kampar for Hareid frå før av, men grunna skader fekk
ingen av dei spele seriekampar i 2005. Framfor denne sesongen var dei klare igjen for spel.

Nye keeperar
Vagn Scheide Mork gjekk på sin fjerde strake sesong som førstekeeper, og sin tredje strake som kaptein. Men Stian Myrene, som hadde vore reservekeeper sidan 2003, og som var så god på juniorlaget i 2005, var skada heile sesongen. Mykje var då duka for at juniorkeeper Mario Liavåg skulle bli flytta opp, men like før juniorkvalifiseringa skulle ta til, la han opp. Med det vart guttekeeperen Audun Orten Trovåg flytta opp som juniorkeeper og reservekeeper på a-laget. Orten Trovåg stod heile kampen då Hareid tapte 9-3 mot Ørsta i oppkøyringa (Det skal ikkje ha vore hans feil at det gjekk så dårleg), i tillegg til at han fekk tre innhopp. Utover våren dukka også austlendingen Sølve Johnsen opp. Han deltok jamt på treningane, men kom ikkje lenger enn at han fekk ein kamp på benken då Orten Trovåg var skada.

Dei som forsvann
Lars-Roar Holstad studerte i Bergen, og fekk i likheit med Hallvar Møller, Sturla Pilskog og Hallvar Møller ikkje med seg ein einaste kamp denne sesongen. Tommy Notøy gjekk til Brandal, som denne sesongen spelte i 5. divisjon. I tillegg forsvann Klaus Stian Moldskred og Ragnar Røyset av ulike grunnar. Svenn Erik Warholm hadde spelt på a-laget sidan 2002, og var av dei viktigaste spelarane då juniorlaget gjorde det så godt i 2005. Men denne sesongen sleit ”Svenn O” med skader, og måtte til slutt berre gi seg på det.
Roy Inge Brandal gjorde som sesongen i førevegen: Han begynte på Hareid, før han etter kvart forsvann til Brandal. Kenneth Moldskred sette seg sjølv på benken mot slutten av 2005-sesongen. I 2006 vart det med nokre innhopp, først og fremst i treningskampane, men også to i serien.

Standard lagoppstilling denne våren:
(4-4-2) Vagn Scheide Mork – Andre Egset Nupen, Joachim Moldskred (Eiliv Tore Howlid når han kom tilbake etter eit langt skadeavbrekk), Marius Rise, Joar Møller – Tore Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Olav Haug Vikebakk, Per Ståle Nykrem – Ronny Jørgensen, Even Hansrud. I tillegg spelte Svein Inge Nesset, Andre Skotheim og Bernt Åge Ulstein ein del.

Gode treningskampresultat. Høge forventningar.
Sett vekk frå det stygge 9-3-tapet mot Ørsta, og 3-3 mot Bergsøy, imponerte Hareid i oppkøyringa. Mellom anna vart Spjelkavik, som vart regna som ein av favorittane denne sesongen, slått 4-2. Dette, kombinert med at Ronny Jørgensen og Georg Aurnes hadde meldt overgang, gjorde at det vart stilt høge forventningar til Hareid framfor sesongen. Det var faktisk nok av dei som meinte at Hareid kunne rykke opp til 2. divisjon. Fotballformann Joar Gjerde gjekk til og med ut i lokalpressa og snakka om at det ikkje var sikkert at Hareid hadde råd til opprykk dersom så skulle skje. Nettsida var av dei som hadde trua. Vi vurderte å plassere Hareid på 1. plass då vi skulle tippe årets sesong, men enda til slutt opp med å plassere ”oss” bak AaFK 2 og Spjelkavik, altså på ein 3. plass.

Intet cupeventyr denne sesongen
Før seriestart i 3. divisjon skulle Hareid spele cupkvalifisering mot
Spjelkavik på Herd si kunstgrasbane. Dessverre gjekk det ikkje Hareid sin veg. Spjelkavik vann nemleg 4-1, og med det kom ikkje eit laga a la AaFK til Hareid Stadion denne sesongen.

Skuffande serieopning
Hødd 2 spelte i 4. divisjon i 2005. 21. april reiste Hareid over kulen for å møte det unge laget. Og det begynte heilt forferdeeleg. Hødd 2 leia til og med 3-0 ei stund. Hareid reduserte to gonger, men det var altså ikkje nok. Mange spelarar gjorde ein slett innsats. Skal vi nemne noko positivt om denne kampen, må det vere at Kim-Tore Husøy scora frå midtbana på ein solblenda Vebjørn Skeide. Hareid vann årets andre seriekamp 4-2 heime mot Sykkylven. Eit 4-3-tap mot AaFK 2 i tredje serierunde grusla gullhåpet.

I godstimen
Rollon var grei skuring i fjerde serierunde. I den påfølgande kampen gjorde Hareid storeslem, og vann 7-0(!!!) borte mot Volda. Deretter tok Hareid eit sterkt bortepoeng mot Spjelkavik. I desse tider var Hareid verkeleg i storform. Målet Even Hansrud scora mot Spjelkavik er kanskje den finaste målet gjort av ein Hareid-spelar dei seinaste åra. Det vakre skotet sette utvilsamt standarden for det komande VM-sluttspelet.

Men så...
Langevåg var eit av topplaga denne våren, men då dei kom til Hareid, møtte dei rett og slett eit tafatt heimelag. Langevåg vann fortent 2-1, og sette stopparen for den sterke Hareid-perioden.

Varierande vårsesong
Resten av vårsesongen hadde mykje rart å by på. Valder heime var ”easy match” (5-1), men tap borte mot Ørsta og 1-1 heime mot botnlaget Bergsøy var rett og slett langt under forventa. Med ein kamp mindre spelt (enn alle andre lag enn Hødd 2), låg Hareid på 9. plass før sommarferien.

Spelarar ut, juniorar inn
I sommarferien forsvann Svein Inge Nesset, Joachim Moldskred, Andre  Skotheim, Remi Helleseth, Frank Holstad, Carsten Grüner (storvokst tysk juniorspelar som vart kasta inn på topp mot slutten av eit par kampar) og Henrik Bolstad Banne til ulike studiar og lag. Det var lenge frykta at Marius Rise skulle flytte til Bergen, men så skjedde ikkje. Med det var det duka for juniorar på benken, og også fast på laget. Marius Slettebakk fekk med seg to juniorkampar på våren, men var den ”nye” som fekk mest speletid. Han var eigentleg midtbanespelar, men gjorde seg faktisk mest bemerka på backen. I tillegg fekk Magnus Snipsøyr og Robin Jackson Indreflø ein del speletid. Guttespelarane Ruben Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad og Audun Orten Trovåg fekk også nokre minutt. Frisk prioritering av Hareid!

I godstimen (Del 2)
Haustsesongen vart innleia med tap borte mot Sykkylven og stygge tankar om nedrykksstrid, men så vann Hareid fire kampar på rad. Det gjekk i tur og orden ut over Hødd 2, AaFK 2, Rollon og Volda. Det var høge forventningar då haustsvake Spjelkavik besøkte Hareid, men då tapte Hareid, og godstimen (del 2) var over.

Framgang, i år også. Og også den beste prestasjonen sidan 1992...
Hareid avslutta sesongen med katastrofale 7-2 borte mot Bergsøy, men enda på 3. plass. Det var nok ein gong betre enn året i førevegen. Framgang er eit ord Kenneth Moldskred har nytta seg mykje av. Og under Moldskred har kvar sesong enda betre enn den forrige (7-6-4-3 frå 2003 til 2006). Sjølv om Hareid ikkje var eit stabilt lag i 2006, så var Hareid eit topplag. Med SIF som suveren avdelingsvinnar var Hareid aldri nær opprykk, og mange vil vel seie at forventningane ikkje vart innfridde. Men det er ingenting som lyg så
lite som ein tabell, og Hareid var Søre Sunnmøre sitt nest beste lag i 2006.

Avdelinga sitt beste spisspar, del 2
Even Hansrud stod med 20 mål for Hareid før denne sesongen. Men i år har han utelukkande blitt nytta som spiss, og det har resultert i 24 mål på 30 kampar. Medrekna alle kampar vart dermed Even Hareid sitt toppscorar i 2006. Even er kanskje ikkje den raskaste og best trente, men når det kjem til teknikk og fotballforståing, så held han eit meget høgt nivå.

Årets Spelarar
Even Hansrud og Kim-Tore Husøy

Frå Stian Nedberge, Henrik Bolstad Banne og Svein Inge Nesset sitt prosjekt:

06-sesongen var den sesongen der Hareid skulle gjer det verkeleg store. Laget hadde hatt framgang år for år, og skulle det bli framgang dette året kunne laget snakke om opprykk. Men var det sannsynleg at laget kunne ta steget opp til 2 divisjon? Hadde Hareid IL økonomi til å rykke opp? Dette var spørsmål som mange spurte seg sjølv. Trenar Kenneth Moldskred heldt fram denne sesongen også. Det same gjorde hjelpetrenar Andre Skotheim. Troppa fekk ein del nye spelarar føre denne sesongen. Dei var Ronny Jørgensen (Tornado/Måløy) og Per Ståle ”Pers” Nykrem (Bergsøy). Desse spelarane skulle prege denne sesongen for Hareid. Laget fekk òg tilbake spelarar frå skadelista. Desse var Svein Inge Nesset og Remi Helleseth. Desse spelarane kunne styrke laget denne sesongen. Men laget mista òg spelarar på grunn av skader og skulegang. Lars Roar Holstad reiste til Bergen for å studere. Roy Inge Brandal og Tommy Notøy melde overgang til Brandal.

Treningane starta opp i desember med godt oppmøte. Det vart fokusert på at laget skulle ha den beste kondisjonen i ligaen, noko som vart gjennomført bra. Dermed var laget klar til å starte ein god sesong. Treningskampane viste gode resultat og optimismen var god før seriespelet, men resultata skulle vente på seg. Hareid opna med 3-2 tap borte mot Hødd 2, men kom sterkare ut i sesongen. Laget hadde sterke perioder der dei var nesten uovervinnelege. Etter sommarferien mista laget fleire spelarar på grunn av studie og klubbytte. Spelarar som reiste vekk til fordel for utdanning var Svein Inge Nesset, Henrik Banne og Joachim Moldskred. Hjelpetrenar Andre Skotheim melde overgang til Hødd etter sommaren.  Haustsesongen vart innleia med tap borte mot Sykkylven og stygge tankar om nedrykksstrid, men så vann Hareid fire kampar på rad. Det gjekk i tur og orden ut over Hødd 2, AaFK 2, Rollon og Volda.  Hareid avslutta sesongen med katastrofale 7-2 borte mot Bergsøy, men enda på 3. plass. Det var nok ein gong betre enn året i førevegen. Framgang er eit ord Kenneth Moldskred har nytta seg mykje av. Og under Moldskred har kvar sesong enda betre enn den førre (7-6-4-3 frå 2003 til 2006). Sjølv om Hareid ikkje var eit stabilt lag i 2006, så var Hareid eit topplag. Med SIF som suveren avdelingsvinnar var Hareid aldri nær opprykk, og mange vil vel seie at forventningane ikkje vart innfridde. Even Hansrud stod med 30 mål for Hareid før denne sesongen. Men i år har han utelukkande blitt nytta som spiss, og det har resultert i 24 mål på 30 kampar. Medrekna alle kampar vart dermed Even Hareid sitt toppscorar i 2006. Årets spelar vart Kim Tore Husøy saman med toppskåraren Even Hansrud.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR