hareid_il_logo_135.png









 
02.10. Dykk i arkivet: Talentfulle Hareid-spelarar i 2006

2006 er ikkje så frykteleg lenge sidan, men karane på biletet har likevel forandra seg litt sidan den gongen. Vi ser frå venstre Robin Jackson Indreflø (f. 1989), Magnus Giske Snipsøyr (f. 1988), Marius Slettebakk (f. 1989) og Ruben-Kenneth Brandal (f. 1990). Biletet er tatt i høve ein seriekamp på Hareid stadion om hausten. Hareid vann 3-1 heime mot Hødd 2, og alle desse fire unggutane kom på bana. Indreflø er Hareid-spelar i år, og Brandal er i støtteapparatet. Slettebakk bur i Oslo og har lagt opp. Snipsøyr studerer i Danmark og spelar fotball for eit lokalt lag der.

Skrive i media, 2006

Joar Møller. Spelar bra, ”vanvittig” gode pasningar. 5.

Vestpostens Kristian Angelsen etter ein treningskamp mot Rollon – som Hareid vann 2-1.

Per Ståle Nykrem. Kjem inn på venstrekanten i pausen. Viser at han kan tilføre Hareid sin a-stall mykje.

Angelsen/Vestposten etter at Hareid slo Skavøypoll 4-1 i ein treningskamp.

- Vi byrjar ikkje å spele fotball før vi har sluppe inn tre mål.

Hareid-trenar Kenneth Moldskred til Sumpen etter 3-2-tap borte mot Hødd 2 i første serierunde.

- Det er noko ekstra over ”gutsen” til Hareid når denne mannen spelar. (…). Hareid sin beste igjen. 6.

Vestposten vurderer Kim-Tore Husøy etter same kamp.

- Vi vann kampen fordi vi drog fram hareidsgutsen!

Assistent André Skotheim til Sumpen etter 4-2-siger mot FK Sykkylven i 2. serierunde.

- Hareid vann fordi dei var flinkast til å spele møkkafotball.

FKS-trenar Erling ”Yttis” Ytterland til same avis etter same kamp.

- Alltid kjekt å score mål.

Even Hansrud til Sumpen. Even scora 4-2- og 4-3-måla då Hareid nesten henta opp AaFK 2 på Color Line i 3. serierunde.

- Mål pregar kampar.

Kenneth Moldskred til Sumpen etter 2-1 mot Rollon i 4. serierunde. Rollon var best i 2. omgang, men Hareid scora flest…

- Godt gjort er betre enn godt sagt. I dag snakkar vi meir enn vi gjer! Særs skuffande!

Kenneth til Sumpen etter 2-1-tap heime mot Langevåg i 7. serierunde.

- En kvalitativt god batalje.

Kenneth etter 3-2-tap på Siffen i 8. serierunde.

- Vi førte heile kampen, og var effektive, medan Valder var heilt ufarlege.

Vagn Scheide Mork til Sumpen etter 9. serierunde.  Hareid slo Valder 5-1, og Vagn var ein av målscorarane (på straffe).

Marius Rise (…) bomma ein gong på ballen, men det kan vere underlaget sin feil.

Vestpostens Leifen etter at Hareid vann 3-1 mot Hødd 2 i 13. serierunde.

Hødd 2 fekk i grunnen aldri fred til å kome i gang med spelet sitt – og det er derfor vanskeleg å framheve nokon framfor dei andre.

Same mann om same kamp.

Olav Haug Vikebakk. Medium. 5.

Vestpostens Leifen etter at Hareid vann 2-1 mot AaFK 2 i 14. serierunde.

- Ej kjøme som ein tulling.

Per Ståle Nykrem mot Volda i 16. serierunde (3-2-siger), ifølgje Vestposten.

Villmann utover i 2. omgang. Banens beste. 7.

Vestposten om Kim-Tore Husøy etter same kamp.

Hareid over toppen av medgangsbølgja.

Vestposten etter 2-0-tapet mot Spjelkavik i 17. serierunde.

- Kva drøymer du om?
- Det må vel vere å vinne fem hundre milliardar! Då kunne eg ha kjøpt mange BMW-ar!

Vestposten hadde laurdagsintervju med Ronny Jørgensen 23. september.

Poengdeling gir eit rett bilete av kampen, som like godt kunne ha enda 3-3.

Leifen etter 0-0 mot SIF i 19. serierunde.

Opna nonsjalant, spelte seg stort opp. 6.

Vestposten om Marius Rise etter 3-1-sigeren mot Ørsta i 21. serierunde.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR