hareid_il_logo_135.png









 

2007

Frå bortekampen mot Brattvåg i juni. Remi Helleseth går opp i duell, medan spisskollega Even Hansrud ventar på utfallet av duellen i bakgrunnen.

Frå bortekampen mot Brattvåg i juni. Remi Helleseth går opp i duell, medan spisskollega Even Hansrud ventar på utfallet av duellen i bakgrunnen.

Beste poengfangst i 3.-divisjon på 16 år

- Eit historisk tilbakeblikk på 2007-sesongen for Hareid a-lag

Det såg stygt ut i april. Men 2007-sesongen vart ein fest.

Pallplasseringa rauk i siste serierunde - med minst mogeleg margin. Men Hareid fekk 43 poeng dette året, og så bra hadde dei ikkje gjort det i 3.-divisjon sidan 1991. Først ei runde før slutt vart det endeleg klart at Hareid ikkje kunne vinne avdelinga.

---

Etter 2006-sesongen vart Kenneth Moldskred bytta ut etter fire strake sesongar som hovudtrenar. Kenneth hadde gjort gode ting med laget. Ein såg betring år for år, i alle fall om ein tenker på plassering (7.-plass i 2003, 6.-plass i 2004, 4.-plass i 2005 og bronsje i 2006).

Kenneth var også ein veldig populær mann, og var eit førebilete for mange unge på Hareid.

Skotheim, Televik, Riise
Det låg i korta at Andre Skotheim skulle ta over roret, og det gjorde han også. Skotheim var spelar og assistenttrenar for Hareid i 2005 og første halvdel av 2006, før han så spelte eit par månadar på Hødd, der han var mesteparten av si aktive karriere. Med seg fekk i trenarteamet fekk han Geir Televik og Johs Riise. Nordfjordingen Televik var ubeskriven som trenar, men hadde lagt bak seg ei stor fotballkarriere. Han spelte mest for Hødd, men var også innom Molde. Mange håpte at Televik også ville spele for Hareid. Men det vart med den eine treningskampen mot Hødd like før jul 2006. Johs Riise gjorde stor suksess som juniortrenar i 2005 (ikkje så stor suksess i 2006), og kjende såleis mange av spelarane i a-stallen veldig godt.

Warholm og Hovden
Are Olav Riise starta sesongen som oppmann, men vart etter ei stund avløyst av Svenn Erik Warholm. 21-åringen hadde mange a-kampar for Hareid, men etter 2005-sesongen vart ryggplagene så store at han ikkje kunne spele lenger. Derfor var det positivt at han kunne gjere noko for klubben på andre måtar. Kanskje ikkje overraskande, men Knut Helge Hovden gjekk på enda ein sesong som materialforvaltar. Det står respekt av jobben den mannen har gjort!

Svake treningskampresultat
Skotheim og co la opp til tre treningar i veka i sesongoppkøyringa. To av dei vart lagt til Høddvoll KGB på kveldstid, medan den tredje vart lagt til Hareid. I treningskampane sleit verkeleg Hareid. Resultata vart: 1-3-tap mot Hødd A, 3-0-siger mot Hødd B, 5-5 mot Herd, 2-2 mot Herd, 2-2 mot Bergsøy, 3-2-siger mot Bergsøy og i generalprøva: 0-5-tap mot nyopprykka Blindheim. Stemninga i leiren var ikkje god før sesongstart…

Melø og Molnberg inn
Gjennom vinteren hadde Hareid skaffa seg nokre forsterkningar. Karsten Melø var eit friskt pust. Melø, lege av yrke og fødd i 1977, hadde aldri spelt på høgare nivå enn 6.-divisjon. Han imponerte som høgrekant i oppkøyringa, men vart flytta ned som back til seriestart. Han imponerte stort i Hareid-drakta denne sesongen. I april kom Martin Molnberg over frå Bergsøy. Han var ein kjapp og ekstremt sterkt midstoppar, som etter nokre seriekampar spelte seg fast inn på laget, og plukka mange stjerner utover året. Utvilsamt eit godt ”kjøp”. Martin Ingjerd melde overgang frå Hødd, men etter to treningskampar for a-laget nøgde han seg med spel i juniorserien til han reiste til USA på hausten. Tre tidlegare Hareid-spelarar kom også tilbake til 2007-sesongen. Peter Paus og Espen Beiermann spelte fire sesongar i gult, medan Gunnar Ringstad var med i to år. No kom dei tilbake. Sjølv om ingen av dei klarte å spele seg til fast plass på laget, var dei gode tilskot til stallen.

Av juniorar vart Robin Indreflø, Marius Slettebakk, Audun Orten Trovåg (keeper), Ruben-Kenneth Brandal og Ørjan Engen Grimstad inkludert i a-stallen. Nikolai Røyset var også med i treningsgruppa, og fekk nokre innhopp i serien utover året. Det same gjorde Åge Møgster.

Vikebakk, Rise og Aydin ut
Olav Haug Vikebakk og Marius Rise la opp etter 2006-sesongen. Erdal Aydin trappa ned. Kjell Roger Skarshaug, Joar Møller og Svenn Erik Warholm var uaktuelle for spel grunna skader. Andre Skotheim spelte litt i treningskampane, men stod alltid ved benken i seriekampane. Elles var stammen i laget den same som året før. Per Ståle Nykrem drog lenge på det, men kom seg tilbake på Hareid-treningane litt før seriestart. Are Pilskog skreiv også under, men fekk berre med seg ein kamp.

Første seriekamp starta Hareid slik (4-4-2): Vagn Scheide Mork (kaptein) – Karsten Melø, Ørjan Engen Grimstad, Andre Egset Nupen, Ruben-Kenneth Brandal – Marius Slettebakk, Tore Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Per Ståle Nykrem – Even Hansrud, Ronny Jørgensen (visekaptein).

Sensasjonelt Helleseth-comeback
Etter kvart spelte Martin Molnberg seg inn på Nupen sin midtstopparplass. Remi Helleseth hadde vore meir eller mindre ute av trening (grunna skader) i to år, men utover våren klarte han å spele seg inn på laget igjen. Ganske så senasasjonelt! Det gjekk ut over anten Even Hansrud eller Marius Slettebakk. Eiliv-Tore Howlid klarte aldri å spele seg til ein fast plass på laget, men fekk ein del speletid, anten som midtsoppar, i midtbaneleddet eller som spiss.

7-1-4
I 1. kvalifiseringsrunde i cupen tapte Hareid 2-5 i Sykkylven. Men 1. runde i serien gjekk same stad. Då vann Hareid overraskande 1-0! Hareid spelte ikkje veldig bra, men fekk flyten. Det vart tre sigerar og eitt baklengs på dei tre første. Då var det 35 år sidan sist Hareid fekk ni poeng på dei tre første (i 3.-divisjon). Fjerde kamp enda med 1-2-tap borte mot SIF. Men totalt sett leverte Hareid ein bra vårsesong. Resultata vart (kronlogisk): 1-0-siger borte mot Sykkylven. 1-0-siger heime mot Volda. 2-1-siger heime mot Langevåg. 1-2-tap borte mot SIF. 2-1-siger heime mot Spjelkavik. 4-5-tap borte mot Hødd2. 3-3 heime mot AaFK2. 3-2-siger borte mot Valder. 3-1-siger heime mot Ørsta. 0-1-tap borte mot Brattvåg. 7-0-siger heime mot Blindheim. 1-2-tap heime mot Sykkylven. Det vil seie sju sigerar, ein uavgjort og fire tap = 22 poeng på 12 kampar.

Nupen flytta
Svenn Erik Warholm og Andre Egset Nupen flytta til Bergen før hausten. Nupen hadde gjort ein kanonjobb for Hareid i mange år, trass sin unge alder (24). Eldsjela Kristian Angelsen tok over som oppmann etter Warholm, eit verv han også hadde i 2004. Kim-Tore Husøy flytta til Bodø for å studere, men opphaldet vart relativt kort. Den einaste kampen Husøy ikkje fekk med seg hadde han karantene (mot Langevåg). Elles begynte Marius Rise å trene igjen, og utover hausten fekk han nokre innhopp, før han starta siste seriekamp mot Blindheim. Årets Hareid-spelar i 2005 har mest erfaring som midstoppar, men vart no umskulert til høgreback. Geir Televik gjekk til Hødd (som spelar) for å vere joker i opprykkskampen, og då måtte Hareid klare seg utan den kloke assistenttrenaren ut sesongen.

6-3-1
Haustsesongen til Hareid vart endå betre enn vårsesongen. Resultata vart (kronologisk): 1-1 borte mot Volda, 3-1-siger borte mot Langevåg, 1-1 heime mot SIF, 2-0-siger borte mot Spjelkavik, 2-3-tap heime mot Hødd2, 1-0 siger borte mot AaFK2, 5-2-siger heime mot Valder, 7-1-siger borte mot Ørsta, 3-1-siger heime mot Brattvåg og 1-1 borte mot Blindheim.
Det vil seie seks sigerar, tre uavgjorte og berre eitt tap = 21 poeng på 10 kampar.

Jamt i teten
43 poeng var 10 meir enn sesongen i førvegen, og fire meir enn i 1995. Mange syns nok at det vart surt å ikkje få medalje i den jamne toppstriden (SIF 50 p, Brattvåg 44 p, AaFK2 43 p, Hareid 43 p). Men totalt sett gjorde Hareid ein kjempesesong, der dei positive opplevingane stod i kø. Ikkje ein gong tapte Hareid med meir enn eitt mål, og sjeldan har Hareid vore så frykta. Blant konkurrentane.

Suksessformelen
Kva var det som gjorde at laget som vart dømt nord og ned før sesongstart gjorde det så bra?
Vi vel å trekke fram følgande:
* Trenarteamet. Viste eit voldsomt engasjement, og ikkje minst fotballfagleg tyngde.
* Hard konkurranse om plassane på laget. Tidlegare sentrale spelarar måtte sitte på benken.
* Trenarane satsa på dei unge. Ørjan Engen Grimstad (1990) storspelte i midtforsvaret, slik både Hødd og AaFK viste interesse. Ruben-Kenneth Brandal (1990) starta alle kampane på venstrebacken med unntak av ein. Marius Slettebakk (1989) var også god, både på midten og når han steppa inn for Melø på høgrebacken.
* Det gode samhaldet i gruppa. Ronny Jørgensen kunne gått til Hødd, men valte å bli. Spelarane stilte opp for kvarandre.
* Relativt stabil førsteellevar. Få omfattande skader.
* Gode treningsforhold. Kunstgrasbana kom endeleg på plass.
* Ein var gjerrigare bakover enn sesongane i førevegen.
* Spelarar stod fram, og tackla medgang og motgang i større grad enn før.
* Godt oppmøte på trening (berre to treningar i veka)
* Veldig god lagmoral under kamp. Kanskje var ikkje alle så godt trente, men i dei fleste tilfelle gav dei alt og litt til.

Ronny røva alt
Årets spelar vart Ronny Jørgensen (kåra av både HIL Fotball Nett sine referentar og besøkande). Han var enda betre enn sesongen i førevegen, og vart også toppskorar i 3.-divisjon med 17 mål. På stjernebørsen kom Kim-Tore Husøy, Martin Molnberg, Ørjan Engen Grimstad og Tore Ytre-Hauge på dei neste plassane.

Husøy skora 14 seriemål for Hareid. Remi Helleseth skora 12 mål. Husøy var også den som plukka flest kort. I tillegg til to utvisningar fekk han seks gule kort i serien.

Av totalt 31 kampar (treningskamp, cup, serie) spelte Kim-Tore Husøy, Even Hansrud, Remi Helleseth og Vagn Scheide Mork 28 kvar.


ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR