hareid_il_logo_135.png









 

Hareid 2009

2009 vart André Skotheim sin tredje og siste som hovudtrenar. Her saman med Kristian Angelsen, som var oppmann under alle Skotheim sine sesongar.

2009 vart André Skotheim sin tredje og siste som hovudtrenar. Her saman med Kristian Angelsen, som var oppmann under alle Skotheim sine sesongar.

A-laget i 2009: Så kom motgangen

2000-talet har nesten vore eit merkeleg stabilt tiår for Hareid sitt a-lag. Opprykk til 3. divisjon i 2000 etter to år down under, deretter følgjande plasseringar frå 2001 til 2008: 8-7-7-6-4-3-4-6. Ingen lag i 3-divisjon kunne vise til liknande stabilitet. Spesielt frå 2005 og utover hadde Hareid vore verkeleg gode. 2009 vart sesongen då motgangen kom. Og då han kom, var det ikkje måte på heller.
Hareid mista fleire gode spelarar før sesongen, men fekk også inn ein del eksterne spelarar som vi trudde skulle heve laget. Trioen Ruben-Kenneth Brandal, Christian Mork og Ørjan Engen Grimstad forsvann til Hødd. Audun Orten Trovåg, som var keeper for Hareid hausten 2008 på lån, gjekk tilbake til Hødd. Daniel Hansen flytta tilbake til Finnmark. Dag Gøran Brandal og Espen Beiermann trappa ned. Remi Helleseth la opp. Det same gjorde Martin Andreas Molnberg, årets spelar i 2008. Alle desse hadde vore meir eller mindre viktige brikkar i 2008.

Av dei som slutta seg til gjennom vinteren var det store forventingar til spesielt Andreas Kurseth (Hødd) og Thomas Sætre Hauge (Bergsøy). I tillegg kom Steffen Uldbæk (Bergsøy), Robert Ulfstein (Bergsøy), Marius Gunnarstein (Larsnes) og Steffen Lilleås (Stranda). Frå juniorstallen vart Alexander Indreflø, Antoni Gardshol,  Martinus Røyset Bakken, Benjamin Slettebakk og Joachim Røyset (etter kvart) flytta opp. I tillegg var Ronny Jørgensen på veg tilbake etter å vore skadd i heile 2008. Vi trudde i mars at vi hadde ein bra stall på plass, men dessverre slo ikkje mange av dei antatt forsterkningane til.

Det såg veldig lovande ut i januar etter at eit b-prega Hareid spelte 4-4 mot eit toppa Hødd-lag i ein treningskamp. Men prestasjonane frå den kampen fekk vi aldri sjå igjen. Resten av treningskampane var sånn passe. 2-1 mot Bergsøy var OK, 0-5 mot Træff var eit vanskeleg resultat å dømme, 1-4 mot Hødd 2 var svakt, medan 2-1 mot Rollon løfta inntrykket igjen. Cupkampen mot Brattvåg begynte bra med 1-0-leiing, men så vart Vagn Scheide Mork utvist – og vi hadde ikkje med reservekeeper. Så Kim-Tore Husøy, som var på veg tilbake etter skaden han fekk hausten 08, gjekk i mål. Også han vart utvist, og Hareid fullførte kampen med Eiliv-Tore Howlid i mål og 1-6-tap.

Vårsesongen vart enkelt og greitt eit lite mareritt. Det begynte og starta på verst tenkeleg måte. 0-3 i opninga mot nyopprykka Norborg og 0-8-tap mot same lag i Søvika i våravslutninga. I mellomtida var det heller ikkje mykje å skryte av. Høgdepunktet var 4-3-sigeren borte mot Brattvåg. Til saman vart det berre tre sigrar og ni poeng. Sett vekk frå dei flaue tapa mot Norborg og eit 0-4-nederlag mot Volda vart Hareid aldri direkte knust. Det vart fleire eittmålstap, og det vitna om at mange av spelarane var for dårleg trena til å stå løpet ut.

Hareid mista mange spelarar i sommarpausen. Torgeir Rusten og Steffen Lilleås flytta heim igjen. Joar Møller og Robin Jackson Indreflø starta studiar i Bergen. Og trioen Thomas Sætre Hauge og brørne Marius og Oskar Gunnarstein (sistnemnte kom til Hareid tidleg i juni) gjekk alle til moderklubben Gursken/Larsnes. Andreas Kurseth hadde halta seg gjennom nokre kampar i vårsesongen, men vart operert i juni og dermed ute lenge.

(Mads André Værnes vart brukt som ”sommarvikar” i tre kampar og Nikolai Røyset utleigd frå Lokomotiv Oslo for å spele nokre kampar før og etter sommar. Ole Magnus Melchior, som var med i 2008, spelte nokre kampar etter sommarpausen)
(André Nupen flytta tilbake til Hareid i vinter og fekk nokre får kampar om våren, før han trappa ned til Hareid 2-spel etter sommaren)
(Tore Ytre-Hauge vart henta opp nokre kampar i haust for å hjelpe oss)

Dei som var igjen satsa på ein skikkeleg god treningssommar. Ein spelar som Ronny Jørgensen, som hadde ein lang veg å gå etter skadeperioden på godt over eitt år, fekk trena betre. Det same gjaldt Even Hansrud, som var skadd store delar av våren. Hareid hadde no ein mindre stall, men dei som var igjen var innstilla på å gjenreise æra. To spelarar kom inn. Svein Inge Nesset var tilbake etter tre år i Sogndal. Og ein rogalending med namn Ivar André Aadland flytta til Ulstenvik og slutta seg til Hareid.

Både resultatmessig og prestasjonsmessig vart haustsesongen ein opptur. Men ståplassen hang heile tida i ein tynn tråd. Håpet hadde vore ute om ikkje trenar André Skotheim hadde kome inn og avgjort til 2-1 i kampen mot Brattvåg. Etter eit knipent 1-2-tap mot Herd to rundar seinare måtte Hareid vinne dei fire siste for å ikkje kome nest sist. Det gjekk ikkje. Men tre sigrar på dei fire siste vitna uansett om at Hareid hadde mykje kvalitet i laget når dei beste var skadefrie. Status for hausten vart 4-1-5. Dermed enda Hareid med 22 poeng, to bak Godøy på sikker plass. Det betydde at vi måtte vente til AaFK 2 hadde spelt kvalik før vi visste om det vart nedrykk eller ikkje.
Etter å ha tapt 1-2 i første kamp mot Træff, såg det ikkje bra ut for AaFK 2 og Hareid. Måndag 2. november vann derimot AaFK 4-1 i bortemøtet, og då kunne vi puste letta ut. Hareid er klare for sin tiande strake sesong i 3.-divisjon Sunnmøre. Det kan ingen andre vise til.

Steffen Uldbæk vart kåra til årets spelar med suveren margin. Joachim Røyset vart årets unge spelar. Toppscorar vart kaptein Kim-Tore Husøy med ni mål. Eiliv-Tore Howlid og Even Hansrud runda 200 kampar og Vagn Scheide Mork 250 kampar denne sesongen.



ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR