hareid_il_logo_135.png









 

08.10. Hareid - Volda 3-3: Nedrykk med flagget til topps

Eit ungt Hareid-lag spelte 3-3 heime mot Volda i dagens serieavslutning. At Hareid rykkjer ned var klart alt før runden. Men med dagens poeng enda vi på 7.-plass, fire plassar høgare enn i fjor. Og om vi ikkje strakk heilt til i år med tanke på ståplass, så skal vi ha det at vi har gjort eit heiderleg forsøk. Dagens kamp viser også at vi har fleire unge spelarar som vil kjempe om meir speletid neste sesong. Og så var det jo kjekt at Kim-Tore Husøy vart toppscorar i 3.-divisjon...

TABELL

TOPPSCORALISTE

Andre resultat i sluttrunden:

Bergsøy - Herd 4-2
Hødd 2 - Valder 4-1
Stranda - Godøy 6-0
Norborg - Spjelkavik 3-3
Brattvåg - Rollon 4-2

NB. Trykk på det høgre øyret til Kim-Tore Husøy for å sjå biletserie.

03.10. Statistikkhjørnet: Husøy mot Brynestad i siste runde

Hareid-sida kjenner til at svært mange tippa på Kim-Tore Husøy som toppscorar i 3.-divisjon før sesongen. Det spørst om Nordicbet har meir pengar igjen på bok om Husøy klarer å halde Trond Brynestad med fleire bak seg på lista. I Sunnmørsposten for ei tid sida gav forresten Husøy naboklubben Hødd æra for suksessen hans i år. Derfor plukka vi ut eit bilete av Husøy med Hødd-drakt.
Hareid-sida kjenner til at svært mange tippa på Kim-Tore Husøy som toppscorar i 3.-divisjon før sesongen. Det spørst om Nordicbet har meir pengar igjen på bok om Husøy klarer å halde Trond Brynestad med fleire bak seg på lista. I Sunnmørsposten for ei tid sida gav forresten Husøy naboklubben Hødd æra for suksessen hans i år. Derfor plukka vi ut eit bilete av Husøy med Hødd-drakt.

Trur du at oppgjeret mellom Hareid og Volda neste fredag blir betydningslaust, så tru om igjen: Kim-Tore Husøy og Trond Brynestad skal gjere opp om kven som skal bli toppscorar i årets 3.-divisjon.
* Husøy scora ingen mot Valder i går. Brynestad bomma på straffe for Volda. Dermed er stoda som den var før runden. Husøy har 18 nettkjenningar, Brynestad 17. Det store spørsmålet er om Hareid kjem til å spele alle ballar til Husøy, og Volda det same til Brynestad, for at dei respektive klubbane skal få æra av å ha toppscoraren i avdelinga. Det vil tida vise. Vi må sjølvsagt heller ikkje gløyme at det står storscoraren i kø bak Husøy og Brynestad. Sjekk heile lista
* Dag Gøran Brandal scora sitt første Hareid-mål i går. Vi gratulerer. Brandal brukte 27 kampar på å nå den bragda. Men han har rett nok stort sett spelt back eller stoppar.
* Brandal må forresten sone for tre gule kort mot Volda. Han vart dermed den fjerde Hareid-spelaren som må det i år, etter Kim-Tore Husøy, André Egset Nupen og Joachim Moldskred.
* Joachim Røyset vart den tredje som vart vist ut for Hareid i år. Tidlegare har Kim-Tore Husøy og André Egset Nupen blitt det same. Men Nupen sitt raude kort vart i ettertid gitt Dag Gøran Brandal.
* Hareid a-lag har forresten oppført seg veldig pent i år. 31 gule på 21 kampar er relativt sett ganske lite. Det same er tre raude på 21 kampar.

Dette var sesongens siste ordinære utgåve av Statistikkhjørnet. No er det berre oppsummeringa etter sesongen som står att!

24.09. Statistikkhjørnet: Vagn i 300!

Statistikhjørnet etter 4-1-tapet mot Herd fredag.
* 27. september 1980 vann Hareid 4-1 mot Herd og rykte opp til dåverande 3.-divisjon. 24. september 2010 vann Herd 4-1 mot Hareid, og skal dermed spele kvalik om opprykk frå 3.-divisjon.
* Vagn Scheide Mork spelte sin 300. Hareid-kamp i dag! Det har berre 11 klart før han sidan oppstarten i 1946. Vagn debuterte for Hareid i 1993, men gjekk til Hødd etter 95-sesongen. Superkeeperen var også innom Molde og Grindvoll før han kom tilbake til Hareid våren 2003. Sidan den gong har Vagn vore vår faste keeper, sett vekk frå då han var skadd hausten 2008. Vi gratulerer bonden frå Grimstad med denne bragda!
* Georg Rise Gaasø starta sin første 3.-divisjonskamp for Hareid.
* Joachim Røyset starta sin første 3.-divisjonskamp for Hareid i 2010 (starta nokre gonger i 09).
* Daniel Reite spelte sin første a-lagskamp for Hareid. Daniel er eigentleg keeper, men kom denne gongen inn som spiss. 19-åringen er yngre bror av Benjamin. Dei blir dermed det andre brødreparet som spelar for Hareid a-lag i år. Håkon og Einar Orten Trovåg var dei første.
* Karsten Melø spelte sin første Hareid-kamp sidan 2007. Karsten steppa inn på kort varsel, og det er vi svært takksame for. 07-sesongen var nordmøringens einaste for Hareid. Då spelte han 23 kampar og scora eitt mål.
* Bernt Aage Ulstein spelte sin første Hareid-kamp sidan januar 2009 (4-4 i treningskamp mot Hødd A). Dette var Børneys 63. Hareid-kamp. Forresten kan vi nemne at han var kaptein for Herd tidleg på 00-talet.
* Trond Brynestad scora tre for Volda i dag, og er oppe i 17 mål i 3.-divisjon. Men vår eigen Kim-Tore Husøy er framleis på topp med 18.
* Denne kampen var den første i serien Joachim Moldskred stod over i år. Klubben med spelarar som har spelt alle seriekampane har berre blitt mindre og mindre. No heiter medlemmane Vagn Scheide Mork, Jørund Johansen og Tore Bjørge Mjønes.

24.09. Hareid - Herd 1-4: Håp i ei hengande line, trass heiderleg tap

Georg Rise Gaasø og Hareid leverte ein bra prestasjon, trass tap.
Georg Rise Gaasø og Hareid leverte ein bra prestasjon, trass tap.

Eit svært redusert Hareid-lag med fleire overraskingar i troppen gjorde ein god innsats, men tapte likevel 4-1 mot avdelingsvinnar Herd. Det var Hareids fjerde strake tap. Men tru det eller ei; no er det håp i ei hengande line før dei to siste kampane. Stranda tapte nemleg 2-1 heime mot Valder.

17.09. Statistikkhjørnet: Jørgensen tilbake, Husøy åleine på topp

Ronny Jørgensen (i midten) var endeleg tilbake for Hareid i 3.-divisjon, men vart dessverre skadd eit stykke ut i 1. omgang. Even Hansrud (til høgre) melde seg litt overraskande speleklar like før oppmøte i Fosnavåg, men vart skadd nok ein gong litt ut i 2. omgang. Betre har nok Kim-Tore Husøy (til venstre) det. Han har no ein fair sjanse til å bli toppscorar i 3.-divisjon for første gong.
Ronny Jørgensen (i midten) var endeleg tilbake for Hareid i 3.-divisjon, men vart dessverre skadd eit stykke ut i 1. omgang. Even Hansrud (til høgre) melde seg litt overraskande speleklar like før oppmøte i Fosnavåg, men vart skadd nok ein gong litt ut i 2. omgang. Betre har nok Kim-Tore Husøy (til venstre) det. Han har no ein fair sjanse til å bli toppscorar i 3.-divisjon for første gong.

Statistikkhjørnet etter 2-3 mot Bergsøy fredag.
* Ronny Jørgensen var tilbake i 3.-divisjon. Sist han spelte på det nivået var faktisk for Tornado Måløy mot Eid tidleg i juli. I mellomtida har Jørgensen berre ein Hareid 2-kamp på samvitet før han gjorde det svært god kamp i dag - så lenge han spelte. Vågsøyingen rakk å signere seg for to målgjevande før han måtte avslutte sin 94. Hareid-kamp alt etter ein halvtime.
* Kim-Tore Husøy scora to mål i dag, og er åleine på toppscorarlista for 3.-divisjon med 18 mål. Lasse Olsen har 16, men spelar no i Mjøndalen. Andreas Ulvestad frå Herd er Husøy sine næraste utfordrar med 15 mål, etter at også han netta to gonger i dag. Toppscorarliste.
* Kim-Tore Husøy har scora 49 % av Hareid sine seriemål i år, 18 av 37.
* Kim-Tore Husøy spelte sin 225. Hareid-kamp i dag. Dag Gøran Brandal spelte sin 25. Vagn Scheide Mork spelte sin 299., og jubilerer etter alt å døme mot Herd neste veke.
* Joachim Moldskred fekk sitt tredje gule kort for sesongen, og må stå over mot Herd neste veke. Ifølgje denne oversikta har han berre eitt, men vi minner igjen om at denne lista har fleire feil. Det er korta som dommarane melder inn til krinsen som tel, ikkje dei Sumpen sine ulike referentar klarer å fange opp.

17.09. Bergsøy - Hareid 3-2: Surare blir det ikkje

Hareid var vel så gode som Bergsøy og Gustav Pettersen denne kampen, men det vart null poeng også denne gongen.
Hareid var vel så gode som Bergsøy og Gustav Pettersen denne kampen, men det vart null poeng også denne gongen.

Hareid er no under streken etter dagens overtidstap mot Bergsøy. Hareid leia 2-0 og hadde spelt svært godt, men vart svært hemma då Ronny Jørgensen måtte gi seg før halvtimen var spelt.

14.09. Statistikkhjørnet: Husøy vart heidra

Kim-Tore Husøy fekk pokal for 100 Hareid-mål av fotballformann Ottar Røyset.
Kim-Tore Husøy fekk pokal for 100 Hareid-mål av fotballformann Ottar Røyset.

Statistikkhjørnet etter 2-1-tapet mot Hødd 2.
* Før kampen vart Kim-Tore Husøy heidra for 100 a-lagsmål i Hareid-drakta. Husøy nådde 100-talet sist heimekamp mot Norborg.
- Husøy scora ikkje i dag, men spelte skadd heilt til han vart tatt ut litt ut i 2. omgang. No ser det stygt ut med tanke på fredagens viktige kamp mot Bergsøy for Husøy, men vi håper det beste!
* Sidan Hareidsmyrane stadion stod klar i 2007 har Hareid og Hødd 2 møtt kvarandre tre gonger på den bana i 3.-divisjon. Alle oppgjera har enda med eittmålssiger til Hødd; 3-2, 2-1 og 2-1.
* På dei åtte siste 3.-divisjonsoppgjera mellom desse laga har Hødd vunne seks, medan to kampar har enda uavgjort.
* I sin 49. Hareid-kamp scora Steffen Uldbæk sitt tredje Hareid-mål. Dei to første måla hans kom i serieavslutninga mot Langevåg i fjor.
* Tore Johan Ytre-Hauge fekk sitt første gule kort for sesongen, medan Steffen Uldbæk og Dag Gøran Brandal begge fekk sitt andre. Uldbæk er forresten vekkreist når Hareid møter Bergsøy fredag (skal til Köbenhavn i heimlandet til faren).
* Talet på spelarar som har spelt alle seriekampane (18) for Hareid i år tel no fire personar; Vagn Scheide Mork, Joachim Moldskred, Jørund Johansen og Tore Bjørge Mjønes. Vagn er den einaste som har spelt samtlege 34 kampar.
* Hareid har tapt åtte seriekampar i år. Alle har komme to i slengen. Spjelkavik i 2. serierunde og Brattvåg i 3. serierunde, Bergsøy i 8. serierunde og Herd i 9. serierunde, Volda i 11. serierunde og Godøy i 12. serierunde, og no Rollon i 17. serierunde og Hødd 2 i 18. serierunde. La oss håpe at det betyr siger mot Bergsøy fredag!

13.09. Hareid - Hødd II 1-2: Mykje bra spel, få marginar, ingen poeng

Jørund Johansen og Dag Gøran Brandal spelte godt i Hareid-midtforsvaret i dag, men kunne ikkje hindre at Robin Hjelmeset (i blått) scora 2-0-målet ti minutt før slutt.
Jørund Johansen og Dag Gøran Brandal spelte godt i Hareid-midtforsvaret i dag, men kunne ikkje hindre at Robin Hjelmeset (i blått) scora 2-0-målet ti minutt før slutt.

Hareid leverte ein bra kamp mot Hødd 2, spesielt i 1. omgang. Men marginane var ikkje på vår side denne gongen, verken med tanke på utteljing på sjansar eller skadar på sentrale spelarar.

03.09. Rollon - Hareid 3-2: Så kom tapet

Hareid-trenarane Svein Dag Slettebakk (til venstre) og Bjørge Worren såg laget sitt ta leiinga to gonger, men til slutt likevel tape.
Hareid-trenarane Svein Dag Slettebakk (til venstre) og Bjørge Worren såg laget sitt ta leiinga to gonger, men til slutt likevel tape.

Hareid leia to gonger, men tapte til slutt 3-2 på Rollonbana i dag. Og det var i grunnen ikkje så mykje å seie på, for dette var ingen stor Hareid-dag. Likevel kjennest det litt surt med tanke på kor nære vi var 3-1-leiing like før 2-2.

28.08. 3.-divisjon fredag: Hareid held på 5.-plassen

Hareid har fått ein pangstart på haustsesongen, men dei fleste av dei antatt vanskelegaste kampane står att å spele. På biletet ser vi Hareid helse på dommarane før gårsdagens kamp mot Stranda. Frå venstre: Tore Johan Ytre-Hauge, Vagn Scheide Mork, Even Hansrud, Benjamin Reite, Steffen Uldbæk, Marius Rise, Joar Møller, Tore Bjørge Mjønes, Kim-Tore Husøy. Foto: Per Inia Brekke/Hareid-sida.
Hareid har fått ein pangstart på haustsesongen, men dei fleste av dei antatt vanskelegaste kampane står att å spele. På biletet ser vi Hareid helse på dommarane før gårsdagens kamp mot Stranda. Frå venstre: Tore Johan Ytre-Hauge, Vagn Scheide Mork, Even Hansrud, Benjamin Reite, Steffen Uldbæk, Marius Rise, Joar Møller, Tore Bjørge Mjønes, Kim-Tore Husøy. Foto: Per Inia Brekke/Hareid-sida.

Fem kampar vart spelt i 3.-divisjon fredag:

* Stranda - Hareid 1-1 (les meir lengre nede på sida)
* Brattvåg - Bergsøy 0-1
* Spjelkavik - Herd 1-4
* Godøy - Valder 3-2
* Rollon - Volda 1-3

Hareid har tatt åtte poeng på fire kampar etter ferien, og ligg no på 5.-plass. Stranda har same poengsum (24), men ligg bak grunna svakare målskilnad. Brattvåg på 7.-plass har 21 poeng. Norborg kan henge seg på med siger mot Hødd 2 måndag. Men taper dei den, trur vi at det er i første rekke Hareid, Stranda og Brattvåg som vil kjempe om 5. og 6.-plassen. Det er verdt å merke seg at Hareid skal møte Hødd 2, Bergsøy og Herd på rekke og rad etter Rollon-kampen neste veke. Ikkje eit veldig enkelt kampprogram, for å seie det slik. Hareid bør truleg vinne fire av dei seks siste for å komme på topp seks, og det kan fort bli i vanskelegaste laget.

Vi har tidlegare skrive at Godøy, Rollon og Spjelkavik er hekta av kampen om 6.-plassen. No kan vi på det næraste seie det same om Valder, som overraskande tapte mot Godøy i går.

Volda viste at dei vil gi Hødd 2 kamp om tredjeplassen med sin bortesiger mot Rollon. I toppen er det framleis berre tre poeng mellom Herd og Bergsøy.

TABELL

PS. Statistikkhjørnet kjem seinare i helga.

27.08. Stranda - Hareid 1-1: Iskald 14-åring fiksa poeng

Fredrik Aursnes har utlikna til 1-1. Her jublar han saman med Even Hansrud (14), Marius Rise og Kim-Tore Husøy. Foto: Per Inia Brekke/Hareid-sida
Fredrik Aursnes har utlikna til 1-1. Her jublar han saman med Even Hansrud (14), Marius Rise og Kim-Tore Husøy. Foto: Per Inia Brekke/Hareid-sida

Då det såg som mørkast ut for Hareid viste Fredrik Aursnes seg som ein iskald avsluttar - og sikra Hareid eitt poeng i den viktige bortekampen mot Stranda. Det kunne like fort ha enda med null.

20.08. Hareid - Norborg 4-0: Resultatet betre enn kampen

Ja av og til følest det litt rart å vinne 4-0, faktisk. I store delar av kampen var Hareid langt under pari, og vi får berre takke høgare makter for at Norborg aldri fann nettmaskene. Men utover i 2. omgang løsna det for Hareid - med ein Kim-Tore Husøy i kjempeform.

14.08. 3.-divisjon fredag: Stort sett status quo

Hareid ligg på den viktige 6.-plassen, men mot Norborg neste fredag er fleire sentrale spelarar vekke, og vi får sjekka breidda i stallen. Her benken mot Brattvåg i går. Frå venstre Kevin Blekksruten Hestholm, Ivar André Aadland, Jørund Johansen, Fredrik Aursnes, Joachim Røyset og Håkon Orten Trovåg.
Hareid ligg på den viktige 6.-plassen, men mot Norborg neste fredag er fleire sentrale spelarar vekke, og vi får sjekka breidda i stallen. Her benken mot Brattvåg i går. Frå venstre Kevin Blekksruten Hestholm, Ivar André Aadland, Jørund Johansen, Fredrik Aursnes, Joachim Røyset og Håkon Orten Trovåg.

Fem kampar vart spelt i 3.-divisjon fredag. Med unntak av av Rollon og Godøy i botnen gjekk ingen av laga fram eller tilbake på tabellen.

Kampane fredag:
* Brattvåg - Hareid 1-1: Sjå eiga sak under.
* Godøy - Bergsøy 1-3. Heimelaget utlikna etter 75 minutt og det var spenning i lufta fram til 1-2 kom etter 86 minutt. Hareid-leiren møtte Bergsøy-folket på ferja i kveld, og dei kunne fortelje om mange sløste sjansar ute i havgapet.
* Volda - Herd 4-5. Må ha vore ein OK kamp for nøytrale tilskodarar å få med seg. Det stod 1-5 etter 82 minutt. Så heldt heimelaget nesten på å hente opp Herd. For sikkerheita si skuld kan vi nemne at det ikkje vart delt ut raude kort denne kampen.
* Rollon - Valder 2-1. Kva har skjedd med Rollon eigentleg? Fem poeng på 12 kampar før sommaren, 6 av 6 moglege poeng etter. Om dei har ein spurt inne så må han uansett vere veldig sterk, for det er framleis ni poeng opp til ståplass. For Valder sin del begynner det å spøke snart. 14 poeng på 14 kampar er i minste laget. Og neste runde har dei Volda som motstandar.
* Norborg - Stranda 1-1. Dette er dei to laga Hareid må halde bak seg på tabellen, så at dei delte poenga skal vi ikkje protestere på. 
Utfyllande kampfakta

Dette betyr altså at det ikkje var dei spesielle forandringane på tabellen. At Godøy og Rollon bytta plass betyr ingenting før eitt av laga eventuelt kjem inn i ei ekstrem flytsone. Hareid ligg framleis på den særs viktige 6.-plassen, men avstanden ned til Stranda på 7.-plass er framleis berre fire mål.

Neste fredag møter Hareid og Norborg kvarandre i det vi må få lov til å kalle ein sekspoengskamp (det blir mange av dei). Synd for oss at André Skotheim er på reise, Ronny Jørgensen framleis skadd og Even Hansrud har karantene (Sumpen har telt to gule på han, men oppmannen meiner det er tre. Det må vi finne ut av). Men vi skal uansett prøve å gi dei god kamp.

13.08. Brattvåg - Hareid 1-1: Eitt poeng kunne ha vore tre

Hareids beste: Even Hansrud.
Hareids beste: Even Hansrud.

Ut frå spel og sjansar kan vi vel seie at poengdeling i Brattvågen var heilt greitt. Men det kjennest likevel litt surt ut med tanke på hendinga etter etter ca. 72 minutt.

09.08. Worren: - Vi spydde for drakta

Du hugsar kanskje denne mannen best som trenar for Hareid, eller spiss for Hødd og Start? I dag starta han som spiss for Hareid.
Du hugsar kanskje denne mannen best som trenar for Hareid, eller spiss for Hødd og Start? I dag starta han som spiss for Hareid.

(Hareid - Spjelkavik 2-1) Ikkje alle spelarane på dagens Hareid-lag såg ut til å ha trena like godt i sommar. Men å blø for drakta kan ein gjere uansett form, noko Hareid gjorde i dag. I tillegg til siste nytt innan Hareid-jobbing: Å spy for drakta.

09.08. Endeleg siger: Hareid - Vika 2-1

Hareid vann 2-1 mot Spjelkavik i dag etter scoringar av Even Hansrud og Tore Johan Ytre-Hauge. André Skotheim hadde målgjevande på begge nettkjenningane. Hareid spelte utan topscoraren og nest-toppscoraren i 3.-divisjon, sidan Kim-Tore Husøy hadde karantene og Ronny Jørgensen måtte kaste inn handkleet grunna skade berre minutt før kampstart. André Skotheim spelte derfor einsleg spiss.

Vi kjem tilbake med referat, kampfakta og kommentarar frå Bjørge Worren i kveld.

07.07. Ungt Hareid-lag heldt i ein omgang: ÅVK - Hareid 4-1

Hareid lot ungdommen få prøve seg mot Åram/VanKam på Eidså i dag. Supplert med meir rutinerte karar som Vagn Scheide Mork, Tore Johan Ytre-Hauge og Kim-Tore Husøy såg det lyst ut i éin omgang. For dei første 45 var Hareid best, sjølv om pausestillinga var 1-1. Fredrik Aursnes (14) scora Hareid sitt mål. I 2. omgang vart det omrokert mykje på laget, noko som ikkje gav ein positiv effekt. ÅVK vann til slutt 4-1, og det var vel for så vidt greitt nok kampen sett under eitt.

Trykk på biletet for å sjå fleire blinkskot.

29.06. Godøy - Hareid 5-1: Ikkje Hareid sin dag i dag heller

Jørund Johansen, Tore Johan Ytre-Hauge og dei andre Hareid-spelarane gjekk skuffa av bana mot Godøy i dag. Hareid tapte i dag fordi Godøy var mest konsentrerte i avgjerande augneblink - og hadde flest marginar på si side.
Jørund Johansen, Tore Johan Ytre-Hauge og dei andre Hareid-spelarane gjekk skuffa av bana mot Godøy i dag. Hareid tapte i dag fordi Godøy var mest konsentrerte i avgjerande augneblink - og hadde flest marginar på si side.

Som mot Volda kom Hareid tidleg i bakleksa, og resten av kampen skulle handle om å ta igjen 2-0 og 3-1. Det kunne Hareid fort ha gjort, men marginane var imot oss. Og med fire Hareid-spissar på tampen fekk Godøy pynte på resultatet med ytterlegare to scoringar. Hareid har aldri vunne på Godøya, og på 2000-talet aldri i siste kamp før sommarpausen, og historia gjentok seg altså nok ein gong.

25.06. Statistikkhjørnet: To gonger Marius-comeback

Marius Slettebakk varma opp før Volda-kampen.
Marius Slettebakk varma opp før Volda-kampen.

Statistikkhjørnet etter 5-1-tapet mot Volda i dag.
* Vi noterer årets største Hareid-serietap. Sist vi tapte så mykje var mot AaFK 2 heime i fjor haust (0-4).
* Det er spelt 11 av 22 rundar i årets 3.-divisjon - med unntak av to kampar. Men ingen av hengekampane kan hindre at Hareid ligg på 6.-plass etter halvspelt serie, rett nok på målskilnad framfor Stranda. Det blir ein spennande haust...
* To mann gjorde comeback for Hareid i dag. Marius Rise gav seg på Hareid vinteren 2008, men rakk 182 Hareid-kampar før overgangen til Lokomotiv Oslo. Marius Slettebakk spelte litt for Hareid i årets påskekamp mot "Loket", men spelte sist seriefotball for Hareid sommaren 2008. Då "Slettis" kom inn i dag var det hans 57. Hareid-kamp.
* Vagn Scheide Mork spelte sin 290. Hareid-kamp i dag.
* Tore Johan Ytre-Hauge spelte sin 110. Hareid-kamp.
* Ronny Jørgensen scora sitt 82. Hareid-mål i sin 92. kamp.
* Vagn Scheide Mork redda straffe for tredje kamp på rad. No har han redda sju av dei siste ni straffene Hareid har fått mot seg. Nokon betre?
* Ikkje den store publikumsinteressa for dagens kamp. Knappe 40 tilskodarar fekk med seg oppgjeret, sjølv om det ikkje rekna ein drope. Av dei bortekampane Hareid har spelt i år har det vore klart svakast oppmøte mot Herd og Volda. Og det er dei to største breiddeklubbane i krinsen. Ikkje til å forstå, eller finst det ei forklaring?
* Neste kamp: Borte mot Godøy tysdag.

123Neste
ARRANGEMENT

_________________________

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR