hareid_il_logo_135.png









 

Hareid a-lag sesongen 2012

Trass i mange tap vart det nokre lysglimt også i 2012, som kampane mot LGFK. Her Vagn Scheide Mork (to strafferedningar) og Kim-Tore Husøy (to mål) etter 2-2 kampane i Gurskebotn.
Trass i mange tap vart det nokre lysglimt også i 2012, som kampane mot LGFK. Her Vagn Scheide Mork (to strafferedningar) og Kim-Tore Husøy (to mål) etter 2-2 kampane i Gurskebotn.

Hard medfart i nytt terreng

Bra vart til gale og gale til verre for Hareid i 2012. Til slutt handla det berre om å fullføre sesongen på ein anstendig måte.

Hausten 2011 hadde vore ein stur opptur for Hareid a-lag. 11 av dei 12 siste kampane vart vunne, og sesongen vart krona med ein velfortent KM-tittel og opprykk til 3.-divisjon.

For første gong sidan 1992 skulle Hareid spele ein serie som også inkluderte lag utanfor eigen krins. Heile ni sunnmørslag skulle spele i 3.-divisjon i 2012, så Hareid skulle ”berre” ut på fem langturar; til Fræna, Averøya, Kristiansund, Sunndalsøra og Surnadal.

Optimismen var innleiingsvis stor i Hareid-leiren. Bjørge Worren og Svein Dag Slettebakk gjekk på ein ny sesong som trenarar, og Fredrik Aursnes (årets spelar i 2011) opna for å ta ein ny sesong på Hareid. Enkelte eksterne spelarar vurderte å hive seg med. Mellom anna var Langevåg-spissen Johann Bjørn Valsson til stades på spelarmøtet i desember.

Men Valsson kom ikkje, og Aursnes gjekk til Hødd. Einaste nysignering var Alexander Nevstad frå Hødd junior, men han ville bli mykje vekke grunna studiar på Bali. I tillegg kom klubblause Thor-Ove Brekke inn. Han hadde følgt treningane i siste del av 2011. Martinus Røyset Bakken satsa igjen etter å ha spelt på juniorlaget hausten i førevegen. Lars Andreas Dahlen Folkestad, Martin Mork Breivik og Audun K. Øvrelid var dei einaste frå junior og gute som var faste i stallen. I tillegg hospiterte Fredrik Andresen, Venthan Ketheeswaran og Thanusan Tharumalingam.

I utgangspunktet var det ingen som slutta etter 2011-sesongen, men både Joachim Moldskred, Georg Rise Gaasø, Benjamin Reite, Lars Henrik Hasund (Hasundgot) og Håkon Orten Trovåg (Hødd jr). fall i frå gjennom vinteren.

Treningsframmøtet var varierande. Øktene i Ulsmohallen i Ulsteinvik var populære kvar tysdag gjennom heile januar og februar. På Hareid varierte frammøtet. Men totalt sett var vel ikkje oppkøyringa noko verre enn året før. Snarare tvert imot. Berebjelkane var stort sett på plass, sett vekk frå Ronny Jørgensen, som var mykje skadd og ein periode vurderte å melde seg inn i Bergsøy. Noko han ikkje gjorde.

Treningskampane gjekk som vanleg opp og ned. Hareid opna med 1-1 borte mot Bergsøy før dei tapte heile 7-2 heime mot Åram/Van.kam.! Laget tok straks revansje med storsigrar mot Vartdal og Skodje. Deretter venta Hareid Group Vintercup. På eige kunstgras leverte Hareid ei flott turnering. Først med revansje mot ÅVK (3-1-siger), deretter 3-1 mot Hødd junior – og til slutt finalesiger 3-2 mot Ørsta. Kim-Tore Husøy viste god form og vart kåra til turneringas beste spelar.

Så gjekk det nedover igjen. 4-2-tap mot Eid var ein ting. Verre var det å tape 5-1 mot 4.-divisjonslaget MSIL i generalprøven. Det einaste positive var at Hareid vann 2. omgang 1-0.

Første offisielle kamp i 2012 var bortemøtet med Valder i NM. Hareid mangla både Kim-Tore Husøy og Ronny Jørgensen og tapte 4-2 etter ei varierande førestelling.

Før 3.-divisjonsopninga mot Stranda var nok mange både spente og usikre. Internt meinte dei fleste at laget måtte unngå for mange skadar og karantenar om det skulle vere håp om ståplass. Samt at den tynne stallen måtte forsterkast utover sesongen.

Men mot Stranda gjekk det rett så bra. Hareid vann 5-3 etter ein spennande og artig kamp. Ronny Jørgensen scora tre gonger, medan seriedebutanten Thor-Ove Brekke fiksa dei to andre. I andre runde tapte Hareid fortent 5-1 borte mot eit a-lagsdominert Hødd 2-lag. Det var ikkje i slike kampar Hareid skulle ”gjere det”. Derimot burde Hareid ta poeng heime mot nyopprykka Dahle. Hareid kom tidleg under 2-0 i ein kamp som vart utsett 40 minutt grunna eit uventa snøfall. Etter tafatt spel før pause klinka Hareid til i 2. omgang. Det eine angrepet etter det andre vart rulla opp, og etter at mål av Lars Andreas Dahlen Folkestad og Joachim Røyset stod det 2-2 før kvarteret av 2. omgang hadde gått. Hareid køyrte på, men sleit med å omsetje sjansane. I staden kontra Dahle inn eit mål og vann 3-2. Surt.

Dei to neste kampane spelte Hareid uavgjort. I 2-2-kampen borte mot LGFK (første uavgjorte kamp sidan serieavslutninga mot Volda i 2010) var kanskje Hareid litt heldige, men Vagn Scheide Mork stod som ein gud og redda to straffespark. I motsett ende av bana putta Kim-Tore Husøy to gonger. Heimekampen mot Brattvåg burde Hareid absolutt ha vunne. Kim-Tore Husøy utlikna til 1-1, og hadde ein kjempesjanse på overtid til å sikre tre poeng. Men den gong ei. Borte mot Averøykameratene hadde heller ikkje Hareid marginane på si side. Rett nok kom Hareid igjen under 2-0 tidleg, men mål av Thor-Ove Brekke og Ronny Jørgensen gjorde at leiinga vart utlikna. På slutten av kampen kunne det ha bikka begge vegar, men AK avgjorde til 3-2.

Alt vel så langt. Om ikkje poengfangsten var den store viste Hareid i alle fall at dei kunne spele jamt mot dei fleste.

Så kom ein svakare periode. Hareid leia 1-0 og 2-1 heime mot EOIL, men presterte å tape 6-3. I denne kampen viste Hareid svært dårleg samhandling defensivt. Mykje betre var ikkje det defensive i bortekampen mot Surnadal, då Hareid tapte 5-0. Brått hadde utgangspunktet gått frå greitt til dårleg, for kampprogrammet inn mot sommaren var ikkje det lettaste.

Hareid heva seg både med tanke på prestasjon og innstilling i bortekampen mot Bergsøy. Georg Eikrem Olsen utlikna Bergsøy si leiing, men ei historie frå 2010 gjentok seg. Bergsøy avgjorde kampen heilt på tampen.

Etter denne kampen slutta Bjørge Worren som Hareid-trenar. Det hadde vore klart sidan midten av april (etter Stranda-kampen) at han skulle flytte til Sørlandet denne sommaren. Hareid-leiinga gjorde mange forsøk på å få inn ei ekstern løysing, men måtte til slutt gå for plan b; ei intern. Svein Dag Slettebakk danna ein trenartrio saman med spelarane Vagn Scheide Mork og Tore Johan Ytre-Hauge.

Då vi skreiv starten av juni hadde Alexander Nevstad nyleg komme tilbake frå Bali. André Egset Nupen flytta heim igjen og spelte dei to siste vårkampane. Men på skadefronten var ikkje Hareid heldige. Joar Møller braut eit bein i ryggen mot LGFK 1. mai, og måtte stå over resten av vårsesongen. Han kom vel aldri heller opp på gammalt nivå om hausten. Nikolai Røyset rauk korsbandet i kneet mot Bergsøy og var dermed uaktuell resten av sesongen.

Hareid tok ikkje eit einaste poeng på dei fire siste vårkampane. Det vart klare tap mot topplaga Sunndal, Herd og SIF, sjølv om Hareid periodevis i desse kampane viste fine takter. I våravslutninga mot SIF gjorde eit ungt Hareid-lag (Tore Johan Ytre-Hauge og Kim-Tore Husøy stod over med tre gule kort, Ronny Jørgensen skade). Det stod 1-1 eit godt stykke ut i 2. omgang, men gode SIF vann 4-1.

Borte mot Volda burde og kunne Hareid tatt poeng. I sluttminutta jaga Hareid 2-2, men i staden kontra Volda inn 3-1 i overtida.

Poengfangsten halvvegs var fem poeng. Dei fleste forstod at Hareid måtte få ein veldig god start på haustsesongen. Om ikkje vart dette ein kamp om å fullføre sesongen på ein anstendig måte.

Joachim og Nikolai Røyset flytta til Oslo denne sommaren. Alexander Nevstad reiste til Bergen, men fekk likevel med seg nokre kampar då han var heime. Nikolay Sundgot skulle begynne som reisemontør og vart uaktuell. I tillegg stod Ronny Jørgensen over mange av haustkampane grunna skade og Kim-Tore Husøy var i utlandet heile september. Martinus Røyset Bakken trappa ned og var ikkje med i haust. André Egset Nupen fekk heller ikkje med seg mange kampane. Einaste nysignering var Ola Kalvø Vattøy frå Hødd junior. For å få eit greitt tal spelarar i stallen vart Christer Adrian Mork, Hiwa Alipoor og Antoni Gardshol flytta opp frå Hareid 2.

Hareid stilte unge lag i mange av haustkampane. Haustpremieren borte mot Stranda kolliderte med Norway Cup. Dermed mønstra Hareid eit lag med ein snittalder på 28 år (!). Det gjekk rett så bra. Hareid leia tidleg 1-0 og såg ut til å gå mot ein etterlengta slitesiger. Men fire minutt på overtid utlikna Stranda til 1-1.

Etter 7-0-tap heime mot eit a-lagsdominert Hødd 2-lag (Vagn Scheide Mork stod over med tre gule kort) og 4-1-tap borte mot Dahle var Hareid i realiteten klare for 4.-divisjon allereie.

Men tabellen betyr lite i lokaloppgjer. Hareid leia 3-0 til pause heime mot LGFK etter scoringar av Georg Eikrem Olsen, Christer Adrian Mork og Marius Rise. I 2. omgang vart Hareid pressa kraftig bakover på bana, og LGFK kom tilbake og utlikna til 3-3. Det såg dårleg ut for Hareid, men tre minutt på overtid banka Ola Kalvø Vattøy ballen i krysset frå 20 meter. Eit fantastisk mål. Og ein kjekk og etterlengta siger.

Denne sigeren dessverre bli den siste hausten 2012. Men Hareid gjorde stundom nokre fine prestasjonar. Som 2-2-kampen borte mot EOIL. Hareid mangla ei bråte spelarar, og måtte hente inn Per Ståle Nykrem for å styre midtbana. Elles var laget svært juniorprega. Men Vagn Scheide Mork stod ein forrykande kamp, og Georg Eikrem Olsen scora to flotte mål. Hareid vart truleg undervurderte, og kunne faktisk ha scora fleire mål også.

Hareid fekk eit lite løft etter denne kampen. Merkeleg nok vart treningsframmøtet betre og betre utover hausten. Det var ikkje uvanleg at det kom rundt 20 personar på ei økt i siste del av september og i oktober.

Men fleire poeng vart det ikkje. Hareid gjekk på eittmålstap både mot Surnadal og Bergsøy, i kampar som fort kunne ha gitt betre utteljing. Mot Bergsøy starta Hareid med fem gute- og juniorspelarar (Folkestad, Vattøy, Andresen, Breivik, Øvrelid), og dei klarte seg bra. Det skjedde også fleire gonger denne hausten at halve laget var juniorar.

Dei siste fire kampane var ikkje Hareid nære poeng. Sjølv om treningane ofte var gode var ikkje det godt nok til å hamle opp mot verken Sunndal, Volda, Herd eller SIF. Sjølv om Hareid til dømes leverte ein god 1. omgang mot Herd. Då stod det 2-2, men Hareid tapte 6-2.

Sesongens einaste raude kort kom forresten mot Sunndal. Då var det Alexander Nevstad som kom for seint inn i ei takling og fekk marsjordre. Det gjorde ikkje situasjonen lettare – og Hareid tapte 6-0 for andre gong denne sesongen.

Totalt sett var det få oppturar for Hareid a-lag i 2012, men det var imponerande at dei fleste heldt oppe humøret trass i mange og til dels store tap.

Sesongen vart avslutta med ei samling på Hareid hotell. Der vart Vagn Scheide Mork kåra til årets spelar, medan Martin Mork Breivik fekk prisen som årets unge spelar.

Ronny Jørgensen vart toppscorar i serien med åtte mål. Kim-Tore Husøy scora flest totalt (14). 

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR