hareid_il_logo_135.png









 

20.10. Hareid - SIF 2-6: Heiderleg innsats mot 2.-divisjonsmotstand

Kenneth Kjevik (som skal til å skyte) scora to mål mot Hareid laurdag.
Kenneth Kjevik (som skal til å skyte) scora to mål mot Hareid laurdag.

Hareid scora heile fire mål i 3.-divisjonsavslutninga mot SIF i dag. Dessverre enda to av måla i feil mål, slik at SIF til slutt vann 6-2. Likevel gjorde Hareid ein absolutt heiderleg innsats mot god motstand. 

13.10. Herd - Hareid 6-2: God 1. omgang av Hareid

Thor-Ove Brekke og Hareid jobba godt i den låge sola på Moa, men kom til kort mot Herd sitt kjappe angrepsspel i 2. omgang.
Thor-Ove Brekke og Hareid jobba godt i den låge sola på Moa, men kom til kort mot Herd sitt kjappe angrepsspel i 2. omgang.

I ein fartsfylt Hareid kom Hareid tilbake to gonger. Christer Adrian utlikna til 1-1 og Kim-Tore Husøy til 2-2. Herd fekk eit tidleg mål etter pause, og trass i fleire gode overgangsmoglegheiter vann Herd til slutt klart og fortent.

06.10. Hareid - Volda 0-4: Blytungt

Det stod ikkje på viljen til Fredrik Andresen og dei andre Hareid-spelarane, men framfor Volda-målet kom Hareid til kort.
Det stod ikkje på viljen til Fredrik Andresen og dei andre Hareid-spelarane, men framfor Volda-målet kom Hareid til kort.

Hareid avslutta ein elles godkjent 1. omgang med å sleppe inn eit enkelt mål. Då Volda scora to kjappe etter pause gjekk lufta ut av Hareid-laget. Dette vart dessverre eit nytt kapittel i ein blytung sesong for Hareid. 

29.09. Sunndal - Hareid 6-0: Sprekk etter pause

Alexander Nevstad jobba godt, men vart utvist midt i 2. omgang.
Alexander Nevstad jobba godt, men vart utvist midt i 2. omgang.

Årets siste bortekamp der oppe i nord starta greitt nok. Hareid stod godt imot, men det var vel ikkje ufortent at Sunndal tok leiinga like før pause. Det vart verre etter pause, og heller ikkje betre då Hareid måtte spele siste 20 minutta med ti mann. 

22.09. Hareid - Bergsøy 0-1: Nyland redda Bergsøy

Sander Nyland i Bergsøy-målet var utvilsamt lokaloppgjerets beste spelar. Med "normalt" keeperspel hadde Hareid scora fire-fem mål denne kampen.
Sander Nyland i Bergsøy-målet var utvilsamt lokaloppgjerets beste spelar. Med "normalt" keeperspel hadde Hareid scora fire-fem mål denne kampen.

Hareid leverte ein heiderleg kamp og vel så det. Sander Håskjold Nyland i Bergsøy-buret stod ein praktkamp og redda mange opplagte Hareid-sjansar. Vagn Scheide Mork spelte også godt i Hareid-målet, men kunne ikkje hindre Daniel Kvalsik i å score kampens einaste mål etter 22 minutt. Dette var meir ein 4-4- eller 5-5-kamp, men bortelaget vann altså 1-0 etter 95 spennande, underhaldande og jamspelte minutt. 

15.09. Hareid - Surnadal 2-3: Ujamt i vinden

Det ville seg ikkje heilt for Hareid denne laurdagen, her ved Lars Andreas Dahlen Folkestad og Ole André Kragset (20).
Det ville seg ikkje heilt for Hareid denne laurdagen, her ved Lars Andreas Dahlen Folkestad og Ole André Kragset (20).

Hareid kunne ha tatt poeng etter ein godkjent 2. omgang, men totalt sett vart det litt for ujamt denne laurdagen.

08.09. EOIL - Hareid 2-2: Ei lita bragd i Fræna

Tomålsscorar Georg Eikrem Olsen, den gode keeperen Vagn Scheide Mork og den ferske kapteinen Thor-Ove Brekke.
Tomålsscorar Georg Eikrem Olsen, den gode keeperen Vagn Scheide Mork og den ferske kapteinen Thor-Ove Brekke.

Med tanke på at Hareid starta kampen med berre fire a-lagsspelarar i a-lagsalder (VS Mork, Kragset, Olsen, Brekke) trudde både oddssetjarar og andre at det skulle bli stygge siffer til fordel EOIL denne laurdagskampen. Men eit nykomponert Hareid-mannskap med mange spelarar frå juniorlaget og b-laget spelte godt og kunne fort ha slått det fysiske EOIL. Reisefølgjet sa seg uansett greitt nøgde med eitt poeng. 

01.09. Hareid - AK 1-3: Unødvendige baklengsmål gav tap

Thor-Ove Brekke og Hareid leverte ingen dårleg kamp totalt sett, men det vart tap denne gongen også.
Thor-Ove Brekke og Hareid leverte ingen dårleg kamp totalt sett, men det vart tap denne gongen også.

I ein jamn og tett kamp på Hareid stadion vart det 3-1-tap mot eit robust AK-lag laurdag. Ronny Jørgensen scora Hareid sitt mål.

24.08. Brattvåg - Hareid 6-0: I største laget

Ronny Jørgensen var ein av fleire som la ned god innsats mot Brattvåg utan at det gav utteljing i målprotokollen.
Ronny Jørgensen var ein av fleire som la ned god innsats mot Brattvåg utan at det gav utteljing i målprotokollen.

Hareid var fullt på høgde med Brattvåg i 1. omgang og ein periode etter pause. Derfor var det litt irriterande at dagens tap var såpass stort. Men på slutten rakna det heilt for Hareid.

17.08. Hareid - LGFK 4-3: Årets drama og årets herlegaste!

Tre av Hareid sine målscorarar; Ola Kalvø Vattøy, Marius Rise og Georg Eikrem Olsen.
Tre av Hareid sine målscorarar; Ola Kalvø Vattøy, Marius Rise og Georg Eikrem Olsen.

Etter fire månader med uflaks og udyktigheit hadde vi gløymt korleis det var å vinne. Og med gode mengder flaks og dyktigheit vann Hareid 4-3 i eit nervedrama av ein kamp i kveld. Det var nesten som om Harry Hole var sett på saka. Historia vart avgjort fleire minutt på overtid då Ola Kalvø Vattøy banka ballen i vinkelen!

11.08. Dahle - Hareid 4-1: Fortent tap etter svak 2. omgang

Dahles nummer 7, fysiske Jøran Sandøy, viste seg nok ein gong å vere ei tøff nøtt å knekke.
Dahles nummer 7, fysiske Jøran Sandøy, viste seg nok ein gong å vere ei tøff nøtt å knekke.

Hareid tok leiinga, og 1-1 halvvegs var vel relativt rett ut frå spel og sjansar. Men etter kvilen gira Dahle opp, og sjølv om Hareid stod imot lenge var det fullt fortent at heimelaget vann komfortabelt til slutt.

06.08. Hareid - Hødd II 0-7: Møtte overmakta, og vel så det

- Det følest ut som dei hadde dobbelt så mange spelarar som oss, sa ein Hareid-spelar etter kampen. Her ser vi Thor-Ove Brekke flankert av Thomas Lid Kleppe, Henrik Grimstad og Eirik Heltne.
- Det følest ut som dei hadde dobbelt så mange spelarar som oss, sa ein Hareid-spelar etter kampen. Her ser vi Thor-Ove Brekke flankert av Thomas Lid Kleppe, Henrik Grimstad og Eirik Heltne.

Hareid visste det ville bli svært tøft mot eit kanongodt Hødd 2-lag. Og slik vart det også. Det einaste positive for Hareid denne kvelden var talet på betalande tilskodarar.

31.07. Stranda - Hareid 1-1: Mista to poeng fire minutt på overtid

Stranda med tidlegare Hareid-spelar Torgeir Rusten på laget makta heller ikkje denne gongen å slå Hareid og Tore Johan Ytre-Hauge.
Stranda med tidlegare Hareid-spelar Torgeir Rusten på laget makta heller ikkje denne gongen å slå Hareid og Tore Johan Ytre-Hauge.

Hareid hadde ikkje vunne ein kamp i 3.-divisjon sidan sist møte med Stranda, og ville nok på førehand ha takka ja til eitt poeng mot divisjonens beste heimelag. Men når utlikninga til Stranda kjem fire minutt i overtida så er det klart det følest surt. 

26.07. Hareid - ÅVK 3-3: Rota vekk sigeren

Georg Eikrem Olsen viste gryande haustform mot ÅVK, då han båe scora og skaffa Hareid eit straffespark.
Georg Eikrem Olsen viste gryande haustform mot ÅVK, då han båe scora og skaffa Hareid eit straffespark.

Hareid såg ut til å gå mot ein grei 3-1-siger i treningskampen mot Åram/Van.kam. torsdag kveld, men to baklengsmål på tampen sørgja for "poengdeling". Uansett var nok dette ei grei økt for begge lag, der Hareid sleppte til fleire spelarar som ikkje har spelt a-lagsfotball i vår. 

01.07. SIF - Hareid 4-1: Stressa topplaget i 77 minutt

Kenneth Kjevik (9) vart til slutt tremålsscorar, men SIF hadde lenge store problem mot karar som Marius Rise og Vagn Scheide Mork - som hadde full kontroll i denne situasjonen i 1. omgang.
Kenneth Kjevik (9) vart til slutt tremålsscorar, men SIF hadde lenge store problem mot karar som Marius Rise og Vagn Scheide Mork - som hadde full kontroll i denne situasjonen i 1. omgang.

Eit nykomponert Hareid-lag let seg ikkje affisere og kjempa godt mot gode SIF i store delar av vårsesongens siste 3.-divisjonskamp. Stillinga til pause var 1-1 etter at Alexander Nevstad hadde utlikna på straffe for Hareid. Utover i 2. omgang vart Hareid slitne, og SIF vann til slutt komfortabelt 4-1.

22.06. Hareid - Herd 1-5: Scoring frå 54 meter. Så kom Herd.

Lasse Olsen kom ikkje på scoringslista i dag, men viste at han framleis kan vere god på dette nivået. Her i ein duell med Marius Rise, som stod for kampens prestasjon då han scora frå 54 meter!
Lasse Olsen kom ikkje på scoringslista i dag, men viste at han framleis kan vere god på dette nivået. Her i ein duell med Marius Rise, som stod for kampens prestasjon då han scora frå 54 meter!

Hareid kjempa godt, men Herd var rett og slett eit mykje betre lag. Marius Rise skapte uansett eit lite håp om poeng då han knuste eit frispark i krysset frå 54 meter!

15.06. Volda - Hareid 3-1: Heiderleg forsøk, men det vil seg ikkje heilt

Det vart nok eit tap for Hareid, her ved Thor-Ove Brekke og Martin Mork Breivik (15).
Det vart nok eit tap for Hareid, her ved Thor-Ove Brekke og Martin Mork Breivik (15).

Botnkampen på Volda stadion vart relativt jamn både sjanse- og spelemessig. Men igjen var Hareid litt for gåvmilde i forsvar, samt litt for lite kontante i angrep. Marius Rise gjorde det spennande då han på utsøkt vist reduserte til 2-1 etter 72 minutt. På tampen heiv Hareid alle mann i angrep og fekk eitt til i sekken. 

09.06. Hareid - Sunndal 1-4: Litt uheldige, litt udyktige

Joachim Røyset høgast i lufta på denne dødballen, men mål vart dei ei. Like etterpå reduserte Kim-Tore Husøy til 1-4, som også vart sluttresultatet.
Joachim Røyset høgast i lufta på denne dødballen, men mål vart dei ei. Like etterpå reduserte Kim-Tore Husøy til 1-4, som også vart sluttresultatet.

Hareid fekk ein marerittstart med to sjølvmål i sekken før det var spelt seks minutt. Deretter var Hareid på høgde med eit godt Sunndal-lag, spesielt sjansemessig. Men Sunndal var kvassast framover og tryggast bakover, og Tor Erik Torske dobla leiinga utover i 2. omgang. Hareid reduserte ved Kim-Tore Husøy etter 84 minutt.

01.06. Bergsøy - Hareid 2-1: Klar nivåheving, ingen poeng, ny alvorleg skade

Thor-Ove Brekke gjorde livet surt for Kjetil Steinsvik Paulsen gjennom store delar av kampen, men sistnemnde vart likevel matchvinnar til slutt.
Thor-Ove Brekke gjorde livet surt for Kjetil Steinsvik Paulsen gjennom store delar av kampen, men sistnemnde vart likevel matchvinnar til slutt.

Ein kan vel neppe seie at Hareid hadde marginane på si side i botnoppgjeret mot Bergsøy fredag kveld. Det opne oppgjeret enda med 2-1-siger til vertane etter ei avgjerande scoring i det 90. minutt. Tidlegare i kampen fekk endå ein Hareid-spelar ein alvorleg skade då Nikolai Røyset i verste fall rauk alle banda i eine kneet.

26.05. Surnadal - Hareid 5-0: Deja vu all over again

Det gjekk ikkje vegen i Surnadal. Hareid-spelarane er her frå venstre Tore Johan Ytre-Hauge, Ronny Jørgensen og Joachim Røyset.
Det gjekk ikkje vegen i Surnadal. Hareid-spelarane er her frå venstre Tore Johan Ytre-Hauge, Ronny Jørgensen og Joachim Røyset.

Vel. Eit lettkjøpt baklengsmål etter eitt minutt og 20 sekund - og eit nytt 12 minutt seinare. Så vart det ein desperat kamp om å komme inn igjen i kampen, noko Hareid aldri var i nærleiken av. Greitt nok; Surnadal hadde dagen og lukkast med det meste. Men som mot EOIL er Hareid for svake inne i boksen, og då blir det stygge siffer.

12Neste
ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR