hareid_il_logo_135.png









 

22.06. Hareid - Herd 1-5: Scoring frå 54 meter. Så kom Herd.

Lasse Olsen kom ikkje på scoringslista i dag, men viste at han framleis kan vere god på dette nivået. Her i ein duell med Marius Rise, som stod for kampens prestasjon då han scora frå 54 meter!
Lasse Olsen kom ikkje på scoringslista i dag, men viste at han framleis kan vere god på dette nivået. Her i ein duell med Marius Rise, som stod for kampens prestasjon då han scora frå 54 meter!

Hareid kjempa godt, men Herd var rett og slett eit mykje betre lag. Marius Rise skapte uansett eit lite håp om poeng då han knuste eit frispark i krysset frå 54 meter!

Før kampen:

Det skulle vel vere liten tvil om kven som var favorittar til denne kampen. Men Hareid gjekk til oppgåva med godt mot. Dessverre måtte Ronny Jørgensen stå over grunna ein skade. André Egset Nupen var tilbake etter to års eksil i Bergen, og starta som venstreback. Audun K. Øvrelid stod også over med skade, medan Nikolay Sundgot har trappa ned grunna jobb. Elles var alt som det vanlege. Alexander Nevstad var forresten inne på laget igjen, no som defensiv midtbanespelar.

1. omgang:

Hareid vart som venta liggande lågt i bana, og dette funka godt i innleingsfasen. Forsvarsspelet i starten av kampen var endå meir kontant enn vanleg, og ikkje minst Nupen stod fram som eit godt døme for dei andre. Det var likevel ikkje etter boka at Hareid tok leiinga. 14 minutt var spelt då Hareid fekk frispark éin meter inne på Herd sin halvdel, det vil seie 54 meter frå målet deira. Marius Rise heldt fram der han avslutta mot Herd og klinka ballen rett i krysset! Sjølvsagt svakt av Herd-keeper Henrik Hansen å ikkje redde, men like fullt nok ein årets mål-kandidat frå Rise. Dessverre såg scoringa ut til å gjere Hareid ukonsentrerte minuttet etter målet. Eirik Kampenes lurte Hareid si offsidefelle og reduserte like etter. Same mann kom fri ni minutt seinare og la på til 2-1, omgangens siste scoring. Hareid fekk sjeldan til noko i angrep, og vi noterte berre ein halvsjanse ved Kim-Tore Husøy. Herd på si side skapte fire sjansar, så 1-2 var i grunnen greitt halvvegs.

André Egset Nupen måtte gi seg i pausen. Inn kom Eiliv-Tore Howlid, som har vore på sidelinja lenge. Folkestad var flytta ut som venstreback.

2. omgang:

Om Hareid hang bra med i 1. omgang viste Herd kvifor dei kjempar i toppen av denne divisjonen etter pause. Jonas Ingebrigtsen la på til 3-1 etter 56 minutt då han skaut i mål via en Hareid-spelar. Då Kampenes sette inn sitt tredje for dagen like etter var det game over. Det skjedde ikkje all verda resten av kampen, før Erlend Strandkleiv sette inn 5-1 like før slutt. Hareid hadde nokre OK angrep i mellomtida, men ikkje med nok sting til å skape kvalifiserte sjansar.

Oppsummering:

Hareid tapte atter ein gong, men med den innstillinga laget viste i store periodar gir det håp om at poengsankinga skal takast opp igjen seinare i sesongen. Herd var rett og slett eit veldig godt lag, endå betre enn Sunndal, og har fleire spelarar som held 2.-divisjonsnivå. Vi skal hugse at Herd har vunne med større siffer enn dette mot fleire andre lag.

Trass i store siffer var det ein del å ta med seg vidare. Hareid suste inn i duellane på ein meir heilhjarta måte enn i ein del andre kampar. Det gjer at karantenane no kjem til neste kamp, og at det må komponerast på nytt mot SIF neste helg. Men vi får ta utfordringa. (Meir om karantenane i Statistikkhjørnet laurdag).

Til slutt vil vi takke publikum, som heldigvis ikkje har mista trua på laget. Vi talde tett på 100 tilskodarar då 2. omgang starta, og det er ikkje verst på ein dag då ein kan finne på alt mogleg anna i fineveret.

Ref. HIL

Kampfakta
3.-divisjon avdeling 9, runde 12
Hareid - Herd 1-5 (1-2)
Hareid stadion
100 tilskodarar
Mål: 1-0 Marius Rise (14), 1-1 Eirik Kampenes (15), 1-2 Kampenes (24), 1-3 Jonas Ingebrigtsen (56), 1-4 Kampenes (58), 1-5 Erlend Strandkleiv (90)
Dommar: Torbjørn Myklebust Krøvel, Ørsta IL - OK
Gule kort: Tore Johan Ytre-Hauge, Kim-Tore Husøy, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Alexander Nevstad (Hareid), Mads Pedersen (Herd)
Hareid (4-3-3): Vagn Scheide Mork - Ole André Kragset, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Marius Rise (VK), André Egset Nupen (Eiliv-Tore Howlid 46) - Alexander Nevstad, Tore Johan Ytre-Hauge (Martinus Røyset Bakken 62), Joachim Røyset - Martin Mork Breivik, Kim-Tore Husøy (Thor-Ove Brekke 67), Georg Eikrem Olsen.

Hareid-børsen:

Mork. 6
Kragset. 5
Folkestad. 5
Rise. 6 (Hareids beste)
Nupen. 5
Ytre-Hauge. 5
Nevstad. 5
J. Røyset. 6
Breivik. 6
Husøy. 5
Olsen. 6
Howlid. 5

ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR