hareid_il_logo_135.png









 

10.09. TYNN SUPPE I LANGEVÅG

Hareid a-lag tapte heile 5-1 borte mot Langevåg torsdag kveld. Totalt i år har Hareid 1-10 i målforskjell mot Langevåg, som faktisk ligg under Hareid på tabellen.

06.08. GENERALPRØVE FOR A-LAGET: 4-1-TAP HEIME MOT EMBLEM

Sjølv om Hareid glimta til i periodar vart det totalt sett ein rotete kamp mot Emblem torsdag kveld. Det positive var at fleire unge spelarar fekk sjansen.

28.05. VIGRA - HAREID 1-7: ROTA DET IKKJE TIL

Slik skal det feirast: Thor-Ove "Thoro" Brekke med saltofeiring etter 0-1-målet. Terningkast på målet: 5. Terningkast på feiringa: 4 (ut frå det strenge turn-reglementet).
Slik skal det feirast: Thor-Ove "Thoro" Brekke med saltofeiring etter 0-1-målet. Terningkast på målet: 5. Terningkast på feiringa: 4 (ut frå det strenge turn-reglementet).

Hareid held fram i den gode bortebane-tralten og vann med store siffer på Rota stadion, Vigra, i kveld. Georg Eikrem Olsen vart den store helten med to mål og to målgjevande. Men dette var ein lagsiger der alle bidrog på beste måte.

21.05. Hareid - FK Sykkylven 3-1: Årets første heimesiger!
JUBEL: Endelig kunne Hareid juble for ein heimesiger. Her jublar dei etter 2-0-målet som kom ved Thor-Ove Brekke.
JUBEL: Endelig kunne Hareid juble for ein heimesiger. Her jublar dei etter 2-0-målet som kom ved Thor-Ove Brekke.

Torsdag kveld tok Hareid årets første heimesiger då laget slo FK Sykkylven 3-1. Måla til Hareid kom frå Thor-Ove Brekke, Alexander Nevstad og eit sjølvmål.

14.05. TEKNISKE PROBLEM - DEL 2: HAREID - LANGEVÅG 0-5
dscf3472.jpg

Før i dag skreiv vi om tekniske problem her på Hareid-sida. Det same kan vi eigentleg også seie om dagens Hareid-prestasjon. Og det var ikkje berre tekniske problem. Hareid hadde også store problem med strukturen. Langevåg vann til slutt heile 5-0. Og keeper Vagn Scheide Mork vart kåra til heimelagets beste problem. Heime-mareritten held fram.

07.05. JON HISTORISK x 2: NORBORG - HAREID 1-1

Historiske Thue saman med assisterande oppmann Anders Hjelle Øiestad etter kampen.
Historiske Thue saman med assisterande oppmann Anders Hjelle Øiestad etter kampen.

Hareid slo tilbake etter den skuffande kampen mot Vartdal. Ei scoring av Jon André Thue gav utlikning og eitt poeng i Uggedalen. Og kvifor vart Thue historisk?

01.05. Hareid - vartdal: 4-5 raudt kort øydela kvelden
Jubel 3-1: Hareid jubla heile fire gongar, men tapte til slutt.
Jubel 3-1: Hareid jubla heile fire gongar, men tapte til slutt.

Torsdag kveld hadde Hareid gode sjansar til å ta årets første heimesiger, men eit raudt kort til Hareid på stillinga 4-3 øydela kvelden for heimelaget.

23.04. hareid - rollon 0-3: fortent og svak kamp av hareid
Heimelagets beste: Joar Møller vart kåra til heimelagets beste spelar av ein lokal anonymjury.
Heimelagets beste: Joar Møller vart kåra til heimelagets beste spelar av ein lokal anonymjury.

Hareid spelte sin første heimekamp torsdag kveld, og det enda med eit 3-0-tap. Stillinga til pause var 0-0, etter kvilen scora Kristian Engelstad to før kaptein Jonas Nordal scora dagens siste mål ti minutt før slutt.

16.04. Valder - Hareid 1-5: God opning på serien
e1t_7862_1_.jpg

Mange trudde Hareid skulle få det tøffare i seriopninga borte mot Valder, torsdag kveld. Men det vart det ikkje. Etter sjansjesløseri i første omgangen, var Hareid effektive og utnytta feila Valder gjorde i andre omgangen godt og vann til slutt 1-5.

09.04. SVAK GENERALPRØVE AV HAREID A

For tredje gong på tre år tapte Hareid borte mot Skodje. Forskjellen i år var at Hareid spelar éin divisjon over Hareid og burde ha vist seg frå ei betre side. Skodje vann 3-2, og det var for så vidt fortent nok.

28.03. hareid - stryn 1-1: god kamp mot god motstand
e1t_7392_1_.jpg

Laurdag middag spelte Hareid sin nest siste treningskamp heime mot 3.-divisjonslaget Stryn. Kampen enda 1-1, Runar Stranden vart målscorar for vertane.

16.03. HAREID - ØRSTA 3-2

Hareid vann 3-2 mot Ørsta etter ein ujamn prestasjon av begge lag.

12.03. LGFK - HAREID 1-4: MYKJE BRA OG EIN DEL SVAKT

Hareid såg ut til å ha kome lengre med sesongførebuingane enn Larsnes/Gursken FK. I periodar viste Hareid fram mykje bra spel, og eit par av måla var det verkeleg klasse over.

05.03. HAREID - ROLLON 4-3
Historisk: Simon Holstad Grimstad og onkel Lars Roar Holstad samtidig på bana for Hareid a-lag. Lars Roar spelte sist a-kamp i 2007, men det var berre éin kamp. Før det må vi tilbake til 2005 for å finne sist Lars Roar var fast på a-laget.
Historisk: Simon Holstad Grimstad og onkel Lars Roar Holstad samtidig på bana for Hareid a-lag. Lars Roar spelte sist a-kamp i 2007, men det var berre éin kamp. Før det må vi tilbake til 2005 for å finne sist Lars Roar var fast på a-laget.

26.02. NY FEMMÅLSSIGER MOT 5.-DIVISJONSLAG

Hareid vann 6-1 heime mot 5.-divisjonslaget Blindheim torsdag kveld.

Mål: Simon Holstad Grimstad 2, Jon André Thue, Alexander Nevstad, Fredrik Andresen og eit sjølvmål.

09.02. TJØRVÅG - HAREID 1-6: GOD 1. OMGANG
Olsen, Bakken og Grimstad. Foto: KA
Olsen, Bakken og Grimstad. Foto: KA

Martinus Røyset Bakken (4), Georg Eikrem Olsen og Simon Holstad Grimstad scora måla då Hareid opna årets oppkøyring med ein overlegen siger mot 5.-divisjonslaget Tjørvåg. 

19.02 Hareid - Vartdal 4-0: Godkjent kamp
Stranden, Ketheeswaran, Indreflø og Nevstad. Foto: HA
Stranden, Ketheeswaran, Indreflø og Nevstad. Foto: HA

Venthan Ketheeswaran, Robin Jackson Indreflø, Alexander Nevstad og Runar Stranden scora måla då Hareid vann sin første treningskamp på heimebane for året mot divisjonskollega Vartdal torsdag kveld.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR