hareid_il_logo_135.png









 

1970

Bak frå venstre: Magne Hansen, Odd Brandal, Kjell-Bjørn Rise, Willy Nesset, Einar Elvanes, Knut Holstad, Per Øvrelid, Finn Sindre Eliassen.Framme: Oddbjørn Slinning, Tormod Storås, Hans Petter Rise, Olav Nøringset, Gunnar Aursnes, Andor Hovden.

Bak frå venstre: Magne Hansen, Odd Brandal, Kjell-Bjørn Rise, Willy Nesset, Einar Elvanes, Knut Holstad, Per Øvrelid, Finn Sindre Eliassen.
Framme: Oddbjørn Slinning, Tormod Storås, Hans Petter Rise, Olav Nøringset, Gunnar Aursnes, Andor Hovden.

Hareid var no oppe i 4.-divisjon, den øvste krinsserien. Hødd-spelaren Jon Gjerde tok på seg å trene laget, men slutta i april. Då tok Harald Bror Johansen frå Ålesund over.

Opphaldet i 4.-divisjon var i denne omgang berre ein gjestevisitt. To sigrar, tre uavgjorte og ni tap sende Hareid ned i 5.-divisjon.

Etter å ha figurert i lagoppstillingane i 25 år slutta Einar Elvanes på laget etter 1970-sesongen. Etter dette nøya han seg (stort sett) med kampar i b-lagsserien og bedriftsserien.

Det var forresten i 1970 at Åge Hareide spelte sin einaste a-kamp for Hareid. Og det skjedde då Åge stod innmeldt i Rollon. Hareid hadde berre ti spelarar før ein bortekamp mot Valder, og lagleiinga såg ikkje anna råd enn å ta med Åge - som budde i Ålesund.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR