hareid_il_logo_135.png









 

1977

A-laget sommaren 1977.Bak frå venstre: Odd Elvanes, Harald H. Rise, Svein Elvanes, John Erik Andreassen, Lars Pedersen, Leiv Arne Grimstad, Odd Brandal, Mardon Hjelle.Framme frå venstre: Øystein Alme, Bjarte Husøy, Villy Nesset, Gunnar Aursnes, Lars Atle Flø, Kjell Bjørn Rise, Jon Gjerde, Arve Rise.

A-laget sommaren 1977.
Bak frå venstre: Odd Elvanes, Harald H. Rise, Svein Elvanes, John Erik Andreassen, Lars Pedersen, Leiv Arne Grimstad, Odd Brandal, Mardon Hjelle.
Framme frå venstre: Øystein Alme, Bjarte Husøy, Villy Nesset, Gunnar Aursnes, Lars Atle Flø, Kjell Bjørn Rise, Jon Gjerde, Arve Rise.

Jon Gjerde heldt fram som trenar med Odd Brandal som assistent. Ein del gode unge spelarar frå eigen stall er på veg opp og fram. Mardon Hjelle får fast plass i a-stallen, det same får Harald H. Rise og gutespelaren Øystein Alme. Lars Pedersen er tilbake frå det miltære, medan Jon Olav Slettebakk og Erling Hareide forsvinn i motsett retning. Audun Grimstad melder overgang til Ørsta. Kjell Bjørn Rise prøvar seg på eit comeback, medan Willy Nesset og Svein Haukås kjem over frå Haddal.

I eit intervju med Vestposten før seriestart opplyser Willy Nesset, som også er oppmann, at målet for sesongen er opprykk til 3.-divisjon, men at "laget klokeleg tar ein kamp om gongen".

Vel, opprykk skulle Hareid aldri vere nær. Sjølv om det vart siger 1-0 i seriepremiera mot Blindheim etter scoring av Willy Nesset. Startoppstillinga var slik: Lasse Flø, Lars Pedersen, Kjell Bjørn Rise, Gunnar Aursnes, Willy Nesset, Eilif Larsen, Svein Haukås, Harald H. Rise, Jan Rise, Leiv Arne Grimstad, Mardon Hjelle. På benken starta John Erik Andreassen, Arve Rise, Odd Brandal, Svein Elvanes, Øystein Alme og ein småskadd Jon Gjerde. Hans Gisle Holstad stod over grunna rep.-øving.

Det skulle gå trått etter serieopninga. Etter null sigrar på dei fem neste kampane trekte Jon Gjerde seg som trenar og gjekk til rolla som mening spelar. Odd Brandal tar over leiinga av laget åleine, men trenarskiftet får ingen umiddelbar effekt. Tre strake tap og deretter ein uavgjort følgde før sommarpausa. 3-3-kampen mot Blindheim var heldigvis oppløftande. Odd Brandal, Leiv Arne Grimstad og Jon Gjerde scora måla.

Målet for haustsesongen var å ta igjen Skodje på 8.-plass. Det skulle i utgangspunktet vere ein trygg plass. I første haustkamp vart det tap mot VRF. Vendinga kom i neste kamp. Hareid vann 2-0 mot det suverene topplaget Valder, som seinare rykte opp. Uavgjort mot Skodje og tap borte mot Harøy følgde. Hareid låg nest sist, eitt poeng framfor nettopp Harøy og eitt bak Skodje. I neste kamp kom årets tredje siger, igjen mot eit topplag. Langevåg fekk unngjelde med 2-1.

Hareid var i siget, og sjølv om både Lars Pedersen, Jon Gjerde og Mardon Hjelle stod over vart det 2-1-siger mot Brattvåg. No var Hareid forbi både Skodje og Harøy. Neste kamp enda 1-1 mot Sykkylven. Men serieavslutninga vart ikkje så spennande som den kunne blitt. Det viste seg at grunna utviklinga i 3.-divisjon ville berre eitt lag rykke ned tl 5.-divisjon. Og sidan Harøy før siste runde hadde to poeng mindre enn Hareid og klart svakare målskilnad, så var plassen sikra. At Hareid avslutta med å spele svakt og tape 2-0 mot Aksla hadde altså fint lite å seie.

Etter sesongen merka mange at det hadde blitt drive rovdrift av ein del unge spelarar. Øystein Alme hadde spelt 56 kampar fordelt på A, B, junior og guttelag. Mardon Hjelle og Harald H. Rise spelte høvesvis 54 og 41 kampar fordelt på A, B og junior.

Sjølv om sesongen 1977 vart ei kav for å overleve, viste hausten at Hareid hadde noko på gang.

Leiv Arne Grimstad var toppscorar i serien med seks nettkjenningar.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR