hareid_il_logo_135.png









 

1978

Odd Brandal og Gunnar Aursnes vart peika ut som Hareid-trenarar denne sesongen. Det skjedde nokre endringar på spelarfronten. Jon Olav Slettebakk og Erling Hareide vende tilbake frå det miltære. Kjell Bjørn Rise, Hans Gisle Holstad og Odd Brandal var ferdige som spelarar. Dag Eliassen var eit viktig tilskot frå eigen stall.

Eit fokus før sesongstart var å trene angrep. Treningskampane gav varierande resultat. I første seriekamp mot Brattvåg starta Hareid slik: Lasse Flø, Erling Hareide, Gunnar Aursnes, Willy Nesset, Lars Pedersen, Øystein Alme, Jon Gjerde, Odd Elvanes, Jon Olav Slettebakk, Harald H. Rise, Leiv Arne Grimstad. På benken starta John Erik Andreassen, Gunnar Hareide, Arve Rise, Per Øvrelid og Mardon Hjelle. Kampen enda 2-2.

Resultata varierte. Etter sju kampar hadde Hareid berre fem poeng. Før ferien tar Hareid to poeng på to kampar. Spelarane var ikkje nøgde med trenarteamet. "Det hadde vore for tilfeldig etter påske" meinte dei. Gunnar Aursnes sa frå seg trenarvervet - og Odd Brandal tok styringa åleine.

Første haustkamp enda med 5-4-tap mot VRF. Men ting begynte å skje i positiv forstand. Dei mange unge talenta tok meir og meir ansvar. To sigrar og ein uavgjort følgde, og då hadde Hareid avansert til 6.-plass. Laget imponerer og tar to sigrar til, før Sykkylven vart for sterke på Hareid stadion. 2-2 i neste kamp mot Aksla sikrar kontrakten og Hareid blir nummer seks av ti lag.

Harald H. Rise vart toppscorar i serien med åtte mål, sjølv om han reiste til USA denne hausten.

Lasse Flø vart kåra til årets spelar.

ARRANGEMENT

_________________________

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR