hareid_il_logo_135.png









 

Gunnar Rensenbrinck Hareide

Det var i 1978 at Gunnar Hareide fekk tilnamnet Rensenbrinck. Gunnar var eigentleg midtstoppar, men i ein kamp mot Skodje var det behov for ein spiss. Vi siterer frå magasinet Hareidfotball 1978:

"Tapet hadde sett Hareid i ein lite gunstig tabellsituajson. Og sesongen såg på ny ut til å kunne bli ein strid om å unngå degradering. Men i neste runde vart det 3-2-siger over Skodje på Skodje og 2 pinnar. Hareid låg over 3-1 og såg ut til å ha full kontroll. Men etter redusering 2-3 vart det panikk i Hareidsleiren. Det var i denne kampen Gunnar Hareide fekk tilnamnet "Rensenbrinck" etter den hollandske VM-spelaren. Han vikarierte som spiss på Hareidslaget og scora to raske mål i 1. omgang. Skodje reduserte før pause, men i 2. omgang fekk Leiv Arne Grimstad ein stikkball frå Odd Elvanes og lobba inn 3-1. Øystein Alme og Jon Olav Slettebakk blir framheva på Hareidslaget - og reportaren i Vestposten reknar med at Gunnar Hareide får ny tillit som spiss i neste kamp mot Spjelkavik. Men det er vanskeleg å kopiere ein suksess. Gunnar var ingen "Rensenbrinck" i sin andre kamp som spiss for Hareid. Han blir sett ut ved pause".

ARRANGEMENT

Årsmøte Hovudlaget

7.mars kl. 19.00

------------------------

Årsmøte Turn

6. Februar kl.19.00

Årsmøte Friidrett

14.februar kl. 19.00

Årsmøte Handball 

18.februar kl. 18.30

Årsmøte Trim

20. Februar kl. 19.00

Møtestad for alle årsmøter er på klubbhuset.

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR