hareid_il_logo_135.png









 

1979

A-laget på treningsleir på Elverum sommaren 1979. Bak venstre: Mardon Hjelle, Jon Gjerde, Leiv Arne Grimstad, Øystein Alme, Stig Bekkemellem, Tom Fredriksson, Svein Elvanes, Arve Rise, Kjell-Bjørn Rise.Midtrekke: Lars Atle Flø, Odd Elvanes, Erling Hareide, Arve Holstad, Lars Pedersen.Framme: Dag Eliassen, Stein Arve Rise, Villy Nesset, Hans Gisle Holstad, Gunnar Hareide, Geir Holstad.

A-laget på treningsleir på Elverum sommaren 1979. Bak venstre: Mardon Hjelle, Jon Gjerde, Leiv Arne Grimstad, Øystein Alme, Stig Bekkemellem, Tom Fredriksson, Svein Elvanes, Arve Rise, Kjell-Bjørn Rise.
Midtrekke: Lars Atle Flø, Odd Elvanes, Erling Hareide, Arve Holstad, Lars Pedersen.
Framme: Dag Eliassen, Stein Arve Rise, Villy Nesset, Hans Gisle Holstad, Gunnar Hareide, Geir Holstad.

Sommaren 1978 bad spelargruppa styret om å satse meir på trenarspørsmålet. I første omgang førte ikkje det til anna enn at Gunnar Aursnes trekte seg og Odd Brandal fekk eineansvar ut sesongen. Mange ville hente inn ein ekstern trenar før 1979-sesongen, noko Hareid ikkje hadde hatt for vane (unntaket var Ola Christoffersen i 1973). Men styret hadde eit ess i ermet, og det var ein kar frå eiga grend. Hans Gisle "Kisse" Holstad hadde trena Bergsøy til topplasseringar i 3.-divisjon (nivå 3) i 1977 og 1978, og var no ledig på marknaden. Det nytta Hareid seg av. Alt 8. november 1978 var Kisse på plass for å leie laget i trening. Dei seriøse treningane starta over nyttår. Med Kisse på plass vart filosofien endra. Omgrep og prinsipp som "kome på rettesida", "press", "sikring", "markering", "dybde" og "støttepasning" vart terpa på, i tillegg til at uthaldstrening vart lagt større vekt på.

Det må nemnast at Hareid etter nyttår fekk besøk av sjølvaste Nils Arne Eggen. Heile a-lagsstallen var treningsobjekt for kommande trenarar i fotballkrinsen.

På spelarfronten vart det nokre endringar. Veteranane Per Øvrelid og Gunnar Aursnes gav seg. Willy Nesset var på hell (spelte litt). Kjell Bjørn Rise prøvde seg på comeback, men måtte gi seg før seriestart. Gunnar Hareide spelte seg inn på laget, ofte med Stein Rise som makker i midtforsvaret. Harald H. Rise er tilbake frå sommaren av. Dette var også første sesongen til Arve Holstad, som får med seg ein del kampar.

Treningskampane var variable, og prestasjonane dei første seriekampane var sånn passeleg gode. Det begynte med siger mot Skodje. Lagoppstillinga var slik:
Lasse Flø, Erling Hareide, Gunnar Hareide, Stein Rise, Lars Pedersen, Jon Olav Slettebakk, Jon Gjerde, Øystein Alme, Dag Eliassen, Mardon Hjelle og Bjarte Husøy.

Hareid heldt fram med to 0-0-kampar, før Brattvåg blir slått i fjerde serierunde. Laget begynte å få sving på sakene. Sigrar mot Langevåg og Vigra vart følgt av 0-0 mot Spjelkavik. Så vart det 1-0-sigrar mot Stranda og Sykkylven. Hareid var altså ubesigra i første halvdel av sesongen. Hausten begynte med sigrar mot Skodje og Herd. Då leia Hareid 4.-divisjon med seks poeng med til neste lag, og berre to innslupne mål på 11 kampar. Sigrar mot Aksla og Brattvåg følgde, før sesongens første tap kom neste runde; mot Langevåg. Deretter vann Hareid mot Vigra og spelte uavgjort mot Spjelkavik. Så kom Stranda på besøk i "seriefinalen", og framfor 600 tilskodarar vart det ein overbevisande 4-0-siger. Kvalikplassen var eit faktum. 4-0 vart det også i siste seriekamp mot Sykkylven.

Åndalsnes var motstandar i kvaliken, som i utgangspunktet skulle spelast over to kampar. Det var i desse dagar fotballfeber på Hareid. Det vart visst nok ikkje snakka om anna. 30. september vann Hareid 1-0 framfor 1400 tilskodarar på Hareid stadion - etter ei perlescoring av Jon Olav Slettebakk. Den eine foten var no i 3.-divisjon, men nervøsistet kan ha vore ein grunn til at det vart 1-0-tap i ein sjansefattig returkamp på Åndalsnes.

Det måtte ein tredje kamp til, og han var spelt på nøytral grunn på Rekdal. Hareid leverte ikkje varene, og scoringar i det 68. og 75. minutt gjorde at Åndalsnes vann 2-0 og rykte opp.

"Søkne kom spelarane til garderobane på Rekdal skule for å fli seg til heimreise. Det vart ikkje sagt stort, men etter det vi forstår vil det ikkje bli spelarflukt frå klubben fordi om det ikkje vart opprykk" skreiv Vestposten.

"Men alt på heimvegen lovde vi kvarandre at vi skulle komme attende. Det skulle gå fleire tog, og eitt alt neste år. Og ombord i dette toget skulle vi ikkje nøye oss med ei av vognene, der skal Hareid vere lokførar" skreiv Willy Nesset i årsmeldinga.

Trass i skuffelsen var dette Hareid sin desidert beste sesong til då.

Leiv Arne Grimstad vart toppscorar i serien, medan Mardon Hjelle hadde flest mål totalt i 1979.

Lasse Flø vart kåra til årets spelar.

Årsmeldinga takkar forøvrig Jon Gjerde, som la opp etter denne sesongen. Gjerde hadde vore ein viktig spelar og viktig trenar gjennom store delar av 70-talet.
"Vi meiner at det er mykje å takke han for at den nivåhevinga vi opplevde frå 1972 og utover, og for at laget i 70-åra har klart å etablere seg som eit godt 4.-divisjonslag" slår årsmeldinga fast.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR