hareid_il_logo_135.png









 

1981

Dette biletet er truleg frå treningskampen mellom Hødd og Hareid før 1981-sesongen. Midt i biletet ser vi Otto Sundgot og Geir Holstad i ein duell. Til høgre Hareids Leiv Arne Grimstad og Hødds Thor Hasund. Til venstre Hareids Torbjørn Røyset (???) og Hødds Stig Ulstein.
Dette biletet er truleg frå treningskampen mellom Hødd og Hareid før 1981-sesongen. Midt i biletet ser vi Otto Sundgot og Geir Holstad i ein duell. Til høgre Hareids Leiv Arne Grimstad og Hødds Thor Hasund. Til venstre Hareids Torbjørn Røyset (???) og Hødds Stig Ulstein.

For første gong i historia skulle Hareid spele 3. divisjonsfotball (dagens 2. divisjon). Og spenninga i klubben var til å ta og føle på. Ville laget halde seg eller ville det berre vere ein snar visitt i divisjonen over? Spelarane, lagleiarane og ikkje minst tilhengarane hadde alle trua, og gjekk inn for å klare oppgåva. Hans Gisle Holstad vart reengasjert som trenar for at laget skulle stå best mulig rusta til debutsesongen. Treningane starta allereie ei lita tid etter sesongen var ferdig, men det var ikkje oppmøteplikt og treningane var for det meste prega av five-a-side. Laget trena godt i sesongoppkjøringa og meinte sjølv at dei skulle vere godt budd på sesongen. Den første treningskampen var den 28. februar, og var mot Bergsøy. Sidan gjekk det slag i slag kvar helg fram mot påske.

Hareid handla faktisk ikkje inn nye spelarar framfor sesongen. Den einaste nye i høve 80-sesongen var Torbjørn Røyset frå Brandal. Kisse meinte at dei som hadde spelt Hareid opp hadde eit rettmessig krav på å prøve seg i 3.-divisjon.

Laurdag 25.april 1981 vil stå som ein merkedag for fotballklubben Hareid og generelt på Hareid. Då gjesta bergenslaget Ny-Krohnborg Hareid Stadion. I tida før kampen hadde det vert uvanleg flott vêr og bana var både grøn og frodig. Men når den store dagen kom let ikkje overraskingane vente på seg. Det lava ned snø og bana måtte måkast 3 gonger gjennom heile kampen. Dette viste seg å ikkje vere noko problem, ei fantasisk interesse og god dugnadsånd gjorde til at kampen kunne avviklast utan altfor store problem. Sjølve kampen var ein liten ”nedtur”. Sjølv om Hareid var fult på høgde med gjestane frå Bergen, måtte dei likevel sjå seg slått 3-2 i debuten i 3 divisjon.

Høgdepunktet var nok da Hareid gjesta Høddvoll. Der hadde imponerande 3000 møtt opp for å sjå kampen, og det enda med smått utrulege 4-0 til gjengen frå Hareid. Om ein ser på vårsesongen under eit, var den god. Faktisk var den så god at dei fleste på Hareid meinte det var realistisk å tru på fornya kontrakt. Ferien vart nyttig brukt for laget, som reiste på treningsleir til Fyresdal. Treningsleiren var svært vellukka på alle måtar – godt vêr, gode treningsforhold og harde treningsøktar. Laget skulle absolutt stå best mulig rusta til haustsesongen.

Grunnlaget Hareid hadde lagt i vårsesongen var rimeleg bra, sjølv om det var svært jamt. Det skulle ikkje store feilskjera til før dei var i faresona. Dei fire første kampane i vårsesongen gav forventa tal poeng, men så skjedde det noko. Laget begynte å tape mot antatt svakare motstand og tabellsituasjonen såg straks litt mørkare ut. Eit tøft avslutningsprogram stod for dør. Laget sat publikumsrekord i heimekampen mot Hødd. Fasit når det stod att tre kampar var faretrugande nært nedrykk. Laget måtte vinne sine tre siste kamper. Ein etter ein vart motstanarane regelrett kledd av, og det vart siger i alle dei tre kampane: Ny kontrakt var berga. (PS. Sigeren mot Tornado hjelpte Hødd å vinne avdelinga).

Debutsesongen gjekk over all forventing og laget kunne innkassere ein flott 7.plass.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR