hareid_il_logo_135.png









 

1982

Frå oppgjeret mellom Langevåg og Hareid i Langevågen denne sesongen. Dei to LIL-spelarane er Reidar Vågnes (heilt til venstre) og Trond Fylling (lysluggen) - begge med tida to kjende fotballpersonlegheiter. Hareid-spelarane er frå venstre Mardon Hjelle, Lasse Flø, Geir Holstad (6), Erling O. Hareide (2) og Lars Pedersen.

Frå oppgjeret mellom Langevåg og Hareid i Langevågen denne sesongen. Dei to LIL-spelarane er Reidar Vågnes (heilt til venstre) og Trond Fylling (lysluggen) - begge med tida to kjende fotballpersonlegheiter. Hareid-spelarane er frå venstre Mardon Hjelle, Lasse Flø, Geir Holstad (6), Erling O. Hareide (2) og Lars Pedersen.

Trenar for denne sesongen var også Hans Gisle Holstad – fjerde året på rad. Oppkjøringa i år er på mange måtar lik dei forgåande åra. Den starta ei stund etter sesongen med frivillige five-a-side-treningar. Alle frå jubel-sesongen frå i fjor var med.  Treningskampane starta med 2 kampar mot Bergsøy og vart avslutta 18.april mot Sunndal og Hildre. Hareid fekk før seriestart heile 3 kampar på gras, som var noko uvanleg.

Den første seriekampen i 1982 var mot Skarbøvik på bortebane. Det vart eit fryktelig 4-0-tap og laget fekk den verste starten dei kunne få. Etter ei noko famlande opning på sesongen blei vårsesongen avslutta med fire strake sigrar, og poengfangsten enda på 14 poeng. Den største framgangen frå året før var evna til å avgjere jamne kamper til sin fordel, noko Hareid hadde hatt store problem med sist sesong.

Tidligare år hadde "Hareidscupen" vorte arrangert etter serieslutt på hausten - med dei problem dette medførte. Dette året vart den avvikla i sommarferien. Hareid stakk av med sigeren etter imponerande (!) 19-0 i finalen mot laget Bygg og Beis. Seinare på sommaren reiste laget til Skien på treningsleir. Utbytte av treningsleiren var svært godt sportsleg og sosialt. Laget fekk med seg to treningskampar mot høvesvis Pors og Hercules.

Med eit godt utgangspunkt etter vårsesongen såg alle fram til ein spennande haustsesong der laget kunne kjempe heilt i toppen med gode resultat. Etter dei første kampane såg det ut til at dei fire første laga skulle distansere seg ytterligare frå resten av laga i avdelinga. Men då det stod att fem seriekampar klarte Hareid å tape tre kamper på rad og statusen var slik at laget ikkje var sikra fornya kontrakt i 3. divisjon. Men i nest siste serierunde slo Hareid Clausenengen FK 3-0. Kontrakta var redda, og laget klarte ein flott sjetteplass.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR