hareid_il_logo_135.png









 

1984

Som i 1983 fekk Kjell Tynes trenaransvaret også denne sesongen, men før vårsesongen var slutt valte han å trekke seg. Hjelpetrenar Harald Møller leia laget til sommaren. Då kom Hans Gisle Holstad tilbake som hovudtrenar.

Frå Hødd kom Einar Magne Skeide framfor denne sesongen. Han fekk plass på høgrevingen. I løpet av dei to sesongane Skeide spelte på Hareid, scora han 46 mål. Andre sentrale nykomarar i 1984 var Tore Hareide, Bjørn Roppen (frå Hødd) og Harald Aasland Riise. På minussida valte den viktige forsvarsspelaren Lars Pedersen å spele i Hødd denne sesongen.

---

Etter ei litt skuffande avslutning på 83-sesongen var spelarane dette året ivrige etter å gjere det bra. Laget, dei to trenarane og heile styret var innstilt på å reise kjerringa frå i fjor. I oppkøyringa deltok laget i nokre innandørsturneringar, og i begge enda laget som nummer tre. Treningsforholda var dette året upåklagelege, og det var ikkje naudsynt med nokon treningsleir andre plassar. Hareid prioriterte å spele kampar i distriktet, og fekk i alt gjennomført 12 gode treningskampar før sesongstart.

Hareid var denne sesongen plassert i avdeling med lag frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Og allereie i første kamp bar det av garde med bortekamp mot Sandviken frå Bergen. Sluttresultatet i kampen vart 1-1, og laget hadde klart poeng i ein vanskeleg bortekamp. Dei to kommande kampane enda med ein siger og ein uavgjort. Laget var no heilt i teten i 3. divisjon. Men etter den gode starten skjedde det noko med laget. Det var som om lufta for ut av ein ballong. Laget gjekk på tap på tap. Når det nærma seg sommarferie låg laget utsett plassert i botnen av tabellen, og ein kunne skimte lyset av fjerdedivisjonsfotball i det fjerne. Den svake vårsesongen enda med at trenaren Kjell Tynes tok sin hatt og forlot skuta. Ei løysing flesteparten i Hareid meinte var den beste. Når det gjaldt NM (cupen) måtte Hareid spele kvalifiseringskamp for å kome seg til første runde. Den enda med 4-2 siger, og laget trakk Hødd i første runde. Kampen vart spelt på heimebane og når dommaren blåste i fløyta for sluttsignal stod det 1-0 til Hareid. Dermed var laget vidare til andre runde. Der stod sjølvaste Molde på andre sida. Trass dårlig vêr var det mange som hadde møtt opp får å sjå kampen. Det var knytt store forventingar til den heimvendte proffen Åge Hareide. Mange hadde sett fram til å sjå Hareide spele mot sin gamleklubb. Molde vant ikkje uventa 4-0, men dagen sett under eit var det ein stor dag for Hareid.

Etter den begredelege vårsesongen var alle samde i att det måtte vere ”samling i bånn” for å få laget på rett kjøl igjen. Styret klarte å engasjere Hans Gisle Holstad tilbake til trenarjobben, og saman med Harald Møller utgjorde dei trenarduoen. Laget reiste på treningsleir til Sandefjord og tilbrakte nokre gode dagar på austlandet. No var laget klar til å kjempe for eksistensen i 3. divisjon.

Det var stor spenning før heimekampen mot Sandviken. Heldigvis for Hareid vann dei kampen 2-0, og mange kunne sjå lys i den berykta tunnelen. Vidare utover hausten vart det siger på siger. Det vart så mange sigrar at Hareid var kåra til haustens formlag (!) i norsk fotball. Hareid enda på ein imponerande 4. plass, den hittil beste plasseringa for laget.

På anleggssida var det ytra store ynskjer om eit klubbhus. Dei ville ha ein plass der dei kunne ha møter og andre viktige ting, og at at ville ha ein plass dei kunne vere og ha det sosialt saman. Forslaget vart teke godt opp av leiarane og dei andre aktive.

ARRANGEMENT

Årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 21.11.18. Kl. 19.00

Klubbhuset

__________________________

Påmelding er open!

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR