hareid_il_logo_135.png









 

1985

Hans Gisle Holstad takka ja til å trene Hareid også i 1985. Men
forventningane vart ikkje oppfyllte. Det vart ein ny sesong på det jamne: 7. plass og 23 poeng.

Dei mange skadene denne sesongen skal ha vore ein grunn til at den gode 84-sesongen ikkje vart følgt opp.

Nye spelarar denne sesongen var Stig Engen, Ronny Hansen, Vidar O. Røyset, Roger Hauknes og Bård Grimstad.

--

Etter den imponerande haustsesongen året før var det med godt mot at gutane begynte på ein ny sesong. Suksessoppskrifta frå i fjor med Hans Gisle Holstad som trenar og Harald Møller som hjelpetrenar var sjølvskriven. Dette året hadde spelarane og trenarane verkeleg trua på at dei skulle gjere ein god sesong. Den langsiktige målsetjinga til klubben var opprykk til 2. divisjon (dagens 1. divisjon). Den målsetjinga skulle vere nådd etter tre år. Den meir kortsiktige målsetjinga var å kjempe heilt i toppen. Laget spelte denne sesongen 13 treningskampar mot relativ god motstand.

Hareid opna sesongen på bortebane, noko som resulterte i eit 2-1 tap. Det som kanskje var mest skuffande var at det til vanleg så solide bortelaget Hareid var forvandla til redde pusekattar. Fasit borte denne vårsesongen var ein siger, ein uavgjort og resten tap. Heimebane var det rett nok noko betre, men langt i frå godt nok om målsetjinga skulle nåast. Status på heimebane var tre sigrar, ein uavgjort og to tap. Laget låg på ein skuffande 7. plass når sommaren kom.

Denne sommaren var laget på Hamar på treningsleir. Laget ville finne ut kva som hadde godt gale den vårsesongen. Resultatet ut av den samlinga var at det måtte vere knallhard jobbing framover om målsetjinga skulle nåast.

Denne haustsesongen skulle Hareid vise folket på bygda at fotball - ja, det kunne dei spele. Tre sigerar og to uavgjorte kamar gjorde sitt til at det var litt større forventingar, og folk byrja å håpe på topplassering. Men den siste halvdelen av haustsesongen var eit mindre godt kapittel i Hareid si klubbhistorie. Laget enda på ein skuffande 7. plass, og den kortsiktige målsetjinga var langt frå nådd.

ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR