hareid_il_logo_135.png









 

1988 (tidenes beste)

Hareid og Hødd spelte 0-0 på Høddvoll i 1988. Den solide Hareid-keeperen Lasse Flø har kontroll på ballen. Dei minst like solide Hareid-midstopparane Einar Pieroth (kvitt hovudband) og Lars Pedersen (kaptein) avventar.

Hareid og Hødd spelte 0-0 på Høddvoll i 1988. Den solide Hareid-keeperen Lasse Flø har kontroll på ballen. Dei minst like solide Hareid-midstopparane Einar Pieroth (kvitt hovudband) og Lars Pedersen (kaptein) avventar.

Som i 1987 enda Hareid på 3. plass i landsdelserien. Men ser vi bak talet 3, så er det ikkje tvil om at sesongen 1988 er den beste Hareid nokon gong har gjennomført.

Reidar Vågnes og Arne Klepp sa takk for seg etter to sesongar. Ny trenar var Harald Møller.

Det såg lenge ut til at Hareid ville vinne avdelinga. Hareid hadde ikkje
tapt ein einaste kamp då Volda var motstandar i fjerde siste sereirunde (Men Hareid spelte litt for ofte uavgjort). Volda hadde i likheit med Hareid gode sjansar til å rykke opp. Men i det som har blitt omtala som "Slaget i Halkjelsvika", tapte Hareid 3-2. Og då vart sjansane for avdelingssiger umiddelbart mindre.

Men det er mykje positivt å seie om denne sesongen:

- For første og hittil einaste gong i historia, gjorde Hareid det betre enn Hødd.
- Med sine 40 poeng var Hareid fem poeng bak avdelingsvinnar Clausenengen.
Hødd enda på 4. plass med 37 poeng (Nemnte Volda tok 2. plassen).
- Hareid slo Hødd 2-1 heime. Oppgjeret på Høddvoll enda 0-0.
- Hareid slapp inn 15 mål på 22 kampar. Ikkje verst!
- Vi noterer ein storsiger: Charlottenlund vart besigra 6-0.

Frå prosjektet til Stian Nedberge, Svein Inge Nesset og Henrik Bolstad Banne:

Denne sesongen skulle vise seg å bli høgdepunktet på den lange stigningskurva til Hareids-fotballen sitt flaggskip, og den kuliminerte med den einaste sesongen der Hareid enda over Hødd på tabellen (3. plass i dåverande 3. div.). Erkerivalane frå ”feil side av Eidet” rykte ned året før, og hadde nok forhåpningar om ei høgare plassering enn den 4. plassen dei enda opp med. Dei om det. Eksil-ørsting og ny-trenar Harald Per Møller tromma i alle fall saman ein slagkraftig stall til den fyrste vintertreninga i oppkøyringsperioden, og mellom 04.01. og 05.04. fekk Hareid sine håpefulle køyrt seg på Hareidsgrusen. Enkelte mindre optimistiske sjeler meinte kanskje at målsetjinga om å bli blant dei 3 beste i divisjonen var vel høg. Desse skulle få bite i det mindre søte eplet ved sesongslutt. Hareid spelte ein botnsolid vår og leia tabellen gjennom delar av sesongen. Men unødig mange poengdelingar var den raude tråden gjennom både vår- og haustsesongen.

6 sigrar, 5 uavgjorte og 0 tap vart statistikken til sommaren. Til alt overmål blei også ”storebror” Hødd sendt tilbake til Ulsteinvik med eit 2-1-tap i bagasjen. Laget hadde også ein fin haust, sjølv om den kanskje stod litt tilbake for den gode våren. Her vart det totalt 4 sigrar, 5 uavgjorte og 2 tap. Hareid heldt Hødd til 0-0 på Høddvoll, også dette ein på papiret god prestasjon. Med solide 6-0 mot botnlaget Charlottenlund den 26.09. fekk gutane vist for Hareid-publikumet at dei framleis hadde ei viss peiling på kvar målet stod. I kampen etter slo dei også sterke KFK 5-1 borte. Sterkt! Den sterke sesongen viste seg igjen på publikumstala: I snitt 448 Hareidsdølar tok vegen til stadion, mot 321 året før.

Hareid enda som sagt på ein fin 3. plass med 40 poeng, 5 bak Clausenengen som rykte opp. Dersom laget hadde makta å vinne fleire enn dei 4 (!) heimekampane sine, kan vi berre tenke oss kva veg det kunne ha gått. Sentrale spelarar dette året var Lars Atle ”Lasse” Flø, Mardon Hjelle, Torstein Woldsund, Magnus Holstad, brørne Harald Aasland Riise og Roar Riise, Lars Pedersen, Idar Vattøy og Arve Holstad. Samstundes kunne ein konstatere at unge spelarar som Ronny Hansen også var på gong. Toppscorar vart Knut Strande med 17 mål, med Harald Aasland Riise hakk i hel med 15 nettsus.  Elles kan det nemnast at Lars Pedersen fekk gullklokke for 400 kampar dette året. Krefter frå fotballmiljøet på Hareid var involvert på fleire frontar i fotball-Noreg; Tidlegare Hareid-, Hødd- og Kongsvinger-spelar og mangeårig Hareid-trenar tidlegare på 80-talet, Hans Gisle Holstad, var trenar for juniorlandslaget og forsvarsklippane Lars Pedersen og Einar Pieroth møtte engelske stjerner då dei spelte for Sunnmørslaget mot Liverpool på Aksla stadion.

På anleggssida vart eit mangeårig prosjekt ferdiggjort dette året: Det nye klubbhuset, som vart bygd inn saman med symjehallen og gymsalen på ungdomsskulen stod klart hausten ´88, til glede for store og små i Hareid. I denne samanhengen må Svein Egil Kleppe nemnast, som får namnet sitt ført inn i historia med kursiv for sitt store arbeid som formann i byggjekomiteen gjennom fleire år. Det nye klubbhuset inneheldt kontorplassar, kiosk, møterom, garderobar, lager og selskapslokale. Tanken var at dei ulike gruppene no kunne bruke lokala til sosiale høve, i tillegg til at ein ville leige dei ut for å finansiere det nye klubbhuset.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR