hareid_il_logo_135.png









 

1990-talet

Etter "eventyret" på 80-talet vart det påfølgande tiåret ei berg- og dalbane-reise. Men det gjekk dessverre for bratt nedover på slutten.

Nedrykk i 1990 vart følgt opp med opprykk til 2.-divisjon i 1991. 1992-sesongen er førebels den siste Hareid har spelt på det tredje høgaste nivået. I 1993 gjekk det nesten skikeleg gale. Då måtte Hareid spele kvalik for å halde seg i 3.-divisjon. Så følgde tre gode sesongar med plasseringar på øvre halvdel. I 1997 begynte problema å kome, sjølv om det vart ståplass. Det var Hareid aldri nær i 1998, den svakaste sesongen i Hareid-historia nokon gong. To usle poeng, altså ikkje ein einaste siger, var fasiten. Og fleire trenarbytte vart gjort undervegs. Hareid spelte i 4.-divisjon i 1999, og sjølv om det ikkje vart opprykk på direkten lova det godt for framtida.

Hareid skifta trenarteam før kvar einaste sesong dette tiåret. Den einaste som var med to år på rad var Willy Nesset, men etter å ha vore med i heile 1997 måtte han gå av tidleg i 1998. På spelarsida var heller ikkje kontinuitet den beste. Men vi kan trekke fram nokre som gjorde seg bermerka over fleire sesongar; Egil Øvrelid, Kenneth Moldskred, Dag Harald Moldskred, Nils Petter Skeide, Stian André Slotterøy og Sigbjørn Skeide.

Du les meir om kvar sesong i menyen til venstre.

ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR