hareid_il_logo_135.png









 

1990

Den tiande strake sesongen til Hareid i landsdelserien enda med nedrykk. Men når det seiast at "Hareid gjorde det betre enn venta", så tar det oss over til at klubben var gjennom eit stort generasjonsskifte.

For det såg lenge ut til at Hareid måtte mønstre eit lag utan kjennskap til nivået. Men i løpet av vinteren klarte Hareid å kapre nokre namn utanfrå: Frode Hessen, Johnny Kragset, Tore Olsen, Ingar Seljeseth, Trond Moldskred og Jon Arne Hagen. Desse skulle bere det tyngste lasset, medan ein håpte at unge og lovande spelarar som Tore Hareide, Tonny Holtet, Vidar O. Røyseth, Hallbjørn Saunes og Dag Harald "Dæjen" Moldskred ville blomstre.

Harald Møller ga seg som trenar etter 1989-sesongen, og Bjørn Andersen frå Ålesund tok over. Sidan han kjente seg gammal og støl, hadde han ikkje tenkt å spele sjølv, men det viste seg at det etter kvart vart nødvendig.

Det enda med 19 poeng og nest sisteplass. Eid på plassen overkapra fire poeng meir. Hareid sin prestasjon reknast som å vere god, tatt i betraktning av forutsetningane. Det seiast at Hareid forlot landsedelserien med flagget til topps.

Frå prosjektet til Stian Nedberge, Henrik Bolstad Banne og Svein Inge Nesset:

Den noko skuffande fjorårssesongen førte til at veteranar og berebjelkar som Lars Pedersen, Einar Pieroth, Knut Strande, Dag Audun Eliassen, Roar Riise og Mardon Hjelle takka for seg. Det same gjorde trenar Harald Per Møller. Inn i manesjen fekk vi nye namn som Frode Hessen, Johnny Kragset og Tore Olsen. I tillegg håpte ein at namn som Tore Hareide, Tonny Holtet, Vidar O. Røyset, Hallbjørn Saunes og Dag H. Moldskred ville slå til. Likevel er det eit ”merkeleg” og uvant syn som møter forbipasserande på Hareid-grusen vinteren 1990. Mange sentrale støttespelarar har gitt seg, og fleire får kjensla av folketome gater når dei ser treningane i januar/februar.

Bjørn Andersen frå Ålesund vart henta inn som trenar. Han hadde ikkje tenkt å spele sjølv, men det skulle vise seg å bli høgst naudsynt. Målsetjinga for sesongen var edrueleg, og var enkelt og greitt å berge plassen i 3. divisjon. Hareid spelte ikkje fullt så mange treningskampar denne vinteren som året i førevegen, kanskje kloke av skade. Resultata her var høgst variable, frå 4-6-tap mot Vartdal - via tap 0-10 mot Å.I.F. - til tre sterke sigrar i dei tre siste treningskampane mot Ørsta, Førde og Herd.

Sesongen 1990 vart, i likheit med året før, prega av ein heil del skadar. Vidare finn vi at Hareid klarte å stille med same mannskap i to kampar, også dette likt med året før. I motsetning til året før klarte ein i år ikkje å vinne mot laga rundt seg på tabellen, og dette førte til ein skuffande 11. og nest siste plass på tabellen. Dette førte følgjeleg til nedrykk som resultat, etter 10 strake år på det tredje høgste nivået i fotball-Noreg. Laget vann 4 kampar, spelte 6 uavgjorte og tapte 12 gonger, og klora såleis med seg 19 poeng. Toppscorarar dette året vart Tore Hareide og Dag H. Moldskred, begge med 13 mål. Talet på publikumarar gjekk ned ytterlegare, til gjennomsnittleg 155 betalande fotballinteresserte. Elles kan det nemnast at Magnus Holstad dette året fekk statuett for 200 spelte kampar for Hareid.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR