hareid_il_logo_135.png









 

1993

Harald Åsland Riise takka for seg som trenar og gjekk tilbake til rolla som menig spelar.

Hødd-legende Otto Sundgot tok på seg oppgåva om å trene Hareid-laget denne sesongen. Fleire trenarskifte og mangelen på kontinuitet på den sida dei siste åra kunne neppe gjere laget godt – eller? Vi les at støtteapparatet opplevde store problem med å få nok spelarar på trening. Ikkje overraskande gjorde dette seg gjeldane spesielt dei to, tre første månadane.

Oppkøyringsperioden var altså ikkje veldig populær. Laget var i ferd med å gå gjennom nok eit hamskifte; Fleire unge spelarar var på full fart opp og fram, og blei tekne opp i a-stallen. Spelarar som Vagn Scheide Mork, Georg Aursnes, Are Pilskog og Stian Slotterøy er typar som anten har spelt mange kampar for Hareid eller har fått merksemd som spelarar i t.d. Hødd, Molde eller Sogndal. I tillegg fekk Otto Sundgot med seg Trond Åsulvsen og Bent Erik Flø frå Hødd. Desse kunne likevel ikkje hindre Hareid i å gjere ein dårlig, om ikkje elendig, sesong. Laget vinn fleire treningskampar enn dei tapar, men ryk ut i fyrste kvalifikasjonsrunde i NM 3-1 mot Florø på bortebane. Kampstatistikken for seriekampane syner 5 sigrar, 7 uavgjorte og 10 tap på 22 kampar. Dette gav Hareid 22 poeng og nest siste plass i 3. divisjon, som igjen resulterte i at laget måtte ut i to kvalifikasjonsrundar mot Vigra frå 4. divisjon, om retten om å spele i 3. divisjon i 1994. Heldigvis vann Hareid 3-1 på Hareid stadion og overbevisande 0-4 på Vigra, og det var nok ein letta gjeng som returnerte frå flyplassøya med fornya 3. divisjons- kontrakt. Svenn Sundgot og Per Ivar Meinseth var einaste spelarar med 22 spelte kampar denne sesongen, med Harald Aasland Riise på 21 kampar. Andre sentrale spelarar dette året var Trond Moldskred, Egil Øvrelid, Roger Hauknes, Dag H. Moldskred og Marius Liavåg, for å nemne nokre. Toppscorar dette året var Dag H. ”Dæjen” Moldskred med 13 mål på 16 kampar, med Marius Liavåg og Georg Aursnes kvar på 10 mål. Elles kan ein nemne at Lars Atle Flø spelte sin siste sesong dette året, og enda med 471 (!) kampar, noko som framleis er klubbrekord.

På anleggssida nådde Hareid dette året også ein milepæl. Den nye og utvida hallen stod ferdig. Det som før hadde vore ein stor gymsal ved ungdomsskulen, vart no utvida til å dekke dei 20x40 meterane som internasjonale reglar sette for t.d. handball. Med eit finfint parkettgolv hadde kommunen og idrettslag fått ein hall dei kunne vere stolte av. Ein kunne ganske umiddelbart sjå resultatet, ved at den tidlegare habile handballspelaren og innflytta hareidsdøling Ole Andrew Øiestad søkte om og fekk tillating til å starte opp handballgruppa, som hadde ligge brakk nokre år. Borna fekk såleis eit enda breiare idrettstilbod å velje mellom.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR