hareid_il_logo_135.png









 

1994

Nytt år, nye trenarar. Denne sesongen gjer dei to ringrevane Hans Gisle Holstad og Gunnar Aursnes comeback som trenarar på seniornivå. Holstad, tidlegare trenar for dei mest lovande juniorane i landet, som juniorlandslagstrenar, har også vore både hovudtrenar og assistenttrenar/”hovudtrenar 2” i Hareid. Aursnes på si side har følgd sønene Georg og Asgeir gjennom aldersbestemt fotball, sist som juniortrenar for Hareid året før. Frode Gjerde melder overgong frå Hødd og ein ny junior, Espen Pilskog, viser lovande takter, sjølv om han berre får fire obligatoriske kampar for Hareid dette året. Trenar Holstad meiner før sesongen at laget bør finne seg ein plass på midten av tabellen, noko som skal vise seg å vere eit over middels godt tips. Laget går gjennom dei ni treningskampane før sesongstart med 2 sigrar og 7 (!) tap. Trenar Holstad hadde nok likevel trua på karane sine, som vi kan lese var betre trena enn på lenge. Sesongen blir ein opptur i høve året før, og Hareid endar opp med 10 sigrar, 2 uavgjorte kampar og 10 tap, med ein målskilnad på 44-35. Dette gav dei 32 poeng og ein fin 5. plass i 3. divisjon, avd. 12. Sigrane 7-0 heime og 1-6 borte, begge mot botnlaget Hessa, var laget sine største sigrar. Tapet 7-3 mot SIF på Siffen snakkar vi mindre om.

Marius Liavåg vart toppscorar dette året, med heile 29 (!) mål. Dette var 19 meir enn neste mann på lista, unge Georg Aursnes. Elles kan vi nemne at Hareid med 5.plassen sikra seg ein plass i neste års NM-kvalik, etter eitt års opphald.

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR