hareid_il_logo_135.png









 

1996

For sjuande år på rad bytta Hareid trenar. I 1996 fekk Inge Gjerde ansvaret. Tabellmessig endar det hakket svakare enn sesongen i førevegen: 5. plass.

Saknet av Georg Aursnes er stort. For det er i angrep Hareid slit mest: 27 mål på 22 kampar er ikkje akkurat allverda. Hareid vinn dei jamne kampane, men grunna fire store tap endar laget opp med negativ målskilnad. To gongar vann Hareid 2-0. Resten av trepoengarane var eitmålsigerar.

Ei fin oppleving denne sesongen vart cupkampen mot Hødd. Sjølv om Hareid tapte 3-2 (Det er ikkje så gale. Hødd spelte i Tippeligaen i 95), var det mange folk og god stemning på Hareid Stadion.

Frå Svein Inge Nesset, Henrik Bolstad Banne og Stian Nedberge sitt prosjekt:

96-sesongen var ein god sesong for eit relativt ungt og lovande lag. Trenar denne sesongen var Inge Gjerde, og Stig Engen som spelande hjelpetrenar (keeper). Laget kjempa lenge i teten av 3 divisjon, men tapte seg på slutten av sesongen. Til slutt enda laget på ein respektabel 5. plass og kom seg vidare til fyrste runde av NM, der det vart 3-2 tap for rivalen Hødd IL, som då spelte nokon divisjonar høgare (Spelte i Tippeligaen i 95 og 1. divisjon i 96, red. anm.) I denne kampen gjorde Hareid ein fin figur og viste stor arbeidsvilje og entusiasme. Dette var fyrste gongen på mange år at laget klarte å kvalifisere seg til 1. runde av NM. Tabellplasseringa denne sesongen sikra NM-spel neste sesong også. Stig Engen var ein viktig spelar for laget denne sesongen,. Han haldt som oftast buret reint. Toppskårar for laget denne sesongen vart Bjørge Worren med 24 skåringar. Av desse vart 10 skåra i ligaen. Bjørge Worren skulle vise seg å ha ei viktig rolle om laget skulle lykkast i dei komande sesongane. Spelaren med flest kampar denne sesongen var Egil Øvrelid (37 kampar). Vinnaren av 3. divisjon 96 sesongen vart Volda, som enda 12 poeng framføre Hareid sitt a-lag. Hareid er ein såkalla ”farmerklubb” for Hødd. Dette inneber at lovande spelarar melder overgang for å få spele på eit høgare nivå. Denne sesongen melde Vagn S. Mork og Georg Aursnes overgang til Hødd. Dette er to spelarar som fekk sportsleg suksess i Hødd. Utsiktene for neste sesong ser lovande ut. Dette fordi klubben har eit ungt og lovande lag.

ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR