hareid_il_logo_135.png









 

1997

For åttande sesong på rad bytta Hareid trenar. I 1997 delte Arne Sørensen (frå Sauda) og Williy Nesset på trenaroppgåva. Men Sørensen ga seg på det midtvegs, og frå sommaren og ut hadde Nesset ansvaret åleine.

Hareid opnar sesongen bra, og ligg ei stund på 1. plass. Men fram mot sommarpausa går Hareid på nokre stygge tap. Ein av grunnane til det skal ha vore at den viktige midstopparen Sigbjørn Skeide gjekk skada i den perioda.

Haustsesongen opnar famlande, og i månadsskiftet august/september ligg Hareid berre så vidt på rett side av nedrykksstreken. Ny kontrakt vart ikkje sikra før i nest siste serierunde, då Aksla vart slått 2-0. Hareid endar på 9. plass (12 lag i avdelinga) med 26 poeng, fem meir enn Aksla på nest siste plass.

Vi kan trekke fram to unge 16-åringar som debuterte på a-laget denne sesongen: Hallvar Møller og Daniel Slettebakk.

I 1997 feira Hareid I.L. seg sjølv. Det var nemleg 75 år sidan idrettslaget vart starta opp. I byrjinga vart det jo mest drive med turn, men også fotballgruppa hang seg på jubileumet. Det vart mellom anna arrangert oldboysturnering. Det mest populære tiltaket var likevel kampen mellom eit forsterka Hareid-lag og Molde. Molde stillte toppa (dersom vi ser vekk frå at trenarane Åge Hareide og Erik Brakstad kom inn på slutten), medan Hareid lånte spelarar som Frank Sverre Skorpen (Bergsøy), Cato Eiksund Rogne (Hødd), Vagn Scheide Mork (Hødd), Kjell Frode Ervik (Volda) og Vidar Eikrem (Tornado). Frå eige lag spelte Ole Petter Slettebakk, Asgeir Aursnes, Espen Pilskog, Nils Peter Skeide, Sigbjørn Skeide, Trond Moldskred og Rune Johansen for Hareid. Trenarlegenda Hans Gisle Holstad hjalp Willy Nesset med
å leie laget. Forøvrig vann Molde kampen 3-2. Ein ikkje heilt ukjend Daniel Berg Hestad scora to for bortelaget.

Frå Stian Nedberge, Henrik Bolstad Banne og Svein Inge Nesset sitt prosjekt:

97-sesongen var ein skuffande sesong av Hareid. Trenarar for året var Willy Nesset og Arne Sørensen. Arne Sørensen var spelande trenar, men slutta etter halvspelt sesong (reiste tilbake til Sauda). Alt låg til rette for at dette skulle bli ein god sesong. Før sesongen var laget nesten ustoppelege i treningskampane. Etter 13 kampar var Volda det einaste laget som tukta det sterke Hareids laget. Når sesongen starta hadde laget store skadeproblem, og måtte dermed rokere masse i lagoppstillinga. Det førte til svake resultat i starten av sesongen, og i same periode vart Bergsøy for sterke i ein NM-kvalifiseringskamp. Laget klarte dermed ikkje å kvalifisere seg til 1. runde av NM som året før. Etter sommaren fekk laget tilbake mange spelarar frå skadelista, noko som førte til at haustsesongen vart noko betre enn vårsesongen. Til slutt enda laget på 9. plass. Ei plassering som ikkje er akseptabelt for eit så godt lag. Ting måtte rettast på til neste sesong. Lagkaptein gjennom sesongen var Nils Petter Skeide. Toppskårar totalt denne sesongen vart Rune Johansen 18 mål, etterfylgt av Dag H. Moldskred og Espen Pilskog 16 mål. Flest skåringar i serien hadde Dag H. Moldskred med 10 mål. Flest kampar hadde Egil Øvrelid og Espen Pilskog med 36 kampar. Ein ting som må nemnast er at heile 18 gutte/junior spelarar fekk prøve seg på a-laget gjennom sesongen. Desse tok ansvar og gjorde ein god jobb. Sommaren arrangerte Hareid IL jubileumscup, der Hareid, Hasundgot, HaNo og Hjørungavåg deltok. Vinnar av cupen vart Hasundgot. Laget deltok også på innandørs KM i Herøyhallen utan stor sportsleg suksess.

* Espen Pilskog vart kåra til året spelar.

ARRANGEMENT

_________________________

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR