hareid_il_logo_135.png









 

1998

Ei utgåve av Hareid i 1998. Bak frå venstre: Ottar Pilskog (trenar), Tommy Torsvik, Stian André Slotterøy, Asgeir Aursnes, Are Olav Riise, Odd Sverre Urke, Are Pilskog, Cato Hansrid, Ragnar Røyset, Jarle Romestrand (oppmann). Framme: Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar), Dag Harald Moldskred, Egil Øvrelid, Alfonso Pepe, Georg Einar Mork, Klaus Stian Moldskred, Daniel Slettebakk, Hallvar Møller, Kenneth Moldskred.
Ei utgåve av Hareid i 1998. Bak frå venstre: Ottar Pilskog (trenar), Tommy Torsvik, Stian André Slotterøy, Asgeir Aursnes, Are Olav Riise, Odd Sverre Urke, Are Pilskog, Cato Hansrid, Ragnar Røyset, Jarle Romestrand (oppmann). Framme: Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar), Dag Harald Moldskred, Egil Øvrelid, Alfonso Pepe, Georg Einar Mork, Klaus Stian Moldskred, Daniel Slettebakk, Hallvar Møller, Kenneth Moldskred.

98-sesongen vart mager for Hareid-laget. Sesongen blir hugsa slik: Spelarovergangar, trenarbytte og nedrykk til 4 .-divisjon. Trenarar i starten av sesongen var Willy Nesset og Nils Peter Skeide. I perioden før sesongen starta vart det spelaroppgjer mot trenarane, noko som førte til av Nils Peter trekte seg. Lars Pedersen var med på ein del treningar får å hjelpe Willy vidare. Før sesongen spelte laget fleire treningskampar, men dei fleste av dei enda med tap. Det såg ikkje lovande ut for Hareid-mannskapet. Tapa heldt fram i dei fyrste kampane av sesongen. Trenar Willy Nesset såg ingen annen utveg enn å trekke seg som trenar. Kanskje ville det få spelarane til å ”blø” meir for laget. Nye trenarar vart Ottar Pilskog og Svein Dag Slettebakk. Dei tok tak i problema og arbeida målbevist utan å få att for det resultatmessig. Laget heldt fram med å tape kampar. Kampane vart avgjort pga store personlige feil. Lagmoralen viste seg å vere vanskeleg å få opp. Det vart ganske tidleg slått fast at nedrykket var uunngåeleg. Hareid enda på desidert sisteplass med berre 2 poeng og ein målskilnad på 16 - 82.

Hareid deltok også i to turneringar denne sesongen. Desse turneringane var Åram-Cup og Valldal-Cup, der det i begge turneringa enda med jumboplass. Flest kampar for Hareid denne sesongen fekk Stian Andre Slotterøy med 31 kampar, Hallvard Møller kom på andreplass med 29 kampar. Toppskårar denne sesongen vart Dag H. Moldskred med 16 mål.  Kor mange av desse som vart skåra i serien er vanskeleg å finne svar på. Etter ein slik miserabel sesong måtte Hareid-styret få inn ny krefter på trenarfronten til neste sesong. Det mest positive denne sesongen var at dei unge spelarane ikkje mista trua på at Hareid skulle kome tilbake til 3. divisjon. Dei bretta opp armane og jobba målbevist sjølv om det såg stygt ut.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR