hareid_il_logo_135.png









 

21.05. Dykk i arkivet: Hugsar du denne gjengen?

Vi prøvar oss på alle namna.Bak frå venstre: Willy Nesset (fotballformann), Stein Arve Rise (oppmann), Torbjørn Worren, Trygve Aaslid, Sven-Aslak Veiseth, Kenneth Moldskred, Marius Rise, Eiliv-Tore Howlid, Peter Paus, Karl Eirik Frøysa Hansen (??), Lasse Flø (oppmann), Håvard Røyset (materialforvaltar).Framme: Hallvar Møller Ragnar Røyset, Svein Inge Nesset, Asgeir Aursnes, Bjørge Worren (spelande trenar), Egil Øvrelid, Stian André Slotterøy.
Vi prøvar oss på alle namna.Bak frå venstre: Willy Nesset (fotballformann), Stein Arve Rise (oppmann), Torbjørn Worren, Trygve Aaslid, Sven-Aslak Veiseth, Kenneth Moldskred, Marius Rise, Eiliv-Tore Howlid, Peter Paus, Karl Eirik Frøysa Hansen (??), Lasse Flø (oppmann), Håvard Røyset (materialforvaltar).Framme: Hallvar Møller Ragnar Røyset, Svein Inge Nesset, Asgeir Aursnes, Bjørge Worren (spelande trenar), Egil Øvrelid, Stian André Slotterøy.

Vi skal tilbake til 1999. Hareid nådde eit i nyare tid historisk lågmål då dei tok to poeng i 3.-divisjon i 1998. Bjørge Worren (spelande) og Arne Klepp fekk det tøffe ansvaret med å prøve å byggje opp igjen laget. Det såg lenge svært lyst ut, men opprykket glapp og Hareid enda på 4.-plass i 4.-divisjon. Uansett var klatringa starta, for i 2000 rykte opp - og sidan har vi ikkje sett eller høyrt noko om 4.-divisjon. Som vi ser er det mange legender på lagbiletet. Egil Øvrelid herja ute på venstrekanten, sjølv om han ofte kunne virke litt frustrert fordi Bjørge Worren aldri sentra til han (eller var det omvendt?). Eiliv-Tore Howlid var ung og offensiv, mest brukande på midtbana eller som spiss. Men dei fleste på dette laget var endå yngre. Svein Inge Nesset var eit fast innslag på laget (som han framleis er), medan Peter Paus også fekk spele no og då. Begge er fødde i 1983. Det var stort sett berre hareidsdølingar på laget. Så vidt vi klarer å sjå var det berre Bjørge og broren Torbjørn som kom frå Ulsteinvik.

Biletet er funne i arkivet til årets Hareid-speaker (I 99 både speaker og materialforvaltar) Håvard Røyset.
 

12.07.2010. Dykk i arkivet: Hareid-stallen i 1999

Vi fann før helga ein konvolutt med fotografi på klubbhuset, som viser seg å vere bilete av ein del av stallen til Hareid i 1999.

Trykk på biletet for å sjå biletserie.

Referat frå Hareid - MSIL 1999, henta frå msil.no

(Vi tippar at det var Hallvar Møller, og ikkje Harald Møller, som scora 2-0-målet:-)

Eit noko redusert MSI greidde som venta ikkje å ta poeng mot topplaget Hareid forrige torsdag. MSI spelte likevel ein god 1. omgang og hang svært godt med før pause, men etter at Hareid gjekk opp i leiinga tidleg i 2. omgang, hadde hareidsdølingane ingen problem med å sikre seg tre nye poeng.

I haust var det to divisjonar som skilde MSI og Hareid, og det såg ut til at heimelaget rekna med at dette skulle bli ein grei kamp. Men grøntrøyene ville på ingen måte vere med på eit slikt opplegg, og gjekk respektlaust til verks heilt frå avspark. MSI var konsentrerte og gjekk skikkeleg til i duellane, og etter kvart kom også spelet og ein del gode angrep. Fleire gode skot sette stadig Hareid-keeperen på prøve, men utan at det vart teljande resultat av det. Hareid på si side hadde også sine sjansar, særleg mot slutten av omgangen, men MSI-forsvaret rydda godt opp i det som kom. Dermed mållaust til pause, etter ein omgang som var svært positiv frå Mauseidvåg og Solevåg si side.

MSI greidde ikkje å følgje opp dei gode taktene i 2. omgang. Hareid skjerpa seg heilt klart etter pause, og etter berre tre minutt gjekk dei opp til 1-0 då Bjørge Worren sette ein keeper-retur sikkert i mål. Dette var tydelegvis det som skulle til for heimelaget, for derifrå og inn hadde grøntrøyene lite å stille opp med, sjølv om det var nær utlikning like etter at Hareid scora. Espen Bjørkavåg hindra ny Hareid-scoring då han redda eit straffespark, men 2-0-målet som låg i lufta kom midtvegs då Harald Møller scora etter eit fint innlegg. 3-0 vart det heilt mot slutten då Bjørge Worren scora åleine med Espen Bjørkavåg.

Hos MSI fortener heile laget honnør for ein godt gjennomført 1. omgang, men etter kvart som kampen skreid fram, tok det meir rutinerte Hareid-laget fullstendig over midtbana og kontrollerte kampen fullstendig.

ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR