hareid_il_logo_135.png









 

Hareid b-lag 1982

Hareid B vann 2.-divisjon i 1981 og rykte opp. Men no vart namnet på serien endra frå reservelagsserien til rekrutteringsserien. Hareid sitt b-lag vart denne sesongen kalla u-lag (må ikkje blandast med juniorlag).

Hareid skulle spele i avdelinga Møre/Nordfjord, men begge Nordfjord-laga trekte seg. Det same gjorde etter kvart Spjelkavik. Ørsta og Hødd kvalifiserte seg for vidare spel. Dermed var berre fire lag med om hausten. Av desse kom Hareid sist.

Oppmann Sindre Hareide skriv i årsmeldinga mellom anna:
"Det viser seg gong på gong at ein aldri kan få ein stor nok spelarstall. Skadar, skulegong og militærteneste gjorde at u-laget vart heilt avhengig av juniorlaget"
"Oppførselen og ånda i laget har vore god, trass i alle tapa, sjølv om det det har vore ein tendens til syting og kjefting på kampane"

I tillegg til Sindre Hareide var Bjørn Steinar Røyset, assistent på a-laget, ein god medhjelpar.

ARRANGEMENT

_________________________

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR