hareid_il_logo_135.png









 

Hareid b-lag 1987

Hareid B kjempa nok ein gong i toppen av 1.-divisjon, men heller ikkje denne sesongen lukkast dei med å ta KM-tittelen. Hareid enda på 2.-plass berre to poeng bak Spjelkavik. KM-kampen vart i realiteten avgjort i nest siste serierunde, då Hareid tapte mot nettopp "Vika".

I årsmeldinga legg Odd Arve Riise (oppmann) og Sindre Hareide (sportsleg leiar) vekt på at B-laget nesten ikkje brukte a-lagsreservar (dvs spelarar som starta sist a-kamp), og at det nok hindra KM-gull.

"Men det viktigaste med b-laget er å gi reservelagsspelarane god matching, i år har unge spelarar som Tonny Holtet og Jan Ove Fure vist at dei allereie neste år vil kjempe om ein plass i a-stallen. Ein får betre kamptrening på b-laget enn ved å spele juniorkampar" står det i årsmeldinga.

Tore Hareide vart nok ein gong toppscorar (10 mål). Kurt Magne Berge spelte flest kampar (17).

ARRANGEMENT

Årsmøte Hovudlaget

7.mars kl. 19.00

------------------------

Årsmøte Turn

6. Februar kl.19.00

Årsmøte Friidrett

14.februar kl. 19.00

Årsmøte Handball 

18.februar kl. 18.30

Årsmøte Trim

20. Februar kl. 19.00

Møtestad for alle årsmøter er på klubbhuset.

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR