hareid_il_logo_135.png









 

Hareid 2 sesongen 2010

Ei utgåve av Hareid 2 sesongen 2010 (borte mot Sæbø). Bak frå venstre: Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø, Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Husø Johansen (trenar), Anders Eidsvik, Ivar André Aadland, Kristian Angelsen (oppmann), John Anders Liaset. Framme: Dag Gøran Brandal, Jan Robin Haraldsvik, Gunnar Johann Ringstad, Christian Aasmo, Åge Møgster, Kevin Aarvik Hestholm, Peter Paus.

Ei utgåve av Hareid 2 sesongen 2010 (borte mot Sæbø). Bak frå venstre: Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø, Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Husø Johansen (trenar), Anders Eidsvik, Ivar André Aadland, Kristian Angelsen (oppmann), John Anders Liaset. Framme: Dag Gøran Brandal, Jan Robin Haraldsvik, Gunnar Johann Ringstad, Christian Aasmo, Åge Møgster, Kevin Aarvik Hestholm, Peter Paus.

Hareid 2 hadde gjort ein god comebacksesong i 5.-divisjon med femteplass i 2009. Likevel herska det usikkerheit om kor vidt det vart lag i 2010. Det var tynt med folk på slutten av 09-sesongen, og Einar Orten Trovåg, som var oppmann og tillegg hadde trena laget saman med Espen Beiermann, hadde flytta. Men etter nyttår vart det likevel bestemt at det vart lag. Kristian Angelsen hadde gitt seg som oppmann for a-laget, og tok i staden over same gjerning rundt Hareid 2. Rune Husø Johansen tok på seg å trene lag, med Espen Beiermann som assistent. Ei stund var også André Egset Nupen med som assistent, men han gav seg då han likevel valde å satse som a-lagsspelar. Kim Lillebø vart også ein viktig støttespelar som økonomiansvarleg og laget sin representant i styret.

På spelarsida måtte det natuleg nok komme inn ein del nytt for å kunne stille ein skapeleg stall. For det var også denne sesonge ein tynn a-stall, og ein kunne ikkje rekne med mykje hjelp derifrå. Dei nye var Gunnar Johann Ringstad (Brandal), Stian Garnes (Brandal), Arve Vestnes (Flø), Christian Aasmo (Brandal), Nikolay Sundgot (Brandal), Anders Eidsvik (Brandal), Frank Robert Moldskred (Brandal), Hiwa Alipoor og seinare Thomas Vik Myklebust (MSIL) og Tommy Torsvik (Djerv). Dei som hadde gitt seg i høve fjoråret var Stig Andor Engen (lagt opp), Sturla Pilskog (Lokomotiv Oslo), Tore Rantapelkonen (lagt opp) og Roy André Øvrelid (lagt opp). Einar Orten Trovåg og Åge Møgster var lite med. Berebjelkar som Arve Vestnes, Espen Beiermann, Rune Husø Johansen, Peter Paus og Paul Magne Worren var framleis med. A-lagsspelarane Ivar André Aadland, Kevin Aarvik Hestholm (juniorkeeper) og Georg Rise Gaasø spelte også ein del kampar.

Vinteren var hard, så det tok litt tid før utetreningane kom i gong. I staden hadde laget heldt ved like forma i Hareidhallen. Første treningskamp vart spelt 8. mars, og var ikkje spesielt oppløftande; 7-2-tap mot Hasundgot. Men dei to neste treningskampane gav betre forhåpningar om ein god sesong; 8-1 mot Bergsøy 2 og 10-0 mot Haddal.

Vårsesongen vart veldig god. Hareid tapte ikkje ein einaste av dei åtte første kampane, og uavgjort mot topplaga Hovdebygda og Sunnylven var absolutt til å leve med i tillegg til dei seks sigrane. Men på dei fire siste før ferien vart det ikkje like bra poengfangst, med tre tap (Sunnylven, Åheim, Sæbø). Det må nemnast at bortekampen mot Sunnylven (spelt på Stranda) uansett vart ein kjekk tur. Laget la opp til ein sosial happening med supportarbuss og festivas på Brandal i etterkant.

Som i 2009 vart det trena litt for lite før haustsesongen, noko som truleg straffa seg litt. HIL 2 opna svakt med 8-0-tap mot Hovdebygda og 1-3 mot Bergsøy 2. Resten av haustsesongen gjekk i bølgjedalar. I tredje siste kamp mot Hasundgot sleit laget med skadar og lite folk, noko som gjorde at oppmann Kristian Angelsen måtte steppe inn som keeper. Men siste seriekamp enda med 1-0 borte mot Tjørvåg, og dermed enda Hareid 2 på 4.-plass - éi plassering betre enn i fjor. Alt i alt ein varierande men god sesong.

Etter sesongen vart Espen Beiermann kåra til årets spelar.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR