hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget 2005 - Jubelsesongen

2005 var ein kjempesesong av juniorlaget. Bronsje ute, og gull inne. Derfor skreiv Einar OT eit laaangt ”ultimate referat” etter utesesongen:

Etter to år i 2. divisjon, der juniorsatsinga kom i skuggen av eit sårt spelartengande a-lag, var 2005 det året då det skulle satsast på juniorfotball her på Hareid. Allereie før jul 2004 var eit trenarteam beståande av Svein-Dag Slettebakk, Eiliv-Tore Hovlid og Johannes Christian Riise på plass, og med to reine juniortreningar og to "dei som ikkje er på a-laget- juniortreningar" i veka, så skulle det meste ligge til rette for ein god sesong. Det begynte jo også ganske bra. Dei tjue minutta i fyrste kvalifiseringskamp mot Rollon var rein rundspeling, men av ein eller anna grunn vann Hareid berre 3-1 til slutt. Mykje skulle avgjerast i neste kamp mot Brattvåg. Til tross for mykje ballbesitting, var det Magnus Snipsøyr som redda eit poeng og 3-3 like før slutt. Snipsøyr var ein av hovudgrunnane til at Hareid faktisk kom til 1. divisjon, men litt av ære må også ein uheldig Brattvåg-oppmann ta. Brattvåg møtte ikkje opp i sin kamp mot Rollon, og mista der tre poeng. Med ein effektiv 7-1-siger mot Volda var Hareid derfor i realteten i 1. divisjon. I siste kamp vart det 2-0-tap mot Herd, men med 7 poeng tok Hareid andreplassen i gruppa, og det var altså nok. Når det gjaldt spelarstallen denne vinteren, så var den til tider rimeleg tynn. Både Svenn Erik Warholm og Ola Marius Rise var lenge ute med sine respektive kjeveoperasjonar, og skadesituasjonen generelt sett var ikkje veldig bra. I kampen mot Volda vokta ex-keeper Carsten Grüner målet, og i same kamp var berre reine guttespelarar å finne på benken. Kvalifiseringa i seg sjølv var eigentleg ikkje spesielt bra av Hareid, synest i alle fall underteikna. Marius Slettebakk viste i dei to siste kampane at han høyrte heime på nivået, og Magnus Snipsøyr bøtta i andre og tredje kamp inn viktige mål. Men viktigaste av alt: det gjekk.

Det vart spelt nokre treningskampar. I kampane mot Herd og Bergsøy vart rett og slett Hareid knust. I siste kamp før seriestart møtte Hareid det unge Sandelaget på Hareidgrusen, og her skjedde truleg mykje positivt med tanke på resten av sesongen: Svenn Erik Warholm og Ola Marius Rise var tilbake frå skader. Warholm rydda opp mykje av problema i forsvaret tidlegare i år, medan Rise scora fire i denne kampen. I pausa vart det dessutan lagt om til noko som likna mykje på 4-3-3, ein slags skeiv formasjon Svein Dag Slettebakk hadde pønska ut. Ola Marius Rise og Einar Orten Trovåg spelte spissar, medan Magnus Snipsøyr tok ansvar på høgresida. Av dei tre midtbanespelarane, var det i denne omgang Kjell Roger Skarshaug som fekk ei rolle litt ut mot venstre.

Valder borte trudde eg i utgangspunktet skulle bli ein vanskeleg kamp. Men juniorane kjempa rett og slett Valder i senk på Godøya, og med 4-0 var årets fyrste siger i boks. Hareid spelte no med stor optimisme, og til tross for at Hødd utligna til 1-1 på Hareidgrusen, kom "bøndane" tilbake og vann 3-1. Dagen etter møtte dei fleste opp med sjølvdesigna "Hareid Junior Elite"-t-skjorter på skule. I årets tredje kamp, borte mot Bergsøy, måtte Kjell Roger Skarshaug og Joar Møller prioriterast til fordel a-laget. Då også Magnus Snipsøyr var ute, måtte Hareid mønstre ei ny lagoppstilling i Fosnavågen. Det heldt til 3-3, etter ei noko kontroversiell dommaravgjerdsle til fordel Bergsøy i sluttminutta. Vikebladet Vestposten hadde ofra laget mykje merksemd etter ei god innleiing på sesongen, men etter 1-0-tapet mot AaFK på Color Line Stadion i fjerde seriekamp mista sjølv dei trua. Skarshaug og Møller måtte nok ein gong stå over (Det var ein anna kamp mot AaFK som venta på nettopp dei), men med Marius Slettebakk og Joachim Moldskred på veg tilbake, viste Hareid faktisk prov på breidde i stallen. I femte seriekamp vart Emblem/Blindheim nedsabla 7-1, etter at bylaget hadde leia 1-0 til pause og Johs Chr. Riise brølt nokre velvalte ord i garderoben. Heime på Hareid Stadion venta i tur og orden Valder og Herd. Dei vart slått henholdsvis 3-0 og 5-1, og ein kan ikkje sei anna enn at forma var inntakt. Til mange si overrasking leia også "vi bøndene" serien. Det fann også Einar Magne Skeide ut. På ein solfyllt kveld i Ulsteinvik la Hødd kampen til kunstgras. I tillegg stillte Hødd også med omtrent det dei hadde av spelarane sine frå Åram, Hundeivika og Geiranger, og det at kretslaget frå den andre sida av Eidet vann 2-1 kom neppe som ei bombe for dei fleste. Men Hareid gav seg ikkje med det. Med ein scoringsflittig Kjell Roger Skarshaug (4 mål) slo Hareid nok ein gong Sande på Hareidgrusen, denne gongen 8-0. Veka etter kom Bergsøy på besøk, og med ei sein scoring av Magnus Snipsøyr vann Hareid 2-1. Hareid hadde ein gylden sjanse til å sikre serieleiing til sommarpausa, men i staden vart det levert ein elendig kamp borte mot Sande på Larsnes. 2-2 borte var ikkje mykje å skryte av, i alle fall ikkje mot botnlaget Sande. Likevel; 3. plass til sommarfri hadde nok ikkje så alt for mange rekna med.

Mange såg på haustsesongen med ein tanke skepsis. Magnus Snipsøyr var på plass i USA, Ola Marius Rise skulle flytta til austlandet, medan Kjell Roger Skarshaug etter planen skulle i det militæret. Skjønt. Det var han. Men han rakk akkurat tilbake til Hareid før haustsesongens fyrste kamp, mot AafK. Hareid var tidleg ille ute og låg under med to, men sensasjonelt nok tok Hareid igjen eit toppa lag frå byen, og vann til slutt 4-3. I neste kamp gjekk sjølvtilliten utover Emblem/Blindheim. Hareid vann 5-2, men gjorde ikkje meir enn høgst nødvendig ut av seg. Det såg også greit ut borte mot Herd, med ei tilsynelatande trygg 1-0-leiing, men for ein gong skuld sprakk Hareid, og tapte til slutt 6-1 på kunstgraset. Likevel: Etter 2 av 3 runder leia Hareid Nordeaserien. Det skulle dei også gjere etter 15 av 21 kampar. Med ein Stian Myrene i storform reiste Hareid seg raskt frå audmjukinga, og vann 2-0 borte mot Valder. Men deretter gjekk det gale. Det vart tap både mot eit multitoppa Hødd (1-2) og eit ikkje fullt så godt Bergsøy (0-1). Det vart så ein pliktsiger heime mot Sande (4-0), før det vart tap 5-2 borte mot AaFK. Til tross for elendig innsats vart Emblem/Blindheim besigra 3-2, og før siste kamp var Hareid avhengig av eit meget formsterkt Bergsøy når det gjaldt bronsemedaljane. Det gjekk Hareid sin veg. Sjølv ordna vi 6-1 heime mot Herd, og i tillegg slo Hødd Bergsøy 3-0. Det enda altså med ein sterk tredjeplass, som tidlegare nemnt berre bak "kretslaga" Hødd og AaFK.

I "Einar OT Agurknytt" kunne vi lese dette 11. april i år:

"Objektiv vurdering av årets juniorsesong
I morgon tar serien til, og kva er då mindre på plass enn ei vurdering av korleis poengfordelinga blir mot dei ulike laga. NB!trippel serie Aafk- Her vil poeng i det heile tatt vere ein bonus. Det einaste Hareid kan håpe på er at Aafk ikkje stiller med dei beste. 0 Hødd- Her spørs det kva lag Hødd stiller med. Men det er alltid ein bonus å slå Hødd-Blindheim - 3. Eit lag det skal vere mogleg å slå, om ikkje i alle tilfelle. 6 Bergsøy- Slo Hareid 5-1 i ein treningskamp der BIL ikkje stillte toppa, men treningskamp er treningkamp. 3 Sande- Ungt og talentfullt, men dog. 9 Valder- Usikkert. Dette laget gjorde det godt i fjhor, men har mista både godt og gale. 4 Herd- Har spelt jamt mot Herd to gonger i vinter. 4 Samanlagt skulle dette bli ein god del poeng. La oss sei 4, 5 plass. Og det må det jo gå an å seie seg fornøgd med. "

*Tippa 0 poeng mot AaFK! Feil! Det vart tre....
*Tippa 3 poeng mot Hødd. Og der traff eg.....
*Tippa 6 poeng mot EIL/BIL. Det vart 9....
*Tippa 3 poeng mot Bergsøy. Det vart 4...
*Tippa 9 poeng mot Sande. Det skulle det ha vore, men det enda med 7...
*Tippa 4 poeng mot Valder. Her fekk vi full pott (9).....
*Tippa 4 poeng mot Herd. Det enda på 6....
*Tippa at vi kom på 4, 5 plass. Det vart 3. ........Her får du servert litt informasjon om kvar enkelt spelar som har spelt i Nordeaserien, samt undeteikna si subjektive vurdering av spelaren. Når det gjeld tala, så er dei sjølvsagt lagt ut her med forbehald om feil...:

1. Stian Myrene, keeper. 14 kampar.
Keeperane spelte sånn ca. annankvar kamp i år. Stian har til tider vore meget god, som i heimekampen mot Hødd og bortekampen mot Valder. Stian er ein kar du kan stole på.

3. Nicolai Øyehol, back. 17 kampar. 1 mål.
Som han sjølv veit har han ikkje verdas beste fyrstetouch, men tar igjen det med god innsats og god balanse henta frå turnkarriera si. Var fast på laget i vår som høgre back, med litt mindre speletid i haust. Men Øyehol var utvikla seg svært mykje frå i fjor. Fekk fem minutt som angripar heime mot Emblem/Blindheim, og bruktedei til å score eit vakkert mål.

4. Joachim Moldskred, midtstoppar/midtbane(/spiss). 15 kampar. 5 mål.
Skadeutsette Moldskred har vore ein meget nyttig kar når han har vore med. Beherskar både midtbane-og midtstopparrolla, og scora til og med to mål i siste seriekamp mot Herd, då han spelte spis.

5. Svenn Erik Warholm, midtsatoppar, KAPTEIN. 19 kampar. 1 mål.
Kaptein Svenn O. spelar høgst sjeldan dårleg. Ein meget viktig grunn til at alt gjekk som det gjekk. Scora også på ei perle på frispark mot Bergsøy borte i vår. Berre karantener har gjort at han ikkje fekk med seg alle kampane i år.

6. Henrik Bolstad Banne, back(/midtbane). 21 kampar. 2 mål.
Den einaste som har spelt alle kampane i år, og det seier vel det meste. Har vel kanskje ikkje blitt bytta ut i det heile? I tillegg til å vere ein trygg back, er også Bolstad Banne Hareid Junior sin offensive back. Mange hugsar vel kanskje målet hans i heimekampen mot Herd i vår.

7. Magnus Giske Snipsøyr, angrep. 9 kampar. 9 mål.
Spelte berre vårsesongen. Magnus er Magnus. Han kan stå å sjå på fuglane i eit kvarter, før han slår til med eit sjukt mål, eller to. Magnus scora fleire viktige mål både i vinter og i vår, før han forlot oss til fordel for varmare strøk.

7. Robin Jackson Indreflø, angrep. 17 kampar. 4 mål.
Truleg ein av divisjonen sine aller raskaste spelarar. På sin høgrevingposisjon spring han frå den han vil. Robin har stort sett vore kreativ og god i år, til tross for ein kranglete rygg. Hugs at denne karen eigentleg er guttespelar.

8. Kevin Seljeset, angrep(/midtbane). 13 kampar. 3 mål.
Ryggproblem har også denne karen hatt. Har i lengre eller kortare periodar vore "ute av det", men har ved nokre høve markert seg godt. Kom inn og scora mot AaFK, og scora to mot Sande. Godt nok for meg ! (som Johs plar seie)

9. Benjamin Reite, forsvar/midtbane(/angrep). 19 kampar.
Kan brukast over alt. Personleg synest eg at det funka best då han spelte back i haust, men denne robuste spelaren glir lett inn i alle posisjonar. Jobbar bra uansett.

10. Ola Marius Rise, spiss(/midtbane). 14 kampar. 18 mål.
Scorar mål, og det er det viktigaste. Vi har sett korleis det har gått utan Ola Marius på bana framfor målet..... Hadde vel ei periode i vår/vinter då han scora i åtte kampar på rad eller noko sånt. Say no more.

11. Joar Møller, midstoppar/midtbane. 15 kampar. 4 mål.
I vår var det som regel a-laget som gjaldt for Møller, der som back. Men etter ei periode med kyssesjuka, viste også denne karen prov på sine kvalitetar i juniorserien i haust. Har ein følsom venstefot og eit godt humør.

12. Mario Liavåg, keeper. 11 kampar.
Personleg synest eg at Mario har blitt ein betraktelig betre keeper sidan i fjor. Til tross for eit par blundarar har han no blitt tryggare, og har også fleire gode redningar.

13. Carsten Grüner, midstoppar(/spiss). 16 kampar. 1 mål.
Etter mi meining den som har forbetra seg mest frå i fjor. Har no blitt ein ruvande midtstoppar, og spesielt i haust viste Grüner kva han er god for. Tvilar på at du finn jamngamle spelarar som er like gode på hovudet.

14. Marius Slettebakk, midtbane/hengande spiss. 14 kampar. 2 mål.
Utvilsamt eit stor talent. Tross sin unge alder har Slettebakk trilla rundt med mang ein midtbanespelar i Nordeaserien. Men så var det dette med skadene.........

15. Raymond Andersen, midtbane/angrep. 9 kampar. 1 mål.
"Reidar" har vore på og av i juniormiljøet i år. Kanskje litt vel ofte "i selskap". Seier sjølv at målet hans i 2-2-treningskampen mot Hødd i vinter er høgdepunktet i karriera hans. Viser ofte prov på sine Zlatan-ferdigheiter, og avslutta også sesongen med eit mål mot Herd.

16. Einar Orten Trovåg, angrep/(midtbane). 20 kampar. 5 mål.
Laget ordna ein eigen posisjon på bana som blei kalla "jobbande spiss". Den fekk eg. Har dessverre variert alt for mykje i prestasjonane, og bør ta meg nokre teknikk- og taktikkurs med tanke på neste år.

17. Erdal Aydin, midtbane. 20 kampar. 1 mål.
Ein ballvinnande spelar som frå sin defensive midtbaneposison har rydda store mengder skog i løpet av sesongen. Det er ein grunn til at Aydin fekk med seg nokre a-kampar...

18. Kjell Roger Skarshaug, midtbane(/spiss). 17 kampar. 7 mål.
Årets spelar i følge underteikna sitt høgst uoffisielle stjernesystem. Til tross for at han er ein relativt fast invetar på a-laget fått med seg mange kampar i Nordeaserien, der han truleg er ein av dei aller beste spelarane.

xx. Ruben Kenneth Brandal. 2 kampar.
xx. Nicolai Røyset. 2 kampar.

Andre medvirkande:

xx. Geir Børre Røyset. Denne innsatsfulle backen spelte ein omgang i ein treningskamp borte mot Bergsøy. Fekk med seg ei målgivande pasning derifrå. Var så vidt innpå også i Sunnmørshallen.

xx. Haakon Frøysa Hansen. Stillte opp i ein treningskamp borte mot Hødd, då vi ikkje hadde nok folk....

xx. Preben Nedrelid. Fekk eit innhopp mot Volda i Sunnmørshallen.

xx. Egzon Abazi. Ein kar vi lånte frå Hødd, mot Hødd (tr. kamp). Markerte seg for vår del positivt dei minutta han hadde på seg raudt.

xx. Niklas Ringstad. Ubenytta reserve i Sunnmørshallen.

xx. Audun Orten Trovåg. Keeper som har trent ein del med laget. Var med eit par kampar som reservekeeper.

xx. Anders "Helldog" Hjelle Øiestad. Humørspredar med ein kamp som ubenytta reserve.

xx. Åge Møgster. Fekk ein halv omgang i treningskampen borte mot Herd.

Coach 1: Svein Dag Slettebakk.
Coach 2: Eiliv Tore Hovlid.
Coach 2.5: Johs Chr. Riise
Oppmann: Olav Sindre "Ninna" Rise
Kampreferent: Einar Orten Trovåg

Top 5 "Einar OT stjernebørs":
1. Kjell Roger Skarshaug, 23 stjerner
2. Svenn Erik Warholm, 16 stjerner.
3. Carsten Grüner, 10 stjerner.
3. Stian Myrene, 10 stjerner.
5. Ola Marius Rise, 9 stjerner.

Top 5 Spelte Kampar (av 21 moglege):
1. Henrik Bolstad Banne, 21.
2. Erdal Aydin, 20.
2. Einar Orten Trovåg, 20.
4. Benjamin Reite, 19.
4. Svenn Erik Warholm, 19.

Top 5 scora mål:
1. Ola Marius Rise, 18.
2. Magnus Snipsøyr, 9.
3. Kjell Roger Skarshaug, 7.
4. Einar Orten Trovåg, 5.
4. Joachim Moldskred, 5.

Og så var det Inne-KM-gullet. Etter den bragda stod følgande på nettsida:

KM inne 2005, G19, Stordalhallen, 28 & 29 nov.

Hareid sin veg til gull:

Innleiiande:

Kamp 1 : Hødd 1 - Hareid 4-2
Mål av: Kjellis og Ola Marius.
Hareid leia ei periode 2-1, men eit godt Høddlag (utan ein einaste etnisk høddar!) viste seg etter kvart å vere for sterke. Alle baklengsmåla kan seiast å vere personlege feil, men solide Hødd (med ein meget godt samarbeide mellom Eivind Myklebust og Joachim Magnussen) vann fortent.

Kamp 2: Sif/Hessa 1 - Hareid 2-10
Mål av: Ola M. 4, Catsten 2, Joar, Kjell Roger, Joachim, sjølvmål.
Motstandaren var Sif/Hessa sine antatt nest beste. Sjølv om bylaget tok leiinga var det ingen som helst slags tvil om kven som vart det beste laget. Bra av Hareid, men lett motstand.

Kamp 3: Hareid - Sulalaget 15-4
Mål av: Ola M. 5, Kjellis 4, Erdal 2, Carsten 2, Einar, Joachim.
Sula hadde gitt opp på førehand, men fekk faktisk tidvis herje litt med Hareid, fordi alle på Hareid ville fram og score. Sula scora forøvrig på to avspark! Som forrige kamp: Bra av Hareid, men motstanden var "slett".

Mellomspel:

Kamp 1: Ørskog/Stordal 1 - Hareid 2-5
Mål av: Ola M. 3, Erdal, Joachim.
Hareid sleit tidvis, og gjorde det nok litt for spennande, men vann fortent til slutt. Ørskog/Stordal 1 var arrangørane sitt håp for meisterskapen, men evnene til "heimelaget" stod dessverre for dei ikkje i stil til det Hareid stod for.

Kamp 2: Hareid - Volda 6-0
Mål av: Henrik 2, Carsten, Ola M., Kjellis, Einar.
Hareid sleit i begynninga, men då Henrik B. Banne gjorde sin inntreden på bana løsna det. Banne stod for dei to fyrste måla, og la opp til det tredje. Volda var nok ikkje cupen sitt dårligaste lag, men Hareid var fleire hakk betre, så også i denne kampen.

Kvartfinale: Aalesund 2 - Hareid 4-5
Mål av: Kjellis, Ola M. 2, Joar, Henrik.
Motstandaren var AaFK sitt beste lag i turneringa, med spelarar som Torkild Nelvik og a-lagsspelaren Tomas Pedersen. Spesielt Pedersen skapte store problem for Hareid. Hareid leia 3-1, men AaFK scora tre kjappe. Det måtte eit frisparkmål frå Joar Møller til for å få ekstraomgangar. Etter eit angrep på venstresida kunne Ola Marius "enkelt" sette inn "the golden goal" og Frode Fagermo sine gutar var ute av turneringa. Det høyrer også med til historia at underteikna snakka ein del med Fagermo før på dagen. Då såg han ikkje det spesielt farlige i Hareid, og ville heller framheve Herd.

Semifinale: Norborg 1 - Hareid 2-7
Mål av: Joar 2, Kjellis 2, Erdal, Ola M., Henrik
Norborg slo ut Hødd 1 (ja, det beste Høddlaget) i kvartfinalen. Det gjorde ikkje så mykje for Hareid sin del, for Norborg var eit rimeleg lett bytte. Norborg hadde to gode spissar i Lennart Holmen og Adrian Håbeth, men når dei vart temma var "saken biff". Likevel; Dette var sjølvsagt ein meget god kamp av Hareid, som berre vart betre og betre.

Finale: Stranda 1 - Hareid 2-6 = GULL!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Mål av: Ola M. 3, Kjellis 2, Einar.
Hareid leia 3-0, men to kjappe Strandamål skapte ny spenning. Hareid spelte vidare god fotball, og når du vinn 6-2 i finala er det jo meget fortent!!!!!! God jobbing av alle som vanleg....

Hareid spelte slik:
Stian (Mario, Audun)
Ola M/Henrik (Erdal)
Svenn Erik (c) /Joachim
Joar/Erdal (Marius, Robin
Kjellis (Carsten, Einar, Robin)

Stian Myrene
Er ein meget god innekeeper, men vart berre betre og betre utover i turneringa. Fleire meget viktige redningar, og var ellers trygg.

Mario Liavåg
Stod kampen mot Sulalaget.

Audun Orten Trovåg
Stod ein bit av kampen mot Sif/Hessa 1.

Ola Marius Rise
Toppscorar i turneringa, og det seier vel sitt. Kreativ offensivt og også god defensivt. Set 98% av alle sjansar, og scorar frå alle hald. Strålande meisterskap.

Henrik Bolstad Banne
Bør vel revurdere eigne utsagn om at han ikkje er spesielt god inne. Særleg mot Volda viste Banne klasse, og scora også fleire viktige mål utover i turneringa. God defensivt, og overraskande god offensivt.

Svenn Erik Warholm (c)
Warholm er best når det gjeld. Var kanskje litt for opptatt av at han ikkje hadde scora i meisterskapen ei stund, men når alt kjem til alt så er det den defensive Svenn Erik som er best. Viktig grunn til at det gjekk som det gjekk.

Joachim Moldskred
Stod ikkje tilbake for nokon andre "bakspelarar" i turneringa. Har blitt meget god og rutinert defensivt, og er gjerne med framover og scorar.

Joar Møller
Spelte ikkje finalen, men venstrefoten og fotballforståinga til Joar var meget viktig heilt fram til då. Scora som kjent eit meget viktig mål mot AaFK. Litt rusk i begynninga av turneringa(??), men du verden så viktig han vart etter kvart. God turnering.

Erdal Aydin
Denne "virren" er jo høgst sjeldan dårleg, og denne turneringa var av det betre slaget for Aydin, spesielt i finalen. Då var han bortimot genial. Scorar elles ein del mål, og er jo umogeleg å ikkje tape ein duell mot.....

Kjell Roger Skarshaug
Vart kåra til finalens beste, men var han også turneringa sin beste spelar?? Det å slå ballen opp på ein feilvendt Kjellis er ein slager ute som inne. Scora 12 mål i turneringa....

Carsten Grüner
Avløyste Skarshaug ved ein del høve, og er også vanskeleg å bryne seg på feilvendt. Grüner gjorde ein god figur turneringa gjennom, og fekk også satt inn nokre mål.

Einar Orten Trovåg
Fekk spele mest innleiiande, men scora også eit par mål når han fekk sjansen andre dag. Synd at frisparket mot Norborg ikkje gjekk inn!!! (for meg). Og så må eg legge til at eg scora turneringas siste mål.....

Robin Jackson Indreflø
Kom inn ved nokre høve for å jage og skape trøbbel med farta si. Gjorde det bra dei gongane han fekk sjansen.

Marius Slettebakk
Heller ikkje den som spelte mest, men viste prov på kvalitet når han fekk sjansen. Avløyste Aydin på venstresida i finalen.

Svein Dag Slettebakk - Coach dag 1.
Johs. Chr. Riise - Coach dag 2.
Olav Sindre Rise- oppmann som fekk fortent heider for det etter turneringa....

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR