hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget 2006

Etter 2005-sesongen forsvann fleire sentrale spelarar. Kjell Roger Skarshaug, Stian Myrene, Joachim Moldskred, Ola Marius Rise og Svenn Erik Warholm var no blitt for gamle.

Endringar vart også gjort i støtteappratet. Svein Dag Slettebakk gjekk ut av trenarteamet, men steppa inn ved nokre høve då hovudtrenar Johs Chr. Riise og assistent Eiliv Tore Howlid hadde andre ting å gjere. Bjørn Steinar Røyset og Gunder Andersen tok over oppmanngjerninga etter Olav Sindre Rise. Svenn Erik Warholm hadde vore kaptein på juniorlaget i tre år. No tok Erdal Aydin over bandet, med Marius Slettebakk som visekaptein. Av nye spelarar, sett vekk frå dei som kom opp frå guttelaget, spelte Tony Rasmussen (ex Hødd) ein del kampar på vinteren og våren.

Det låg i korta at Mario Liavåg skulle vere førstekeeper denne sesongen, men ei veke før kvalifiseringa tok til, ga han beskjed om at han slutta. Med det vart guttekeeper Audun Orten Trovåg førstekeeper. Kvalifiseringa begynte treigt. 1-1 mot både SIF og Rollon vart under pari, men Hareid redda seg meisterleg inn, med 3-1 mot Spjelkavik og 2-1-siger i den livsviktige kampen mot Bergsøy. Standard lagoppstilling i kvalikken: Audun Orten Trovåg – Nikolai Røyset, Henrik Bolstad Banne, Carsten Grüner, Joar Møller – Robin Jackson Indreflø, Erdal Aydin, Marius Slettebakk, Einar Orten Trovåg – Benjamin Reite, Tony Rasmussen.

Utover vinteren var treningsoppmøtet heller lågt. Det var slettest ikkje uvanleg at berre fire mann møtte opp til utandørstreningane. Under ein treningskamp mot Hødd måtte Hareid til og med låne to motseplarar for å fullføre kampen. Nordeaserien begynte bra. I 1. omgang borte mot Herd storspelte Hareid, og leia 3-1 like etter kvilen. Men så fall lagte saman, og tapte 4-3. Vårsesongen var stort sett svært dårleg, sjølv om Hareid periodevis spelte god fotball. Men 0-5 mot Brattvåg og 1-8 mot AaFK hadde aldri skjedd sesongen i førevegen. Mange spelarar hadde dårleg treningsgrunnlag, og andre sleit med andre ting. Ting funka rett og slett ikkje.

Tidleg i juni kom Magnus Snipsøyr tilbake. Han markerte seg umiddelbart med å score 2 mål som innbyttar i 3-3-kampen mot Bergsøy. I sommarferien forsvann sisteårsjuniorane Carsten Grüner, Einar Orten Trovåg og Henrik Bolstad Banne (sistnemnte spelte sesongens to siste kampar). I tillegg forsvann Tony Rasmussen gradvis. Men før Banne og Orten Trovåg reiste vekk, spelte dei i 7-1-sigeren mot Stranda tidleg i august. Det var starten på ei god periode for laget. Sidan følgte sigerar mot SIF og Herd, samt uavgjort mot Hødd. Men på slutten sprakk det. Ved to høve klarte heller ikkje Hareid å stille med elleve mann frå start av, og reservekeeper Magne Møgster vart ein av ni utespelarar. Så med 19 poeng på 21 kampar enda Hareid på 8. og siste plass i Nordeaserien.

Marius Slettebakk (som vart skada så og seie heile vårsesongen) vart årets toppscorar med ti mål. Erdal Aydin og Benjamin Reite fekk begge 20 stjerner, og delte ”årets spelar”-tittelen.

Spelarar 2006:
Audun Orten Trovåg (f. 90, keeper), Magne Møgster (f. 88, keeper/utespelar), Nikolai Røyset (f. 89, back), Nicolai Øyehol (f. 88, back), Carsten Grüner (f. 87, midtstoppar), Benjamin Reite (f. 88, midtstoppar, evt. spiss), Åge Møgster (f. 90, midstoppar/back), Benjamin Slettebakk (f. 90, forsvar/midtbane), Joar Møller (f. 87, forsvar/midtbane), Henrik Bolstad Banne (f. 87, forsvar/midtbane), Preben Nedrelid (f. 90), Robin Jackson Indreflø (f. 89, ving/spiss), Erdal Aydin (f. 88, midtbane/back), Marius Slettebakk (f. 89, midtbane), Christer Adrian Mork (f. 90, spiss), Fredrik Abrahamsen (f. 91, spiss), Daniel Moldskred Strand (f. 91, back), Arvid Holstad (f. 91, back), Einar Orten Trovåg (f. 87, midtbane/spiss), Tony Rasmussen (f.87, spiss/midtstoppar), Ørjan Engen Grimstad (f. 90, forsvar/angrep), Raymond Andersen (f. 88, angrep/back), Magnus Snipsøyr (f. 88, spiss), Kevin Seljeset (f. 88, angrep), Marius Hareide (f. 89, angrep), Ruben Kenneth Brandal (f. 90, midtbane/back).

ARRANGEMENT

 

Jentefotballens dag

------------------------------

HADARLEIKANE

10. Juni - Hareid stadion

____________________

Sparebank Møre Cup

1. September - Hareid Stadion

Påmeldingslink SBM Cup 2018

 


Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR