hareid_il_logo_135.png









 

Juniorlaget 2008

Det som skulle bli ein god juniorsesong enda med trenarbytter, rot og andre problem.

Etter den oppløftande 2007-hausten heldt Anders Mork fram som trenar. Han fekk med seg Einar Orten Trovåg som assistent/oppmann, som no hadde flytta heim etter eit og eit halvt år i Bodø. Treningane kom i gang tidleg, og sjølv om mange juniorar var i a-stallen var oppmøtet godt.

Kvaliken starta med skuffande 1-1 mot Langevåg, men resten var i grunnen veldig bra. Klare sigrar mot Ellingsøy og Rollon sikra plass i 1. divisjon. Den beste prestasjonen kom kanskje likevel mot AaFK. Det vart 0-3-tap, men Hareid var vel så gode som oransjetrøyene den kampen.

Etter kvaliken vart treningsoppmøtet dårlegare, men noko overraskande vann Hareid mot Hødd i siste treningskamp før seriestart. Hødd skulle seinare bli suverene krinsmeisterar og semifinalistar i NM, og kampen sørga for optimisme i spelargruppa.

I første seriekamp var stillinga 2-2 etter 70 minutt borte mot AaFK, men ein sprekk på slutten førte til 2-7-tap. Motgangen heldt fram, og a-lagstrenarane såg ikkje lyst på at a-juniorane spelte juniorkampar kvar veke. Etter seks strake tap innleiingsvis var steminga i spelargruppa dårleg. Det vart gjort eit forsøk på å flytte laget ned i 2.-divisjon, slik at spelarane skulle få meir passande utfordingar, men krinsen tillot ikkje det. Anders Mork trekte seg som trenar i eit forsøk på å få ting på stell. Han gjekk i staden inn i oppmanngruppa saman med Einar Orten Trovåg og Lillian Lonbakken, medan Kim-Tore Husøy og Ronny Jørgensen kom inn som trenarar.
Det vart umiddelbar suksess med 6-0-siger mot gode Volda, ein kamp som viste at Hareid var gode når dei beste får spele. Men resultata varierte deretter.

Etter sommaren var Husøy og Trovåg trenarar. Det vart til slutt nokre sigrar utover hausten, men vårsesongen var for dårleg til at det kunne bli noko anna enn sisteplass av sju lag (Sykkylven trekte laget midvegs).
Hadde juniorlaget kunne brukt dei beste kvar kamp kunnne det sikkert blitt KM-medalje, men lagoppstillingane varierte kraftig frå kap til kamp, noko som sjølvsagt ikkje var heldig. Det dukka også opp nokre interne problem i sesongen, noko som mellom anna førte til at ein spelar forlot laget i harnisk over lite speletid.

Toppscorar i 2008 vart Robin Jackson Indreflø.
Ruben-Kenneth Brandal var kaptein dei kampane han spelte.

ARRANGEMENT

_________________________

Ekstraordinært årsmøte Fotballgruppa

Onsdag 12.12.18. Kl. 18.00

Klubbuset

__________________________

Les alt om Grendacupen her:

grendacupen.hareidil.no

__________________________

MiTT VALG KURS

27.oktober

Melshorn Hotell

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR