hareid_il_logo_135.png









 

20.01. DJUPDYKK I ARKIVET: TRE LAGBILETE

193.jpg

17.07. Hareid herrelag 1990

Mellom 1989 og 1990 var Hareid a-lag gjennom eit ganske stort generasjonsskifte. Rutinerte spelarar som Lars Pedersen, Lasse Flø, Lars Pedersen, Knut Strande, Mardon Hjelle og Arve Holstad hadde gitt seg på, og det vart i 1990 derfor opp til yngre Hareid-karar å halde plassen i 2.-divisjon (heitte 3.-divisjon til og med 1990). I tillegg kom det til nokre spelarar frå andre klubbar. Laget gjorde det for så vidt heilt greitt ut frå føresetnadene, men hamna under streken etter ein spennande sluttspurt. Bjørn Andersen frå Ålesund var spelande trenar denne sesongen.

16.07. Hareids beste herrelag

Sommartid er tydelegvis mimretid, og i dag tek vi fram eit par nye (gamle) bilete frå Jønsson-arkivet. Dette er Hareid a-lag i 1988, den beste utgåva klubben nokon gong har hatt. Rett nok enda Hareid på tredjeplass i landsdelsserien (no 2.-divisjon) også i 1987, men denne sesongen var Hareid verkeleg nære nedrykk - og leia serien langt ut på hausten. Det heldt ikkje heilt inn, men Hareid enda i alle fall (for første og einaste gong) over Hødd på tabellen.

15.07. Hareid a-lag 1984

Via Andreas Moldskred i klubbhusstyret har vi fått nokre bilete som Fotograf Jønsson har tatt av ulike lag og personar i Hareid IL opp gjennom åra. Her kjem eit bilete av a-laget vi meiner på må vere tatt sommaren eller hausten 1984. Kjell Tynes starta sesongen som trenar, men slutta ut på våren. Harald Møller leia laget ein periode før han vart assistent under Hans Gisle Holstad, som altså då gjorde comeback (ikkje for siste gong). Holstad og Møller trena også laget i 1985, men den sesongen var ikkje Bjørn Roppen og Kristian Saunes med - så konklusjonen blir at dette biletet er frå 1984. Det året fekk Hareid forresten si til då beste plassering i divisjonssystemet; 4.-plass ei av avdelingane på nivå tre - åtte poeng bak vinnaren Aalesunds FK.

Hareid 1998

Hareid i 1998. Bak frå venstre: Ottar Pilskog (trenar), Tommy Torsvik, Stian André Slotterøy, Asgeir Aursnes, Are Olav Riise, Odd Sverre Urke, Are Pilskog, Cato Hansrid, Ragnar Røyset, Jarle Romestrand (oppmann). Framme: Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar), Dag Harald Moldskred, Egil Øvrelid, Alfonso Pepe, Georg Einar Mork, Klaus Stian Moldskred, Daniel Slettebakk, Hallvar Møller, Kenneth Moldskred.
Hareid i 1998. Bak frå venstre: Ottar Pilskog (trenar), Tommy Torsvik, Stian André Slotterøy, Asgeir Aursnes, Are Olav Riise, Odd Sverre Urke, Are Pilskog, Cato Hansrid, Ragnar Røyset, Jarle Romestrand (oppmann). Framme: Svein Dag Slettebakk (hjelpetrenar), Dag Harald Moldskred, Egil Øvrelid, Alfonso Pepe, Georg Einar Mork, Klaus Stian Moldskred, Daniel Slettebakk, Hallvar Møller, Kenneth Moldskred.

Hareid 1977

Lagbilete av Hareid, truleg teke i 1977.Framme frå venstre: Øystein Alme, Bjarte Husøy, Willy Nesset, Gunnar Aursnes, Lasse Flø, Kjellbjørn Rise, Jon Gjerde, Arve Rise.Bak frå venstre: Odd Elvanes, Harald H. Rise, Svein Elvanes, John Erik Andreassen, Lars Pedersen, Leiv Arne Grimstad, Odd Brandal, Mardon Åsland Hjelle.

Lagbilete av Hareid, truleg teke i 1977.
Framme frå venstre: Øystein Alme, Bjarte Husøy, Willy Nesset, Gunnar Aursnes, Lasse Flø, Kjellbjørn Rise, Jon Gjerde, Arve Rise.
Bak frå venstre: Odd Elvanes, Harald H. Rise, Svein Elvanes, John Erik Andreassen, Lars Pedersen, Leiv Arne Grimstad, Odd Brandal, Mardon Åsland Hjelle.

Hareid 1982

Dette biletet er etter alt å døme frå 1982.
Frå venstre har vi Harald H. Rise, Dennis Slettebakk, Arve Holstad, Arve Teigene, Kisse, Lasse Flø, Gunnar Hareide og Bjørn Steinar Røyset.I midten frå venstre har vi Mardon Aasland Hjelle, Einar Pieroth, Dag Audun Eliassen, Geir Holstad, Erling Hareide, Stig Bekkemellem, Roar Riise og Per Johan Rise.Bak frå venstre: Gunnar Aursnes, Leifen Grimstad, Anders Mork, Lars Pedersen, Tom Fredriksson, Knut Strande, Arne J. Valkvæ og Per Øvrelid.

Dette biletet er etter alt å døme frå 1982.

Frå venstre har vi Harald H. Rise, Dennis Slettebakk, Arve Holstad, Arve Teigene, Kisse, Lasse Flø, Gunnar Hareide og Bjørn Steinar Røyset.
I midten frå venstre har vi Mardon Aasland Hjelle, Einar Pieroth, Dag Audun Eliassen, Geir Holstad, Erling Hareide, Stig Bekkemellem, Roar Riise og Per Johan Rise.
Bak frå venstre: Gunnar Aursnes, Leifen Grimstad, Anders Mork, Lars Pedersen, Tom Fredriksson, Knut Strande, Arne J. Valkvæ og Per Øvrelid.

ARRANGEMENT

MiTT VALG KURS

27.oktober

Påmeldinglink Mitt Valg Kurs 27.10. 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 




   SPONSORAR