hareid_il_logo_135.png









 

HANDBALL

Handball i hareid IL

Handballen kom i gong etter 2. verdskrigen - i 1946 - med damelag. Opptil 50 deltok på treningane den fyrste tida.

I alle dei tre gullalder -åra 1950-51-52 blir Hareid kretsmeistrar i Sunnmøre handballkrets si øvste klasse og tapte ikkje ein einaste kamp. Aktiviteten blir lagt ned i 1953 - og kjem ikkje i gong igjen før i 1971, med eit damelag. Det hanglar nokre år, og så er det slutt igjen.

Den tredje handballepoken med damelag kom i 1984/85, og no blir det for fyrste gong også sett i gong med rekrutteringshandball. Men etter 2-3 år er det dessverre slutt igjen.

Den fjerde handball-epoken blir innleia med utvidinga av idrettshallen ved Hareid ungdomsskule og arbeidet kjem i gang att i 1994. Men denne gongen berre med yngre lag. I denne fjerde bolken har det vore jamn aktivitet - i fyrste rekke med jentelag. Å stille damelag, som i tidlegare tider, lykkast ikkje i denne perioden, etter at bygda fekk full hall.

Den siste tida (frå 2013) har handballen hatt aukande rekruttering, og det er grunn til å tru denne positive trenden held fram. Det er no opp i mot 100 medlem totalt i handballgruppa. Vi har både damelag som stiller i 5. divisjon. I tillegg har vi også 5 aldersbestemte lag.
ARRANGEMENT

Årsmøte Hovudlaget

7.mars kl. 19.00

------------------------

Årsmøte Turn

6. Februar kl.19.00

Årsmøte Friidrett

14.februar kl. 19.00

Årsmøte Handball 

18.februar kl. 18.30

Årsmøte Trim

20. Februar kl. 19.00

Møtestad for alle årsmøter er på klubbhuset.

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL