hareid_il_logo_135.png

20.03. Sparebank Møre Cup 2017

Dato for årets Sparbanken Møre Cup blir 9.september. Hareid IL har fått ny generalsponsor og derfor nytt namn på cupen. Det er tredje året på rad HIL fotball arrangerar aktuelle fotballcup for borna.

Cupen er for gutar og jenter i alderen 7-12 år og blir spelt på kunst og naturgras. Minimum 3 kampar pr lag og vi legg opp til eit effektivt kampoppsett.

Vi ønskjer velkomne til ein fin fotballdag på stadion. Det vil også vere andre familieaktivitetar som vi håpar vil glede små og store!

31.01. BJØRLYKKE NY LEIAR I HAREID IL FOTBALL

Ny leiar for fotballgruppa: Cecilie Bjørlykke. Ho har sidan sommaren 2015 vore leiar i yngres avdeling. Frå no av fungerer ein ny organisjonsplan der det ikkje lenger er noko som heiter yngres avdeling, "fotballstyret" eller sportsleg utval.

Tysdag kveld var det halde årsmøte for Hareid IL Fotball.

31.01. GAMLESTYRET TAKKAR FOR SEG

Frå venstre: Stian Mork Auberg, Einar Orten Trovåg, Vagn Scheide Mork, Eiliv-Tore Howlid, Odd Arve Riise, Lars Roar Holstad, Gunnar Aursnes.
Frå venstre: Stian Mork Auberg, Einar Orten Trovåg, Vagn Scheide Mork, Eiliv-Tore Howlid, Odd Arve Riise, Lars Roar Holstad, Gunnar Aursnes.

I kveld vart det halde årsmøte i Hareid IL Fotball. Vi kjem straks tilbake til kven som er ny leiar. Men la oss første takke av ein del av dei som har vore med i fleire år og som no gir seg i styresamanheng.

29.01. NY SIGER TIL HAREID JUNIOR

William Valde Bigset, her frå ein a-kamp mot Ørsta i fjor, står med fem mål så langt i kvaliken. Totalt har Hareid imponerande 7-0 i målforskjell.
William Valde Bigset, her frå ein a-kamp mot Ørsta i fjor, står med fem mål så langt i kvaliken. Totalt har Hareid imponerande 7-0 i målforskjell.

Hareid-juniorane nærmar seg 1.-divisjon. I dag vann dei 1-0 mot SIF/Hessa etter mål av William Valde Bigset, og med tre sigrar av tre moglege begynner det å lukte 1.-divisjon av laget. To eller tre poeng på dei to kampane mot FK Sykkylven og Herd neste helg bør i alle fall halde. Men det blir sjølvsagt ikkje lett. Kampar og tabell.

29.01. AMUNDSEN TIL HØDD?

Roar Amundsen mot Ørsta i fjor.
Roar Amundsen mot Ørsta i fjor.

29.01. OPPSUMERER 12.5 ÅR MED HAREID-SIDA

EOT på Hareidsmyrane stadion for nokre år sidan.
EOT på Hareidsmyrane stadion for nokre år sidan.

Om nokre få dagar (årsmøte tysdag) går EOT offisielt ut av redaksjonen til Hareid-sida, 12.5 år etter at han begynte å skrive her. I dette intervjuet tek EOT oss med gjennom oppturar og lågmål for Hareid-sida desse åra.

26.01. HAREID MED TO LAG I "ODDEN-CUPEN"

Frå ein Hareid 2-kamp mot Bergsøy 2 i fjor.
Frå ein Hareid 2-kamp mot Bergsøy 2 i fjor.

26.01. SIF/HESSA NESTE FOR HAREID JUNIOR

Hareid opna kvaliken godt med seks poeng på to kampar sist helg. Til helga ventar éin kamp: Mot SIF/Hessa i Sunnmørshallen søndag klokka 14.25. Skulle Hareid vinne vil dei ta eit langt steg mot 1.-divisjonsspel til våren. Tabell og kampar.

26.01. PÅMELDE HAREID-LAG I SENIOR- OG UNGDOMSKLASSANE

Hareid G16 i 2016.
Hareid G16 i 2016.

25.01. ÅRETS FØRSTE TRENINGSKAMP MED LOKALT 4.-DIVISJONSLAG I SVING (TRUR VI)

I alle tilfelle: Hødd II vann 3-1 heime mot Åram/Van.kam., eit lag som hadde ein bra sesong i 5.-divisjon i fjor. Stian Bellen scora målet til ÅVK. Kampen gjekk på nye Høddvoll.

Hareid sin første treningskamp går heime mot Bergsøy om 15 dagar.

24.01. SKADETRØBBEL I A-LAGSLEIREN

Ute i lang tid: Venthan Ketheeswaran.
Ute i lang tid: Venthan Ketheeswaran.

22.01. STERK OPNING PÅ KVALIKEN AV HAREID JUNIOR

Hareid spelte to av sine fem kvalikkampar i dag. Først vart det 2-0-siger mot Langevåg - etter to mål av William Valde Bigset. Deretter vann Hareid 4-0 mot Brattvåg, etter mål av Bigset (2), Martinus Almli og Håvard Øvrelid. Med andre ord ei knallopning på kvaliken, men det står igjen tre tøffe kampar - mot Herd, FK Sykkylven og SIF/Hessa. Truleg treng Hareid fire poeng på desse kampane for å nå 1.-divisjon.

21.01. LOKALFOTBALL: NM-OPPSETTET FOR SUNNMØRSLAGA, 1. KVALIKRUNDE

* Stryn (Nordfjord) - Volda
* SIF - Rollon
* Langevåg - Bergsøy
* Godøy - Herd
* Tomrefjord (Romsdal) - Herd

PS. Vi kan også ta med at Hødd vann 1-0 heime mot Spjelkavik fredag kveld. Tidlegare Hareid-spelar Martin Mork Breivik spelte heile kampen for Hødd.

20.01. DJUPDYKK I ARKIVET: TRE LAGBILETE

193.jpg

20.01. JUNIORKVALIKEN STARTAR SØNDAG

Simon Holstad Grimstad har mykje rutine som seniorspelar. Han har spelt meir eller mindre fast på a-laget i tre år. Men søndag er det junior-kvalik som gjeld.
Simon Holstad Grimstad har mykje rutine som seniorspelar. Han har spelt meir eller mindre fast på a-laget i tre år. Men søndag er det junior-kvalik som gjeld.

Det er seks år sidan sist Hareid kvalifiserte seg til 1.-divisjon junior. Grunnlaget no skulle vere betre enn på fleire år. Men Hareid er useeda og har kome i ei svært tøff gruppe, så enkelt blir det ikkje. Lett er det heller ikkje at Hareid startar med to kampar på éin og same dag.

20.01. TRENINGSKAMPAR MENN SENIOR

Frå ein treningskamp mellom Hareid og Volda i fjor. Hareid-spelarane er kapteinen Ruben-Kenneth Brandal og visekapteinen Torgeir Skeide.
Frå ein treningskamp mellom Hareid og Volda i fjor. Hareid-spelarane er kapteinen Ruben-Kenneth Brandal og visekapteinen Torgeir Skeide.

A-lag:

* Torsdag 9. februar: Hareid - Bergsøy

* Torsdag 23. februar: Hareid - Emblem

* Torsdag 2. mars: Hareid - ÅVK

* Tysdag 7. mars: Volda - Hareid

* Torsdag 9. mars: Hareid - Hovdebygda

(Ledig plass til kamp her.)

* Tysdag 4. april: Hødd II - Hareid

* Tysdag 11. april: LGFK - Hareid

Hareid 2:

* Tysdag 7. februar: Hareid - Åmdal

* Torsdag 16. februar: Hasundgot - Hareid

* Tysdag 14. mars: Åmdal - Hareid

(+ 2 kampar til)

19.01. OPTIMISMEN TILBAKE I HAREID 2-LEIREN

Emil Johannes Dahlen Folkestad og Arthur Hareide i ein duell i ein bortekamp mot Tjørvåg i fjor.
Emil Johannes Dahlen Folkestad og Arthur Hareide i ein duell i ein bortekamp mot Tjørvåg i fjor.

17 mann møtte opp då Hareid 2 hadde oppstartsmøte torsdag kveld.

19.01. HAREID MED ÅRETS ANDRE SIGNERING

Hareid har ny keeper på plass.
Hareid har ny keeper på plass.
1234...331Neste
ARRANGEMENT

Påmeldingslink SBM Cup 9.september 2017

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
       Arrangement

Påmeldingslink FFO haust 2016

Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

   SPONSORAR