hareid_il_logo_135.png









 

15.09. Hareid - Surnadal 2-3: Ujamt i vinden

Det ville seg ikkje heilt for Hareid denne laurdagen, her ved Lars Andreas Dahlen Folkestad og Ole André Kragset (20).
Det ville seg ikkje heilt for Hareid denne laurdagen, her ved Lars Andreas Dahlen Folkestad og Ole André Kragset (20).

Hareid kunne ha tatt poeng etter ein godkjent 2. omgang, men totalt sett vart det litt for ujamt denne laurdagen.

Hareid stilte med seks juniorar frå start (inkludert to gutespelarar og ein som har spelt juniorfotball som overårig). Det er eit godt teikn for framtida.

Men i 1. omgang spelte ikkje Hareid særleg godt. Kanskje var det vinden, eller mangelen på ein rutinert spelar eller to. I alle tilfelle sleit Hareid med å ta ned ballen og halde han i laget. Det vart litt for heseblesande. Surnadal kom seg ved nokre høve for lett gjennom Hareid-forsvaret. Både etter ni og 23 minutt scora Kjetil Rønning etter passivt forsvarsspel.

Mot slutten av 1. omgang heva Hareid seg, og det var vel rettvist at heimelaget reduserte ved Ola Kalvø Vattøy etter 40 minutt. Fredrik Andresen sette fart på høgresida og la inn til Georg Eikrem Olsen, som serverte til Vattøy. Midtbanespelaren avslutta i mål frå skrått hald.

Hareid-sida sin redaksjon var ikkje til stades etter pause, men vi får opplyst at Hareid heva seg spelemessig. Men først la Svein Todalshaug på til 3-1 etter 51 minutt. To minutt seinare vart Ronny Jørgensen spelt gjennom og reduserte sikkert til 2-3.

Utover i kampen hadde Hareid sjansane til å utlikne, men verken Olsen eller Vattøy lukkast på gode moglegheiter.

Dermed vann Surnadal 3-2 i ein relativt jamn kamp, der eit ungt Hareid-lag i periodar viste mykje bra. Men alt i alt vart det litt for ujamt, og totalt sett var dette nokre hakk svakare enn det som vart vist i Fræna sist helg.

Kampfakta
3.-divisjon avdeling 9, runde 21
Hareid – Surnadal 2-3 (1-2)
Hareidsmyrane stadion
Ca. 30 tilskodarar
Mål: 0-1 Rønning (9), 0-2 Rønning (23), 1-2 Vattøy (40), 1-3 Todalshaug (51), 2-3 Jørgensen (53)
Dommar: Øystein Simon Ytterland, IL Valder
Gule kort: Olsen og Brekke (begge Hareid)
Hareid (4-3-3): Vagn Scheide Mork - Audun K. Øvrelid, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Ole André Kragset, Martin Mork Breivik - Thor-Ove Brekke (K), Alexander Nevstad, Ola Kalvø Vattøy - Fredrik Andresen, Ronny Jørgensen, Georg Eikrem Olsen + Antoni Gardshol, Tore Johan Ytre-Hauge, Christer Adrian Mork

Hareid-børsen:

Mork 6, Øvrelid 5, Kragset 5, Folkestad 5, Breivik 6, Vattøy 6, Brekke 5, Nevstad 5, Andresen 5, Jørgensen 6, Olsen 5.

ARRANGEMENT

KLUBBKVELD

Tema:

"Frivilligheit" 

4.april kl.18.00

Hareidhallen

 

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR